Presidentdebatten i USA la fredag eit relevant bakteppe for Norske historiedagar 2024. Dette er den største møteplassen for historikarar i Noreg, og årets konferanse er lagt til Nord universitet i Bodø i anledning Bodø2024.
30 år etter avstemminga om norsk tilknyting til EU er tema for historiedagane «dikotomisering». Det vil seie beskrivinga av motsetnadar.
I ei tid med fake news og konspirasjonsteoriar, blir det framleis viktig å ha folk som veit å skilje fiksjon og fakta.
Det er eit bakteppe dekan Elisabeth Ljunggren ved Fakultet for samfunnsvitenskap (FSV) ikkje lét gå uanfekta forbi.
– Desse dagane kjem svært betimeleg idet etterdønningane kom etter nattas presidentdebatt i USA, sa Ljunggren under opninga.
– Den vitskapsbaserte kunnskapen er viktig. Difor er det både synd og farleg å kutte i fagleg sektor, sjølv om eg ikkje reknar med å få noko, sa ho, og retta seg til kunnskapsminister Oddmund Løkensgard Hoel, som sjølv er historikar.
Rekordstor søking til historie
Faktum er at mange må kunne lese og forstå alt som blir sagt og skrive i det offentlege ordskiftet. I dette ligg også viktigheita av å sette hendingar i kontekst til historia.
Noko også ungdommen no ser ut til å forstå.
– Vi har rekordstor søking til årets opptak historie, fortalde Ljunggren.
Ei ibuande kraft
Det gleder ministeren.
– Vi treng folk som kan forstå kva som blir sagt og skrive, og som kan skrive godt og balansert. Eg trur aldri historiefaget går av moten. Årsaka er ønsket om å forstå fortida. Den er ibuande hos oss menneske. Slik at det kan aldri bli for mange historikarar, sa Hoel.
Norske historiedagar blir arrangert av Den norske historiske foreining, lokallaget i Bodø (Hifo Bodø), i samarbeid med Nord universitet.
Norske historiedagar 2024
blir arrangert i Bodø 27.–30. juni 2024, og er den største nasjonale møteplassen for historikarar i Noreg. Her treffast historikarar på tvers av fagfelt og interesser, frå arkiv, bibliotek, skulen og universiteta til årlege diskusjonar om dagsaktuelle tema knytt til historisk utvikling.
Arrangementet er eit samarbeid mellom vertsinsitusjonen, normalt ein høgskole eller eit universitet med historieundervisning. I 2024 skjer arrangementet på Nord universitet i Bodø og er knytt tett til tema som aktualiserast gjennom Bodø2024 – Bodø som europeisk kulturhovudstad.