
Stephen Nkesah frå Ghana disputerte nyleg ved Handelshøgskolen Nord. Hans forsking viser at kvinner har større betalingsvilje enn menn om dei kan køyre på tryggare vegar. Foto: Inger E. Eftevand Orvin
Hendinga fann stad medan han tok master i Molde. Det var vinter, det var glatt, og vegane var som vi alle kjenner dei: Smale, svingete og bratte.
− Eg køyrde frå ei ferje, på veg tilbake til byen. Dette vegstykket var eigentleg for ein snarveg å rekne, og lite eigna for større køyretøy. Men den traileren eg møtte hadde det kanskje travelt med å nå den same ferja, han kom i motsett køyretetning og hadde valt snarvegen. Dette valet syntest Nkesah lite om. For der, i det brattaste partiet, trefte han traileren. Sjølv køyrde han oppover, traileren kom nedover og klarte ikkje å stoppe.
− Eg bad nok til Gud der og då. I dag kan han smile litt av hendinga.
− Det gjekk bra, men eg var veldig nær å hamne utanfor vegen.
Kva gjer oss risikovillige?
Opplevinga sette ein støkk i den nybakte vintersjåføren frå Ghana, og han blei veldig nysgjerrig på kva det er som gjer nordmenn så risikovillige i trafikken.
− Kor mykje er vi eigentleg villige til å betale for å sleppe å møte tungtrafikk på nordnorske vintervegar? Det blei eitt av forskingsspørsmåla Stephen Nkesah bestemte seg for å finne svar på då han tok fatt på doktorgradsarbeidet ved Nord universitet.
Sjekka betalingsvilje
Dermed valde han seg ut 10 område i Nordland, utanfor dei største byane. Blant anna Fauske, Saltdal og Moskenes. Han tok utgangspunkt i offisielle gjennomsnittstal for køyrelengde per biltur, som er 24 kilometer. Vidare sende han ut spørjeskjema, 261 personar svara. Hovudspørsmålet var: Kor mykje er du villig til å betale per tur for å unngå å treffe trailarar på vegen?

Stor kjønnsforskjell
Gjennomsnittleg svara bilførarane i undersøkinga at dei var villige til å betale 20,50 kroner viss vegstandarden tilsa at dei ikkje trong å møte trailarar på vegen.
− Men, seier Nkesah. Her var det ein stor kjønnsforskjell. Kvinnene var villige til å betale heile 35 kroner for ein slik risikofri køyretur. Mens for menn var gjennomsnittsbeløpet berre ni kroner. Kvifor menn er meir risikovillige i trafikken, inngår ikkje i Nkesahs undersøking. Men ein ting er sikkert: Ifølgje denne undersøkinga er kvinnelege sjåførar betydeleg meir villige til å betale for trygg reiserute. Forskaren meiner at desse opplysningane om trafikantane si økonomiske tålegrense kan vere nyttige for myndigheitene når nye vegprosjekt blir vurderte.
Look to Norway
Ein fellesnemnar i Nkesahs doktorgradsarbeid er berekraft. Trygg trafikk er berekraftig trafikk. Men det stoppar ikkje der. Også utsleppsproblematikk er tema for forskinga hans. Med eit «Look-to-Norway»-utgangspunkt har han analysert kva «pulls and pushes» norske myndigheiter har brukt for å fremje utsleppsfri trafikk. Det vere seg tilskotsordningar eller reguleringsbestemmingar.
− Dette er det stor interesse for rundt om i verda, seier han. Sjølv kjem han frå eit land med ei einaste ferje. Den går over ei elv, og tek ca. 45 minutt.
− Det seier seg sjølv at utsleppsfrie ferjer gjer ein større forskjell når vi i Noreg har 130 ferjestrekningar som er ein del av vegnettet. Denne tankegangen er ny mange stader, og derfor er det utruleg spennande å bidra til å gjere Noreg si utsleppsfri-satsing kjend, avsluttar Stephen Nkesah.
Stephen Kwasi Nkesah disputerte for graden Philosophiae Doctor (ph.d.) ved Handelshøgskolen, Nord universitet, mandag 3. mars 2025.
Tittel på avhandlingen:
Toward more sustainable road freight transport
Tittel for prøveforelesningen:
Evaluating Fuel Taxes and Road Pricing: Stimulating Sustainability in Freight Transport