
Klar for å ta debatten: – Lokalpolitikarar blir ofte idiotforklarte, og måten dei blir omtala på gjer at vi kan miste folk til politikken både lokalt, regionalt og nasjonalt, seier Røyrvik-ordførar Kennet Tømmermo Reitan. 13. mars sit han i panelet under Lytring i Levanger. Foto: Røyrvik kommune.
Torsdag 13. mars er det klart for Lytring på Røstad Scene i Levanger, der mellom anna Røyrvik-ordføraren sit i debattpanelet.
Diskusjonen denne gongen skal handle om at dei lokale media ikkje lenger får tak i tilsette med rett kompetanse. Ifølgje ei studie frå 2023 kan dette utgjere ein demokratisk trussel og auke sjansen for at korrupsjon og systemsvikt ikkje blir oppdaga.
Ei demokratisk utfordring
Studien viser at lokale media har store problem med å få tak i tilsette med journalistutdanning. Årsaka? Dei nyutdanna journalistane vil heller jobbe i dei store nasjonale media.
Bak studien står mellom anna forskar Birgit Røe Mathisen, som også tek plass i Lytring-panelet. I ein kronikk i M24 skriv ho:
«Det er eit paradoksalt sprik mellom studentane si oppfatning og dei oppgåvene redaktørane i dei lokale media sårt treng dei til. For redaktørane leitar etter unge digitale hovud som kan jobbe fleirmedialt og styrkje dei små redaksjonane gjennom det digitale skiftet. Dei ønskjer unge journalistar med god forståing av yrkesrolla, og som har evne og kunnskap til å drive kritisk og undersøkande journalistikk.
Men for å fylle ledige stillingar, må redaktørane hanke inn «folk frå gata», utan journalistisk utdanning eller erfaring», skriv Røe Mathisen.
Meir negativt lada journalistikk
Ordførar Kennet Tømmermo Reitan i Røyrvik meiner lokalavisenes utfordringar gir seg utslag i meir negativt lada journalistikk.
– Eg opplever at lokalavisene i dag er mykje meir opptekne av å lage saker som gir klikk. Då prioriterer dei heller dei negative sakene. All den negative omtalen lokalpolitikarar får, er ei demokratisk utfordring, seier Reitan.
– Å stå i så mange negative saker gjer noko med eit lite samfunn. Dette er noko det må snakkast om i fleire forum, seier ordføraren frå Røyrvik, som ser fram til debatten under Lytring 13. mars.
Panelet i denne utgåva av Lytring består i tillegg til Kennet Tømmermo Reitan av: forskar og professor Birgit Røe Mathisen ved Nord universitet, redaktør Espen Leirset i mediehuset Innherred, samt politikar og samfunnsdebattant Trond Åm. Debatten blir leia av Andrea Tiltnes frå Adresseavisen.
Kontaktinfo:
- Birgit Røe Mathisen: birgit.r.mathisen@nord.no / tlf. 913 76 046
- Kennet Tømmermo Reitan: kennet.tommermo.reitan@royrvik.kommune.no / tlf. 954 42 341
- Espen Leirset: espen.leirset@innherred.no / tlf. 413 06 708
- Trond Åm: trond-gronli.am@trondheim.kommune.no / tlf. 954 42 341
- Andrea Tiltnes: andrea.tiltnes@adresseavisen.no
- Anki Gerhardsen, redaktør og leiar for Lytring: anki.k.gerhardsen@nord.no / 917 30 317
Lytring kan du også sjå direkte og i opptak på lytring.no
