No skal forskarane finne ut kva kvalane snakkar om

No skal forskarane finne ut kva kvalane snakkar om
Kvalforskar Heike Vester og teamet hennar kombinerer langtidsstudium med kunstig intelligens for å auke kunnskapen om spekkhoggarar og grindkval langs norskekysten.

Vestfjorden, sommaren 2022, ein times båttur frå Napp i Lofoten. Nokre hundre meter frå gummibåten ser marinbiolog Heike Vester ryggen på ein kval bryte havoverflata. Det er som ei øy som stig opp av vatnet. Først to tredelar kval. Ti, tjue meter. Så den vesle ryggfinnen.

– Eg tenkte at «oi, det liknar ein blåkval, men det kan det jo ikkje vere. Det finst ikkje blåkvalar her».

Vester har sett blåkval før, i chilensk Patagonia, og i ettertid tenkjer ho at ho burde ha skjønt det med ein gong. Oppførselen er så karakteristisk. Han kjem opp for å puste fleire gonger, med minst ti minutt dykke mellom kvar gong. Så blir han borte. Han er ikkje nysgjerrig, bryr seg ikkje om folk og båtar, held berre på med sitt.

– At blåkvalane er tilbake her i nord er eit godt teikn. Vestfjorden har tradisjonelt vore eit blåkvalområde, og no kjem han tilbake hit, til beiteområda sine. Vi har sett han her i år òg, seier Vester.

Forsker med headset på kontor
Forskar på kval. Heike Vester har forska på kommunikasjon mellom spekkhoggarar og grindkval i Vestfjorden i meir enn 20 år. No blir arbeidet hennar ein del av forskinga ved Nord universitet. Foto: Marthe Molstre/Ocean Sounds.

Kvar familie med sitt tonefall

Dei enorme sjøpattedyra vandrar, leitar etter mat. Bardekvalane, som blåkvalen, leitar etter store konsentrasjonar av dyreplankton som dei kan flytte på, pakke saman i vassmassane ved hjelp av den enorme kroppen.

Tannkvalane derimot, som grindkval og spekkhoggarar, jaktar på fisk, sel og blekksprut. Vester har studert kval langs kysten av Lofoten og Vesterålen i meir enn tjue år, og meiner ho kjenner att dei fleste spekkhoggarane og grindkvalane som ferdast langs morskekysten.

No har Vester ei bistilling ved Nord universitet, der ho underviser om marine sjøpattedyr.

Gjennom Ocean Sounds, ein ideell organisasjon ho starta i 2005, har ho opparbeidd ein omfattande database med foto-ID og lydopptak av kalleropa til dei ulike gruppene av spekkhoggarar og grindkvalar i Vestfjorden. Både vandringsmønster og åtferd er kartlagde.

– Ein kan ofte høyre på kalleropa kva familiegruppe kvalane høyrer til. Særleg hos grindkval. Kvar familiegruppe har si dialekt, fortel Vester.

Følgjer mora heile livet

Medan grindkvalane lever i store grupper på opptil 200 dyr, lever spekkhoggarar i mindre familiegrupper. Ei slik gruppe består gjerne av 6–12 dyr, med ei eldre ho, avkommet hennar, og avkommet til døtrene hennar. Sonenes avkom ser ho ikkje noko til.

Hannane hos spekkhoggarane er nemleg kroniske mammadaltar. Dei forlèt berre flokken i nokre timar for å pare seg, før dei vender tilbake til si eiga mor.

– Eg vil ikkje kalle spekkhoggarane for matriarkalske. Vi kan ikkje sjå noko hierarki i gruppa. Men dei held seg til mora heile livet. Difor kallar vi dei heller for matri-lineære, forklarer Vester.

Mykje tyder på at den eldre hoa, som kan leve i fleire tiår etter at ho sjølv ikkje lenger er fruktbar, beskyttar sønene sine i tillegg til å leie flokken sin til område der dei finn mat. Og då er det ikkje berre sild dei leitar etter.

– I Vestfjorden har eg sett grupper på fem til ti dyr som jagar saman etter laks. Eg har òg sett ei gruppe som jaga sel, seier Vester.

Forsker med kamera på havet med hval
Sosiale. Grindkvalar er sosiale dyr og opptrer i store grupper, nokre gonger med opp til 200 dyr i gruppa. Foto: Tobias Kostial/Ocean Sounds

Ulike rop for ulik jakt

Vester har kartlagt over 150 ulike kallerop hos grindkvalane. Spekkhoggarane brukar nær hundre.

I 2011 følgde ho to spekkhoggargrupper samanhengande i meir enn tre månader. Då oppdaga ho at spekkhoggarane brukte eit eige lydrepertoar når dei jaktar på villaks, som er annleis enn det dei brukar når dei jaktar sild.

– Kvalane brukar kompliserte rop, sette saman av element som kan likne vokalar. Vi veit at ropa er strukturerte og at dei er bygde opp av dei same elementa som språk.

No samarbeider Vester med Friedrich-Alexander-Universität i Tyskland for å forstå strukturen i kommunikasjonsmønsteret. Professor Elmar Nöth og teamet hans har forska på bruk av kunstig intelligens (KI) og kommunikasjon hos dyr i mange år, og kallar spekkhoggarane for pratsame dyr. No ser han fram til å la algoritmane analysere lydopptaka frå Vestfjorden.

– Det som er så bra med desse dataa er at opptaka er knytte til observasjonar. Vi veit kva familiegruppe vi høyrer. Vi veit kva som er kallerop og kva som berre er bakgrunnsstøy.

Gir innsikt om tilstanden

Med hjelp av KI håper forskarane å kunne skilje mellom kalleropa kvalane brukar når dei vandrar, jaktar, forheld seg til båtar eller gjer andre ting.

– Dette kan bli nyttig når ein skal overvake bestandane og tilstanden dei er i. Om vi for eksempel veit at vi har like mange spekkhoggarar i fjorden som før, men at talet på kallerop for matleiting er halvert, så seier det noko om situasjonen for dyra, seier Nöth.

Vesters forsking på spekkhoggarar og grindkval blir no ein del av forskinga ved Nord universitet.

– Vi treng meir kunnskap. No kan vi kombinere mine langtidsstudium med ny teknologi, slik at vi betre kan forstå heile økosystemet, seier Vester, som særleg er oppteken av at kvalane må beskyttast betre mot støy.

Hvaler oppe og puster
Kallelydar. – Ein kan ofte høyre på kallelydane kva familiegruppe kvalane høyrer til. Særleg hos grindkval. Kvar familiegruppe har si dialekt, fortel kvalforskar Heike Vester. Foto: Heike Vester/Ocean Sounds.

Stadig meir støy

I eit lydopptak av spekkhoggarar som kallar på kvarandre medan dei jaktar på sild, kan ein høyre lyden av ein båtmotor som nærmar seg. Etter kvart som båten kjem nærare, minkar kalleropa i styrke. Kommunikasjonen mellom kvalane stoppar opp.

– Det er heilt tydeleg at bråket påverkar kvalane, seier Vester.

Då pandemien starta i 2020, måtte Vester setje alt feltarbeid på vent og reise heim til Tyskland. Då ho kom tilbake til Bodø og Vestfjorden etter pandemien, merka ho ein tydeleg endring.

– Det har blitt mykje meir støy i havet langs kysten. Bråket frå båtmotorar har auka så mykje at det ikkje finst tider på døgnet der det er stille. Cruiseturismen har auka, men det er òg blitt meir transport med båt. Dessutan blir det framleis skyte seismikk ved inngangen til Vestfjorden.

Særleg sterk er støyen frå militære fartøy.

– Heldigvis er dei ikkje i Vestfjorden heile tida. Men transportskip og cruiseskip er der. Heile tida.