Nord går inn i NorPal – skal bidra til å byggje opp att palestinsk utdanning

Nord går inn i NorPal – skal bidra til å byggje opp att palestinsk utdanning
Nord universitet har slutta seg til NorPal, eit nytt nettverk av norske utdanningsinstitusjonar som saman vil støtte og styrkje palestinsk høgare utdanning og forsking.

Krig og øydeleggingar har sett djupe spor i Palestina og Gaza. Universiteta ligg i ruinar, mange studentar og tilsette er drepne, og store delar av utdanningssystemet er sett ut av spel. FN har slått fast at utdanning er ein menneskerett, men for palestinske ungdomar er denne retten no sterkt truga.

NorPal – Norwegian Consortium for Palestinian Higher Education – blei etablert i mai 2025. Målet er å samle norske universitet og høgskular om ei felles satsing for å bidra til gjenoppbygging og framtidig utvikling. Arbeidet skal skje i tett dialog med norske styresmakter og verkemiddelapparatet, og vil handle om mobilitet for studentar og tilsette, felles forskingsprosjekt og støtte til institusjonar som har mista inntektene sine.

– Situasjonen på Gaza er frykteleg, og dei menneskelege lidingane er ekstreme. Minst 900 studentar og 300 universitets­tilsette er drepne. Bygningar, utstyr og teknologi er utsletta, sa Monica Rolfsen, prorektor ved NTNU og styreleiar i NorPal, då nettverket blei etablert i mai i år.

Rose Martin representerer Nord universitet

Portrett av en kvinne i sort jakke og høyhalsa genser foran et opplyst bygg. Foto
Inn i NorPal-styret: Rose Martin, dekan ved Nord universitet, og Nord universitet sin representant i NorPal-styret. Foto: Adrian Svendsen Bensvik.

Nord universitet blir representert i styret for NorPal av dekan Rose Martin ved Fakultet for lærarutdanning og kunst- og kulturfag. Ho har mange års erfaring frå Palestina og nærområda, både som forskar og feltarbeidar.

– Situasjonen i Palestina og Gaza er prekær, også innan utdanning og forsking. Alle universitet i Gaza er anten øydelagde eller sette ut av drift, seier Martin.

Ho peikar på at dagens moglegheiter for utdanning er svært avgrensa.

– Det er nesten berre mogleg å studere på nett. Nokre studentar prøver framleis å gjennomføre eksamenar, men dei treng hjelp. NorPal kan bidra både no og i framtida.

Situasjonen i Palestina og Gaza er prekær, også innen utdanning og forskning. Alle universiteter i Gaza er enten ødelagt eller satt ut av drift.

Rose Martin

For Martin handlar det også om å tenkje langsiktig.

– Vi håpar at tilhøva ein dag vil endre seg, og at det kjem ei tid for gjenoppbygging. Då vil behovet for hjelp vere enormt, også innan kunnskap og utdanning, seier ho.

Ho minner om at utfordringane ikkje er nye.

– Eg har sjølv budd og forska i Palestina. Det å vere student der har vore svært vanskeleg i fleire tiår, også lenge før 7. oktober 2023. Checkpoints og restriksjonar har gjort det tungt å drive både utdanning og forsking, og internasjonalt samarbeid har ofte blitt systematisk hindra.

Koordinert av SAIH

Arbeidet i NorPal blir leia av Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond (SAIH). Leiar Selma Bratberg meiner initiativet viser at akademia kan spele ei viktig rolle.

– Utdanning er ein menneskerett, og det viktigaste verktøyet for frigjering. Når utdanningsinstitusjonar blir bomba, studentar blir drepne og akademisk fridom blir knebla, må det internasjonale samfunnet reagere. Denne responsen bør vere koordinert. NorPal viser at norske universitet og høgskular er viljuge til å ta ansvar, seier ho

NorPal viser at norske universitet og høgskular er viljuge til å ta ansvar.

Selma Bratberg, SAIH

Fakta: NorPal – Norwegian Consortium for Palestinian Higher Education

  • Etablering: Mai 2025
  • Formål: Samle norske universitet og høgskular for å støtte gjenoppbygging og utvikling av palestinsk høgare utdanning og forsking
  • Koordinering: Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond (SAIH)
  • Medlemsinstitusjonar:  Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo, Høgskolen på Vestlandet, Høgskolen i Østfold, Kunsthøgskolen i Oslo, NMBU, Norges musikkhøgskole, Norsk studentorganisasjon, NTNU, OsloMet, SAIH, Universitetet i Oslo, Universitetet i Stavanger, Universitetet i Sørøst-Norge, UiT Norges arktiske universitet, VID vitenskapelige høyskole og Nord universitet.