Nord universitet ti år – ein motor for verdiskaping og befolkningsutvikling

Nord universitet ti år – ein motor for verdiskaping og befolkningsutvikling
I år er det ti år sidan Nord universitet vart etablert.

Ti år etter at Universitetet i Nordland, Høgskolen i Nesna og Høgskolen i Nord-Trøndelag fusjonerte og vart til Nord universitet i 2016, kan vi slå fast at Nord universitet er ein motor for verdiskaping og befolkningsutvikling i regionen vår.

Jubileumsstafett frå nord til sør – kajakk, drone, løping og mange ulike arrangement

Voksen mann i gråblå jakke - pent kledt - foto
Levi Gårseth-Nesbakk, fungerande rektor ved Nord universitet. Foto: Adrian Svendsen Bensvik

Nord universitet skal markere tiårsjubileet med ein stafett som går frå det nordlegaste studiestaden i Stokmarknes i Vesterålen, ned til Bodø, Nesna, Mo i Rana, Namsos, Steinkjer, Levanger og Stjørdal.

– Dette ser vi fram til. Betydninga av sterke kompetansemiljø som er bygde opp over tid, og aktive studentbyar og studiestader, er viktig for regionen vår og verkeleg verd å markere, smiler Levi Gårseth-Nesbakk, fungerande rektor ved Nord universitet.

Startskotet for Nord-stafetten går 16. mars i Stokmarknes. Derfrå skal studentar, tilsette og samarbeidspartnarar bringe stafettpinnen sørover ved mellom anna å løpe, ta båt, padle kajakk, gå, fly og køyre.

Det blir bursdagskake og ulike arrangement på alle dei åtte studiestadene ved Nord universitet.

Ny kunnskap og unge som blir i regionen etter utdanninga

I løpet av dei ti åra Nord universitet har eksistert, har 12 467 personar fullført ein bachelorgrad ved Nord universitet. I same tidsperiode har 5 261 personar fullført ein mastergrad ved universitetet, og 257 personar har fullført doktorgradsutdanning.

– Vi har utdanningar og kompetanse som samfunnet rundt oss har stort behov for, seier Gårseth-Nesbakk. Kandidatundersøkinga viser at 72 prosent av studentane får sin første jobb før fullført utdanning. Sju av ti blir i regionen etter endt utdanning.

Å halde fram med å utvikle ny kunnskap saman med lokale, nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar blir viktig i tida framover. Nyleg vedtok styret ved Nord universitet å etablere eit femte doktorgradsprogram innan helsevitenskap. Nord styrkjer no også deltakinga i internasjonale samarbeidsalliansar som SEA-EU, UArctic og Arctic Six.

Ringverknadsanalyse: Nord universitet skaper store verdiar

I samband med tiårsjubileet er det gjort ein analyse av betydninga Nord universitet har og har hatt for regionen. Ringverknadsanalysen er gjennomført på oppdrag frå rektoratet.

– Nord universitet er ein sterk økonomisk og demografisk motor for landsdelen. I 2024 hadde universitetet ei samla brutto verdiskaping på 3,9 milliardar kroner, opplyser Evgueni Vinogradov, Creative Director i LOS Analytics AS.

Dersom ein estimerer verdiskapinga Nord universitet har hatt over ti år, ligg ho på mellom 30 og 40 milliardar kroner.

Fleire unge innbyggjarar og ein sunnare arbeidsmarknad

I ei tid prega av lågare ungdomskull, behov for å utvikle ny kunnskap og kamp om hender og kompetanse i arbeidsmarknaden, er Nord universitet ein sentral økonomisk aktør i regionen. Professor Anatoli Bourmistrov og professor Gisle Solvoll ved Handelshøgskolen Nord ved Nord universitet, saman med Evgeni Vinogradov, Creative Director i LOS Analytics AS, står bak analysen.

Forskarane opplyser at ringverknadsanalysen viser at tilstadeveret av universitetet bidreg til fleire unge innbyggjarar og ein sunnare arbeidsmarknad i regionen.

Visste du at …

• I løpet av 10 år har 257 gjennomført doktorgrad ved Nord universitet?
• I løpet av 10 år har 12 467 personar fullført ein bachelorgrad ved Nord universitet?
• I løpet av 10 år har 5 261 personar fullført ein mastergrad ved Nord universitet?
• I løpet av 10 år har 43 784 personar fullført ein grad eller teke etter- og vidareutdanning (EVU) ved Nord universitet?

Faktaboks om Nord universitet:

  • Etablert i 2016
  • 11 800 studentar
  • 1 400 tilsette
  • Tilbyr i dag 47 bachelorprogram og 35 masterprogram
  • Fire doktorgradsutdanningar. Styret ved Nord universitet vedtok nyleg å etablere ein femte doktorgrad innan helsevitenskap
  • Sju av ti blir i regionen etter endt utdanning
Kontaktperson