– Mange av problemstillingane som verda står overfor, blir sette på spissen på Svalbard. Det handlar om energiomstilling, klimaendringar og auka geopolitisk spenning. Ved å forstå kva som skjer på Svalbard, kan ein lage betre politiske løysingar.
Det seier Tiril Vold Hansen, som er stipendiat ved Nord universitet.
På Svalbard heng alt dette tett saman. Når kolkraftproduksjonen no er i ferd med å bli fasa ut, treng Noreg ein annan grunn for å sikre at den strategisk viktige øya i nord held fram med å vere norsk. Og det er her miljøpolitikken kjem inn.
Protestar
– Kolproduksjonen har vore sjølve grunnlaget for dei viktige norske busetnadene på Svalbard. Når kolet blir borte, korleis skal Noreg då understøtte suvereniteten vår der? Løysinga til norske styresmakter er å bruke miljøregulering for å oppnå dette målet. Norske reglar og lover gjeld – det er Noreg som bestemmer, seier Vold Hansen.
Strengare miljølovgiving på Svalbard har ikkje kome utan protestar. Reiselivsnæringa har fått mindre spelerom, med krav om at turistane må halde større avstand til isbjørn og kvalross, i tillegg til andre avgrensingar.
Ønsket frå norske styresmakter om å ta vare på naturen er reelt, men ikkje heile forklaringa på innstrammingane, meiner Vold Hansen.
– Samtidig har det kome endringar også på andre område, og dette må vi sjå i samanheng, seier ho.
Strammar grepet
Tradisjonelt har samfunnet på Svalbard vore prega av mangfald – meir enn 30 prosent av innbyggjarane er internasjonale.
Også der har det skjedd endringar: Frå 2022 kom det krav om at dei, for å kunne stille til val i lokalstyret på Svalbard og ha røysterett, måtte ha minst tre års butid på norsk fastland. Det ramma fleire hundre av dei 2 500 innbyggjarane på øya.
Det har i tillegg blitt vanskelegare å vere tilsett i privat næringsliv, mellom anna fordi dei, i motsetnad til offentleg tilsette, ikkje har rett til bustad.
– Longyearbyen har vore kjent for å vere eit raus samfunn. No føler mange at desse signala gjer at fellesskapen slår litt sprekkar. Det blir eit skilje mellom norske og ikkje-norske og mellom statlege og private tilsette.
– Men dette er ein del av den overordna politikken. Noreg strammar grepet om Svalbard, seier Vold Hansen.
Manglande openheit
Ho meiner norske styresmakter godt kan vere meir opne om grunnen til at dei endrar politikken på denne måten. Samtidig har ho forståing for at politikarane fryktar diskusjonar om Svalbardtraktaten.
Då er miljøpolitikken eit greitt verkemiddel – å sørgje for reglar som tek vare på sårbar natur og samtidig støttar norsk suverenitet, gjer at styresmaktene unngår å opne opp for den debatten.
Det var studiar i nordområda ved Nord universitet som sette i gang interessa hennar for det som skjer på Svalbard. Ho gjekk vidare frå bachelor til masterstipendiat ved Fridtjof Nansens institutt. Etter eit år i jobb ved Krisesentersekretariatet i Oslo, starta ho på doktorgraden i sosiologi. Målet hennar no som den nærmar seg avslutting, er å jobbe vidare med Svalbard-tematikk.
– Ein kan lære veldig mykje som er relevant for dei store problemstillingane andre stader ved å studere Svalbard-politikk. Eg vil gjerne halde fram med same tema, seier Tiril Vold Hansen, som disputerer 17. desember 2024 (sjå faktaboks).
Disputas: Tiril Vold Hansen
Tiril Vold Hansen skal halde prøveforelesing og disputas for graden Philosophiae Doctor (ph.d.) i sosiologi ved Fakultet for samfunnsvitskap, Nord universitet.
Tittel på avhandlinga:
Power and Interests in Norway’s Svalbard Policies
Tid for prøveforelesing: 10:15 – 11:15
Tid for disputas: 12:15 – 15:30
Stad: Nord universitet, Bodø - A13 Elias Blix og streaming
Disputas: Tiril Vold Hansen