
Samarbeidsprosjekt: Redaktør Grete Modell Grande saman med nokre av forskarane som har bidratt med kapittel i antologien. Frå venstre Kåre Haugan, Anna Marie Holand, Leiv Sem og Camilla Sandvik. Foto: Bjørnar Leknes.
Med boka «Matkulturer i Norge» tek ho og fleire forskarar eit viktig steg for å styrke kunnskapen om samisk og nasjonal minoritetsmat i barnehage og skule.
I ei tid der læreplanar krev meir kunnskap om samiske forhold, heng ikkje lærestoffet alltid med. No kjem det hjelp. Den nye antologien gir ei unik innføring i mattradisjonar frå samiske, kvenske/norskfinske, skogfinske, jødiske, romske og romani/tatarske miljø.
– Det er eit stort behov for meir innsikt i desse matkulturane, spesielt i barnehage og skule, seier Grande.
Ho er ein av tre redaktørar for boka, som er eit samarbeid mellom 22 forfattarar frå elleve ulike institusjonar.
Mat som døropnar for forståing
Boka tek for seg konkrete døme frå kjøkken og matbord, og viser korleis mat kan vere ein nøkkel til kulturforståing og respekt.
– Vi har gått inn i arbeidet med stor grad av audmjuke og respekt. Dei fleste av oss har ikkje direkte tilknyting til dei gruppene vi skriv om, seier Grande.
Ho understrekar at boka ikkje gir ein fasit på dei ulike matkulturane, men opnar for refleksjon og vidare læring.
Dette handlar om å byggje kunnskap, forståing og respekt. Ikkje berre for elevane – men også for oss som underviser.
Grete Modell Grande, bokredaktør

Starta med eit tomrom
Inspirasjonen til boka kom allereie i 2019, då nye læreplanar løfta fram samiske perspektiv meir tydeleg enn før. Men kva skulle lærarane undervise med?
– Det fanst lite læremiddel, og det var uklart kvar ein skulle finne god kunnskap. Vi trong ei oversikt, seier Grande.
Resultatet vart denne antologien, som ligg opent tilgjengeleg for alle via Open Access, og som både lærarstudentar, lærarar og andre interesserte kan bruke fritt.
– Dette er ikkje berre ei bok. Det er eit bidrag til å tette eit kunnskapshòl i utdanninga, seier ho.
Redaktørane har laga den boka vi har sakna sjølv.
Camilla Sandvik, forskar og forfattar

Nasjonalt ansvar
Nord universitet har nasjonalt ansvar for forsking og utdanning innan lule- og sørsamisk språk og kultur. Nord universitet dekker geografisk dei tradisjonelle lulesamiske, pitesamiske, umesamiske og sørsamiske områda i Saepmie/Sámeednam.
I 2022 etablerte Nord universitet og Nordlandsforskning eit senter for samisk og urfolksstudiar. Senteret skal koordinere, synleggjere og styrke samisk- og urfolksrelatert forsking og utdanning ved institusjonane.
Fakta om boka
Tittel: Matkulturer i Norge – samisk, kvensk/norskfinsk, skogfinsk, jødisk, romsk og romani/tater i fagområdet mat og helse i lærerutdanningene
Redaktørar: Grete Modell Grande (Nord universitet), Line Husjord (UiT), Kari Ryslett (Høgskulen i Volda)
Utgjevar: Fagbokforlaget
Utgjeving: Open Access i mai 2025, fysisk bok i juni 2025
Innhald: 16 kapittel, 22 forfattarar frå 11 utdanningsinstitusjonar
Tema: Matkultur som ressurs i undervisning om samiske og nasjonale minoritetar
Tilgjengeleg her: https://oa.fagbokforlaget.no/index.php/vboa/catalog/book/76