Ny digital hjelp for unge som bruker psykofarmaka – apoteka får verktøy for trygg rettleiing

Ny digital hjelp for unge som bruker psykofarmaka – apoteka får verktøy for trygg rettleiing
Forskarar skal utvikle eit digitalt, apotekbasert verktøy som skal gi ungdom betre og tryggare informasjon om psykofarmaka.

Saka oppsummert

Forskarar ved Nord universitet startar i 2026 prosjektet YoungPsyMedInfo for å gi ungdom betre informasjon om psykofarmaka. Saman med ungdom, farmasøytar og sentrale aktørar i apotekbransjen skal dei utvikle eit digitalt verktøy for tryggare rettleiing i apotek. Målet er å gjere det enklare for unge å få påliteleg informasjon og betre oppfølging.

Fakta

  • Prosjekt: YoungPsyMedInfo
  • Prosjektleiar: Ivana Bojanic, Nord universitet
  • Oppstart: Hausten 2026, varigheit fire år
  • Finansiering: 4,67 millionar kroner frå Apotekstiftelsen

Oppsummeringa er laga med kunstig intelligens og kvalitetssikra av artikkelforfattaren.

Prosjektet YoungPsyMedInfo involverer både unge, farmasøytar og nasjonale aktørar for å skape eit nyttig verktøy for rettleiing og oppfølging.

Ny forsking skal gjere bruk av psykofarmaka tryggare for unge

Unge som bruker psykofarmaka, opplever ofte at informasjonen dei får er fragmentert og vanskeleg å bruke i kvardagen. No skal forskarar ved Nord universitet utvikle eit digitalt verktøy i apotek som skal gjere det enklare å få riktig og trygg rettleiing.

Voksen kvinne i svart og hvit genser. Hun står inne i et kantineområde. Foto
Fireårig doktorgradsprosjekt: Ivana Bojanic er prosjektleiar for forskingsprosjektet YoungPsyMedInfo. Foto: Bjørnar Leknes.

– YoungPsyMedInfo kombinerer registerdata, intervju og samskaping for å lage eit verktøy som svarar på behova til unge, seier prosjektleiar Ivana Bojanic.

Vi ynskjer å styrkje apoteka si rådgjevingsrolle og gi unge tryggare og betre oppfølging når dei bruker psykofarmaka.

Ivana Bojanic

Prosjektet er eit fireårig doktorgradsprosjekt med oppstart hausten 2026.

Ungdom sine erfaringar i sentrum

For å lage nyttige helsetenester er det avgjerande å involvere dei som skal bruke dei. Difor blir unge, farmasøytar og samarbeidspartnarar aktive medforskarar gjennom heile prosessen.

– Vi lærer mykje av ungdom sine eigne erfaringar – om informasjonshol, bekymringar, biverknader og kva som faktisk hjelper i kvardagen, seier Bojanic.

– Når vi utviklar helsetenester og digitale verktøy, er det avgjerande at dei faktisk er ønskte og opplevast som nyttige av dei som skal bruke dei, seier prosjektmedlem Lise T. Gustad.

Voksen kvinne med røde briller, langt hår og en mørk blå dressjakke. Hun står inne i et kantineområde. Foto
Prosjektmedlem: Lise Tuset Gustad, førsteamanuensis ved Fakultet for sjukepleie og helsevitskap. Foto: Bjørnar Leknes.

I prosjektet skal forskarane bruke tal, intervju og felles arbeidsmøte for å utvikle verktøyet saman med ungdom.

Apoteket som lågterskeltilbod

Eit mål med prosjektet er å styrkje likeverdige og tilgjengelege tenester. Mange unge fell mellom nivå og aktørar i helsetenesta, og apoteka kan bli eit lågterskeltilbod for trygg rettleiing.

– Apoteka er lett tilgjengelege, mindre stigmatiserande og har høg tillit i befolkninga. Med eit godt digitalt verktøy kan farmasøytane gi heilskapleg støtte, ikkje berre korte svar over disken, forklarer Bojanic.

Digitalt verktøy for praksis

Voksen mann i grønn genser. Han står inne i et kantineområde. Foto
Prosjektdeltakar: Vegar Sellæg, farmasøyt og prosjektdeltakar. Foto: Bjørnar Leknes.

Farmasøytar opplever at det kan vere vanskeleg å gi målretta rettleiing til unge som hentar ut psykofarmaka. Samtalane er ofte korte, og det er ikkje alltid lett å avdekkje usikkerheit om effekt, biverknader eller vidare bruk.

– YoungPsyMedInfo skal gi eit digitalt verktøy tilpassa apotekpraksis. Då kan vi gi meir strukturert, einsarta og fagleg oppdatert rettleiing både i skranken og i samtalerom, seier Vegar Sellæg, farmasøyt og prosjektdeltakar.

Når verktøyet blir utvikla saman med unge og farmasøytar, aukar sjansen for at det faktisk fungerer i ein travel apotekkvardag.

Samarbeid med nasjonal rekkevidde

Prosjektet samarbeider med Apotekforeningen, Apokus, Norsk Medisinaldepot, RELIS Nord-Noreg, private og sjukehusapotek, kliniske psykiatrar, Nasjonalt senter for e-helseforskning og ungdomsrepresentantar frå Mental Helse Ungdom.

– Nasjonalt senter for e-helseforskning bidreg med viktig kompetanse innan utvikling av digitale verktøy, e-helse knytt til psykisk helse blant ungdom, samt PhD-rettleiing, seier Bojanic.

Resultata skal publiserast nasjonalt og internasjonalt. Målet er at den digitale plattforma kan takast i bruk i apotek over heile landet.

– Vi ynskjer å styrkje apoteka si rådgjevingsrolle og gi unge tryggare og betre oppfølging når dei bruker psykofarmaka, avsluttar ho.

PS Prosjektet har lyst ut ledig stilling som PhD-stipendiat, og oppmodar interesserte til å søkje:

Prosjektfakta – YoungPsyMedInfo

Kontaktperson