Det er fleire spennande nyheiter under Forskingsdagane 2024.
Festivalkoordinator ved Nord universitet, Per-Stian Ekroll fortel at særleg barn og unge kan glede seg til årets festival.
Open bukt i giga-telt
– Publikumsfavoritten Open bukt i Bodø veks seg stadig større. Årets nyheit i Mørkvedbukta er eit 450 kvadratmeter stort telt som skal huse ulike stasjonar og aktivitetar, søndag 22. september.
– Arrangementet Natt på Nord, som avsluttar heile festivalen laurdag 28. september, er årets store nykommar. Her inviterer Nord universitet store og små i heile Bodø-regionen til ope campus med stasjonar og aktivitetar frå alle fakultet og ei rekkje forskingsområde, seier han.
Forskarbuss, Grand Prix og strandrydding
Ikkje nok med det; du kan også «rulle» med Nord-bussen og bli med på «Rolling Research» i Trøndelag. Du kan også rydde strender, og – for fyrste gong i historia – kan du få sjå Nord universitet konkurrere i underhaldningsshowet Forskar Grand Prix.
– Vi har invitert ti utvalde forskarar, blant nokre og førti søkjarar, til eit heildagskurs i presentasjonsteknikk og sceneformidling. Fire av desse kursdeltakarane vil bli plukka ut til delfinalen for Nordland og Nord-Trøndelag, som er tysdag 24. september i Sinus ved Stormen konserthus. SMS-stemmar avgjer kva for to Nord-stipendiatar som blir sendt til den store nasjonale finalen i Oslo påfølgande laurdag, fortel Ekroll.
Forskingsdagane er ein 12-dagarsfestival frå onsdag 18. til søndag 29. september, der forskarar over heile landet syner fram forskinga si til folk flest. Nord universitet bidreg med mykje nytt og nokre tradisjonsrike arrangement denne hausten.
Forskingsdagane
Bli med på heile Noregs forskingsfestival.
Forskingsdagane er ein festival der forskarar over heile landet viser fram forskingen si til folk flest! I år er festivaldagane f.o.m. onsdag 18. september t.o.m. søndag 29. september. Du kan prøve ting sjølv, snakke med forskarane eller berre ha det gøy.
Les meir på Forskningsdagene 2024