Forskar Astrid Marie Holand har, som dei fleste av oss, merka kjensla av at tida går fortare enn før. Trass alle teknologiske nyvinningar som skal gjere oppgåvene kjappare å gjennomføre, sit vi der i tidsklemma og synest livet suser avgarde.
Samtidig finst det mange måtar å forstå tid på.
Korleis den forståinga er, har òg betyding for korleis vi lever liva våre. Viss du er eit av Jehovas vitne, og du veit at du ein dag skal kome tilbake og leve evig på jorda, har du ikkje same press til å utnytte tida som om du veit at det er bråstans ein stad i ei nokså oversiktleg framtid.
Populært prosjekt
Holand, som er førsteamanuensis i journalistikk, har brukt mange timar, dagar, veker – ja, månader på dei ulike aspekta av tid, og i sommar kom boka «Time in our times» ut.
Det skjedde i samband med 50-årsjubileet til Fakultet for samfunnsvitenskap. «Time in our times» var første bok under fellestittelen «Nord studies in reality formations» frå Nord universitet, ein serie som òg vert gitt ut i Tyskland.
Holand har fått med professor Per Bjarne Ravnå som redaktør, og ikkje minst ei lang rekke forskarkollegaer frå ulike fagfelt til antologien. Det viste seg å vere lett å få forfattarar til å bidra.
– Ja, det var det som var morosamt med prosjektet. Eg inviterte, og det var så mange som hadde gode idear og lyst til å skrive om tid. Vi menneske har ei fascinasjon for tid, slår Astrid Marie Holand fast.
Ho er òg glad for at til saman ti stipendiatar på Nord er involverte i arbeidet.
– Så dette er ein flott kanal for å gi dei internasjonal publisering.
Dermed har «Time in our times» vorte ei bok om tid sett frå høgst ulike synsvinklar:
Rus og villsymjing
Til dømes korleis menneske med psykiske og rusrelaterte problem oppfattar tida annleis enn andre.
Sosiologiprofessor Hanne Thommesen har intervjua menneske som lever med hovudet fullt av tankekjør og skriv om korleis det gjer at tida kjennest opphakka og blanda saman. Då er det ikkje rart at det er vanskeleg å halde ei avtale med NAV.
Det handlar òg om korleis Dagmar Dahl, «villsymjar» og tilsett på lærarutdanninga ved Nord, opplevde ein time out i ordets rette forstand då ho symde over Saltstraumen i 2020. Symjeturen tok 12 minutt og 24 sekund, men ho opplevde at tida ikkje lenger eksisterte, og ho samanliknar det med zen-buddhistane sine opplevingar av meditasjon og korleis dei «stoppar» tida.
Eitt kapittel tek føre seg korleis vårt problem med å forhalde oss til ei framtid som ikkje er rett framfor oss, skaper kortsiktige – og kanskje ikkje så fornuftige – avgjerder. Det er alltid ein årsrapport, ei valperiode eller ein deadline å forhalde seg til, og dette tek Dag O. Hessen opp saman med medforfattarane Manjana Milkoreit og Christina Nedeau.
Travle akademikarar
Til og med akademikarar opplever at tida til å forske vert avgrensa.
Det er ikkje berre i skulen, helsevesenet og det private næringslivet at krava til effektivitet heng over dei tilsette. Camilla Selstad Stenberg og Karianne Sørgård Olsen ved Fakultet for samfunnsvitenskap innleiar sitt kapittel om dette med ei anekdote om å ty til nattarbeid for å få tid til å bidra nettopp i boka «Time in our times».
– Det handlar om korleis arbeidsplanane stykkar opp tida til dei tilsette. Det vert mindre tid til studentane og til å tenkje lange tankar. Viss det ikkje skal vere høve til å tenkje ferdig nokre lange perspektiv i akademia, kvar skal det då vere tid til det, spør Astrid Marie Holand.
– Tidsopplevinga er annleis i vår tid, fordi alt skal gå så fort. Det er vi sjølve som driv det opp, seier ho.
«Teknostress»
Berre tenk på – viss du er gammal nok – kor lenge du måtte vente på at ei nettside skulle opne seg for 20 år sidan. I dag ville det ha kjent som ei evigheit, som vi slett ikkje hadde teke oss tid til å bruke.
Vi opplever teknostress. Vi har så mange hjelpemiddel at tolmodet er lik null.
Astrid Marie Holand
– Tankeprosessane må gå fortare, og det er derfor folk opplever at ein skal stappe stadig meir inn i kvar time, seier Holand, som sjølvsagt òg er eit offer for tida vi lever i.
Ho høyrer podcast på halvannan gong hastigheit – elles synest ho det går for sakte.
Holand og Per Bjarne Ravnå veit for øvrig kva dei skal bruke dei neste åra på. Bok nummer to i serien ligg hos forlaget til fagfellevurdering. Den heiter «Reality in our times» og består på same måten som bok éi av ei tekstsamling med ulike bidragsytarar. Dei kastar heller ikkje bort tida; skrivinga av nummer tre, «Crises in our times», er godt i gang.
Bokserien vert finansiert av Nord universitet, og Holand og Ravnå har dessutan fått kontrakt med eit nivå 2-forlag i Tyskland. Kontrakten er utan sluttdato – dei kan levere bøker på løpande band dei neste åra. Så sant tida strekk til.
Nord studies in reality formations
Prosjekteigar: Nord universitet
Prosjektleiar: Astrid Marie Holand
Utgiving så langt: Time in our times. Stretching contemporary understandings of time. 2024
Utgivar: Walter de Gruyter, NVI-nivå 2
Tidsbruk: Estimert lesetid for denne artikkelen var ifølgje anslag frå ChatGPT 3 minutt og 40 sekund. Takk for at du tok deg den tida!