Pressemelding: Lærerutdanningar skal tilbys i Levanger, Bodø og Nesna

Dekan Rose Martin i en stol

Dekan Rose Martin presiserer at Nord universitet skal tilby grunnskolelærerutdanninger både i Levanger, på Nesna og i Bodø.

Pressemelding: Lærerutdanningar skal tilbys i Levanger, Bodø og Nesna
Tittel og ingress i ein artikkel i Trønder-Avisa, sier at vi ikkje lenger skal tilby lærarutdanning i Levanger. Dette er feil.

Avisa har retta opp tittelen, men ettersom fleire medier gjenbruker Trønder-Avisas tittel i ei nyheitssak 28. august, så er det viktig for Nord universitet å komme med følgjande presisering og melding:

Nord universitet skal tilby lærarutdanningar både i Levanger, i Bodø og på Nesna. Og vi ønskjer å rekruttere fleire studentar.

Vi tilbyr i dag grunnskulelærarutdanning i Levanger, Nesna og Bodø.

Vi skal fortsette å tilby grunnskulelærerutdanningar både i Bodø, på Nesna og i Levanger. Det har aldri vore snakk om å legge ned grunnskulelærerutdanningen i Levanger, som Trønder-Avisa feilaktig skreiv. Det er stort behov for lærarar i kommunene rundt oss og vi skal utdanne godt kvalifiserte lærarkandidatar i åra fremover som vi alltid har gjort. Det er eit viktig samfunnsoppdrag som Nord universitet har.

Vi vil rekruttere fleire studentar og difor ser vi på korleis vi kan organisere utdanningane våre slik at kommunane rundt oss får flest mogleg lærarkandidatar. Det har dei desperat behov for.

Vi vurderer kontinuerleg kva studium vi skal tilby og i kva form vi skal tilby dem. Dette gjeld alle våre studium. Vi ser at behovet for fleksible utdanningar aukar. Det betyr at vi må ta ei vurdering av fleire av våre studium på om vi skal tilby dei som reine campusstudium, der studentane studerer på campus kvar dag. Eller om vi skal ha nett- og samlingsbaserte utdanningar der studentar har flere vekesamlingar på campus kvart semester og nettundervisning samt kollokviesamarbeid mellom samlingane. Eller om vi skal tilby utdanningane som rene nettutdanningar.

Nord universitet har valt å legge om nokre utdanningar fra campus til nett- og samlingsbaserte utdanningar fordi denne formen rekrutterer fleire studentar. Dette gjeld til dømes barnehagelærarutdanning.

Ungdomskulla går ned over heile landet. I tillegg ser vi at andelen ungdommar i Trøndelag og Nordland som vel studieførebuande på videregående skole går ned. Søkjartala til lærerutdanningane har over mange år gått ned i heile landet og Nord universitet er i likheit med store deler av universitets- og høgskulesektoren i Noreg inne i ein periode med økonomisk omstilling.

Det betyr at vi ikkje lenger kan tilby både campusutdanningar og nett- og samlingsbaserte utdanningar i Levanger og Bodø.

Dette har vore tema i over eit år, og ansatte og fagforeningane har vore involvert i prosessen. Leiinga ved fakultetet vurderer så langt at det er størst potensial for rekruttering, samt best økonomisk berekraft, i ei nett- og samlingsbasert grunnskulelærarutdanning både i Bodø, Nesna og i Levanger. Dette grepet er allereie tatt i Bodø, med det resultatet at vi rekrutterte fleire til grunnskolelærerutdanningene våre der i år.

Det er nok mange tilsette som helst skulle ha hatt campusutdanningar. Da får fagfolka møte studentane kvar dag. Men når studentanes preferanser endrar seg, og våre økonomiske rammebetingelser endrar seg, så må vi tilpasse tilboda våre til det. Vi kan ikkje tvihalde på campusutdanningar, hvis studentane føretrekkjer noko anna.

Prosessen med kva vi tilbyr og i kva form vi tilbyr utdanningane, pågår utover hausten og skal vedtas av styret i oktober. Vi må sørgje for å tilby noko som gjer at vi tiltrekkjer oss studentar og at vi utdannar flest mogleg lærerstudentar til kommunene rundt oss.

Involvering undervegs i desse prosessane har føregått sidan tidleg i fjor haust. Det har blant anna vore månadlege møter med fagforeiningane.

Kontaktperson