
Spelstudentar ved Nord med vinnartroféa. Foto: Helga Sigurdardottir.
Dette er første gong bachelorstudentar ved Spill og opplevelsesteknologi (engelsk: Games and Entertainment Technology) har kome attende til Levanger med så mange utmerkingar, med heile tre av sju moglege prisar; beste spel, beste historieforteljing og beste lydbilete.

Knasande lauv og raslande stein
Dan Pumnea og Janko Zorbas laga lyden til prisvinnaren Life Under Pressure, som tek spelarane med seg ned i djupe og mystiske hav.
– Lyd er avgjerande for heile spelopplevinga og eit viktig forteljargrep. Vi ønskte å gjenskape den klaustrofobiske kjensla av å vere under vatn ved å bruke ekte lydar og musikk som byggjer spenning, fortel Zorbas frå Serbia.
– Vi lytta til korleis ubåtstøy og kvalsong høyrest ut under vatn. Å lage realistiske lydeffektar utfordra vår kreativitet, og vi måtte tenkje utanfor boksen. Mellom anna nytta vi knasande haustlauv for å etterlikne lyden av knust glas, og kollapsande grotter vart skapa ved å riste ein boks med småstein. Eit sentralt element i spelet er lyden av ubåten sin propell. Den må vere til stades heile tida, men må samstundes ikkje opplevast som irriterande eller forstyrrande. Det går med mange timar i lydstudio for å finjustere detaljar, nyansar og volum.
– Vi veit at mange er redde for det djupe havet, noko vi nytta til vår fordel då vi komponerte lydar og musikk. Jo djupare du dykkar i spelet, dess meir intens lyd. Den fortel deg på ein måte at ditt neste trekk er skjebneavgjerande. Noko av inspirasjonen henta vi frå dataspel som "Subnautica" og "SOMA" og faktisk filmen "Titanic", avslører Zorbas.

Rekordår for spelmiljøet ved Nord

Det var i alt 65 spel med i årets konkurranse. Spelutviklarar ved studiet i Levanger har vunne ei rekkje prisar så lenge Norwegian Game Awards (NGA) har eksistert. Dette er likevel første gong Nord-studentar vinn tre av prisane. Dette stadfestar studiet si evne til å førebu studentane på den enorme og globale spelbransjen.
– Eg er djupt imponert og svært stolt. Dette er ei historisk god bragd, seier førsteamanuensis Helga D. Isfold Sigurðardóttir ved Fakultet for samfunnsvitskap i Levanger.
Det treårige studiet er på engelsk og inkluderer studentar frå heile verda.
"Lille" Levanger med heile verda for sine føter
Studiestaden Levanger rommar kring 2 600 studentar, og mange hevdar Campus Røstad er blant dei vakraste i landet. – Det er ein plass kor du ikkje forventar eit universitet, men det gjer det berre endå meir sjarmerande, fortel rumenske Pumnea.
– Eg likar stillheita og det enkle småbylivet i Levanger. Det er lettare å konsentrere seg om studiet med så få distraksjonar, seier Pumnea litt lattermildt.

– Det internasjonale studentmangfaldet i Levanger styrkar kreativiteten. Samstundes er det ein stor fordel å kunne samarbeide med studentar på tvers av ulike studier, som til dømes studentane ved Film- og TV-produksjon.
Zorbas skildrar Levanger som ein liten, roleg by midt i Noreg, omkransa av sjø, skog og grassletter. Han meiner det å bli kjend og samarbeide med ulike kreative studentar, er særs verdifullt for å utfordre kvarandres og eigen fantasi og utvikling.
– Sparring med ulike medstudentar, frå heile verda, gjev ulike perspektiv og får kreativiteten til å gnistre. Vi kan skape det mest utrulege, seier Zorbas.
Nær alle unge spelar
Spelindustrien veks raskt og gaming er ein sentral del av kvardagen for om lag samfulle barn og unge. I følgje ein rapport frå Medietilsynet (2024), spelar så mange som ni av ti (86 %) barn og unge mellom ni og 18 år i Noreg. Nær halvparten spelar dagleg.
– Det store engasjementet for dataspel understrekar viktigheita av og marknadspotensialet for utdanningar som Spill og opplevelsesteknologi i Levanger. Her lærar studentane ikkje berre tekniske dugleikar, men også korleis dei kan nytte spel som ein plattform kreativ forteljing og nyskapande design, avsluttar Sigurðardóttir.
Norwegian Game Awards (NGA) 2025
- Norwegian Game Awards (NGA) er Noregs største spelutviklingskonkurranse. Den nasjonale og årlege konkurransen har eksistert i ni år, og utdelinga er i Trondheim.
- Totalt 65 spel var med i årets konkurranse.
- Prisvinnarar ved Nord i 2025:
- Beste spel: "Replay" av tredjeårsstudent Henrik Nilsen Aasvik
- Beste historieforteljing: "Replay"
- Best lydbilete: "Life Under Pressure" av tredjeårsstudentane Dan I. Pumnea, Janko Zorbas, Aleksis Bojaruns, Erik G. Leth-Olsen, Eirik S. Olsen, Uliana Sechkar, Henrik N. Aasvik, Javier M. González og Paula L. Román.
Spill og opplevelseteknologi ved Nord universitet
- I dette studiet lærer du å lage dataspill og andre digitale produkt som gjev opplevingar og læring. Dataspel inkluderer mellom anna historieforteljing, visuell design samt lyd og musikk.
- Dataspel påverkar barn og unge sin oppvekst og styrkar digitale dugleikar. Gaming er ikkje berre underhaldning, det nyttast òg for læringsformål i skulen og i arbeids- og samfunnsliv på fleire ulike måtar.
Studiet er på engelsk og er ei populære utdanning ved Nord som tiltrekk seg søkjarar frå heile verda og Noreg.