Ny stilling: Noverande dekan ved Fakultet for lærerutdanning og kunst- og kulturfag, Rosemary Kate Martin, går over i ei stilling som professor med ansvar for internasjonalisering frå 1. januar 2027. Foto: Adrian Svendsen Bensvik.
Når dekanperioden ved Fakultet for lærerutdanning og kunst- og kulturfag er over ved nyttår, går Rose Martin inn som professor med ansvar for internasjonalisering.
Martin vil då arbeide tett med rektoratet og høyrer formelt til under prorektor utdanning.
Brei erfaring med internasjonaliseringsarbeid
Rose Martin har leia arbeidet med internasjonaliseringsstrategien for Nord universitet, som vart vedteken i fjor, og har brei erfaring med internasjonaliseringsarbeid både innan forsking og utdanning.
– Vi er svært nøgd med at styret har vedteke å ta i bruk kompetansen til Martin i ein strategisk viktig stilling for Nord universitet framover, seier fungerande rektor, Levi Gårseth-Nesbakk.
Det var under sist styremøte at styret ved Nord universitet vedtok å tilsetje Rosemary Kate Martin i denne stillinga.
Auka internasjonalisering er eit krav i sektoren
Rolla til Martin vil vere å bidra til å utvikle og koordinere deltakinga til Nord universitet i internasjonale alliansar og nettverk. Dette gjeld særleg SEA-EU, Arctic Six og UArctic.
Det blir sentralt å støtte fagmiljøa i å realisere internasjonale ambisjonar. I tillegg inneber stillinga kontakt med EU-aktørar, representasjon av Nord universitet og rektoratet, samt å initiere og følgje opp søknader om ekstern finansiering som mellom anna er avhengig av omfattande internasjonalt samarbeid.
– Eg ser fram til å vere med å utvikle internasjonaliseringsarbeidet ved Nord universitet. Men no skal eg først halde fram arbeidet med utviklingsprosessane vi er i gang med ved Fakultet for lærerutdanning og kunst- og kulturfag, seier Martin.

