Saman for eit tettare Europa

Saman for eit tettare Europa
Under paraplyen internasjonalt samarbeid og utveksling, jobbar europeiske universitet for å sikre ei god framtid for Europa.

Ei gruppe Nord-tilsette tok nyleg imot kollegaer frå universitet i alliansen SEA-EU, til tre dagar for å løysa felles utfordringar knytt til fallande barnekull og auka politisk uro i Europa.

Eitt av EUs motsvar til desse samfunnsutfordringane, er universitetsalliansar. Desse skal samarbeida enda tettare om forsking, leggje til rette for felles forskingsprosjekt og bidra til auka studentmobilitet.

Gruppebilde av voksne mennesker i trapp. Staff week campus Bodø
Saman: Partnarar frå heile Europa på besøk hos kollegaer i Bodø. Foto: Lise Fagerbakk.

Nye studieprogram

Eiv av dei konkrete ideane som allereie har kome ut av samarbeidet, er studieprogram på tvers av universiteta i alliansen: SEA-EU Joint Programmes.

Kvinne med svart dressjakke som deltek i møte og som ser i kamera og smiler
Ikkje berre alvor: Gabriela Bielińska frå University of Gdansk klarte å få 12 poeng på koordinator Tove Holms uformelle Eurovisjons-quiz. Foto: Lise Fagerbakk.

Fire program er under planlegging: ein bachelorgrad, to masterprogram og eit doktorgradsprogram.

Dei tre første er ferdig og godkjende. Nord universitet bidreg inn i to av desse; ein bachelorgrad i berekraftig blå økonomi, og ein mastergrad i berekraftig leiing av organisasjonar i endring. Målgruppa er kommande studentar som interesserer seg for berekraft, økonomi, marin vitskap og leiing.

Programma skal rotere mellom universiteta, og alle kull skal vere på minst to førehandsvalde universitet.

SEA-EU er eit døme på korleis internasjonalt samarbeid kan føre til store framsteg innan forsking og utdanning

Tove Holm, prosjektleder for SEA-EU ved Nord universitet

Rektor Hanne Solheim Hansen meiner alliansen er viktig for Nord universitets internasjonale posisjon.

– Det er fantastisk at vi no er klare til å ta imot studentar til eit felles studieprogram vi har utvikla saman med partnaruniversiteta våre. Dette vil knyte oss endå sterkare saman dei neste åra, seier ho.

Håndtrykk mellom mann og kvinne, medan ei anna kvinne ser på.
Handhelsa: Prorektor Levi Gårseth-Nesbakk gjekk rundt bordet og handhelsa på gjestene, då han deltok tredje og siste dag. Her helsar han på Gabriela Bielińska frå University of Gdansk. T.h. kollegaen hennar Marta Gwizdalska-Kentzer. Foto: Lise Fagerbakk.

Forsking og utdanning

Under møtet på campus Bodø i vår, med temaet «Internasjonalt samarbeid og utveksling», fekk deltakarane høyre frå NOKUTs Luna Lee Solheim. Ho fortalde at det på europeisk nivå no blir jobba fram fleire felles bachelor- og masterutdanningar på tvers av landegrensene. Mikrokurs er óg ein stigande trend i universitetsalliansen.

– SEA-EU alliansen fremjar akademisk fridom ved å skape samarbeid mellom universitet i ulike europeiske kystbyar. Dette samarbeidet gir moglegheiter for utveksling av idear, felles forskingsprosjekt og utvikling av felles utdanningsprogram, seier SEA-EU prosjektleiar ved Nord universitet, Tove Holm.

– Ved å dele ressursar og kunnskap, styrkar alliansen den akademiske fridommen og bidreg til ein meir integrert europeisk utdannings- og forskingsarena, seier ho.

Det krev mykje å tilpasse ulike lands reguleringar og ulike universitets ordningar.

Mennesker rundt et stort bord i et møterom. Europeiske SEA-EU
Saman: Dei fleste kom reisande frå heile Europa. To deltakarar kunne ikkje komma, og deltok via videolink. Foto: Lise Fagerbakk.

Prorektor Levi Gårseth-Nesbakk meiner dei deltakande universiteta derfor må møtast oftare for å sikre at det ikkje er nokon lause endar før dei nye programma blir lanserte.

Holm meiner dei nye utdanningsprogramma viser kva essensen i universitetsalliansen SEA-EU kan vere.

– Alliansar og samarbeid over landegrensene er avgjerande for å møte globale utfordringar som klimaendringar, berekraftig utvikling og teknologisk innovasjon. Gjennom samarbeid kan universitet dra nytte av kvarandre sine styrkar, dele beste praksis og utvikle løysingar som har breiare nytteverdi. SEA-EU er eit døme på korleis internasjonalt samarbeid kan føre til store framsteg innan forsking og utdanning, seier ho.

Om​ SEA-EU

SEA-EU-alliansen består av ni universitet:

Til saman har alliansen meir enn 150.000 studentar og 18.000 tilsette. Universiteta i alliansen skal styrke det kystnære forskings- og utdanningsfeltet, og fremje sentrale samarbeidsområder som internasjonalisering, berekraft, digital transformasjon, openheit og demokrati.

For Nord universitet er SEA-EU ein unik moglegheit til å vidareutvikle universitetet, gjere universitetet meir synleg og få internasjonal anerkjenning.

Les meir om SEA-EU 

Kontaktperson