Rektor ved Nord universitet Hanne Solheim Hansen og rektor ved Mittuniversitetet, Anders Fällström. Foto: Nina Kjeøy
Samarbeidsavtalen mellom Nord universitet og Mittuniversitetet i Sverige, er knytt til fire områder:
- Forsking, samarbeid og innovasjon
- Utdanning og kompetanse
- Rekruttering og marknadsføring
- Styring, drift og kvalitet
Rektor ved Nord universitet Hanne Solheim Hansen og rektor ved Mittuniversitetet, Anders Fällström er klar for å styrka samarbeidet. Dei er samde om at samarbeidet institusjonane allereie har, og nye samarbeidsområde vil styrkast gjennom denne avtalen.
– Vi har samarbeid innanfor nokre områder allereie. Dette samarbeidet skal vi no styrka.
Avtalen vart skrive under i gamma ved Nord universitet, campus Levanger. Det er ikkje tilfeldig. Sørsamisk språk og kultur er eit felles ansvar for begge institusjonane.
Konkrete samarbeidsprosjekt
Det er allereie noko samarbeid mellom Nord universitet og Mittuniversitetet både innanfor rekruttering og marknadsføring, lærarutdanning, sjukepleiarutdanning, sosialt arbeid og sikkerheit.
På møtet torsdag, der representantar for leiingane deltok, vart fleire konkrete prosjekt og områder for framtidig samarbeid diskutert.
Eit felles bokprosjekt med tema knytt til KI, digitalisering og rurale perspektiv vart løfta fram. Langsiktige rekrutteringstiltak og erfaringsutveksling og samarbeid knytt til Barnas universitet (ved MIU) vart diskutert. Internasjonal rekruttering og marknadsføring er også eit høgaktuelt tema. Begge universiteta er i ei oppstartsfase her og det er behov for meir kunnskap omkring satsing og arbeidsmetodikk. Arbeidet med universitetsalliansar er også aktuelt innanfor internasjonalisering.
– Det er viktig for oss å involvere fagmiljø internt ved Nord og ved Mittuniversitet i samarbeidet, og at samarbeidet er med på å heve kvaliteten på det vi gjer, seier rektorane.