Tidlegare var kvalfangst ei viktig næring i Noreg. No har kvalfangarane lenge gjeve uttrykk for frustrasjon og opplever at næringa deira blir sendt i retning mot ein stille død. Kvalen vert framleis fanga, men kjøtet blir ikkje promotert.
Og ingen snakkar lenger om kvalfangst i Noreg.
Det skal Lytring gjere noko med. 8. mai blir det debatt i Svolvær der framtida til norsk kvalfangst skal diskuterast. Debatten kan du òg følgje direkte på lytring.no.
Saknar faglege begrunningar
I panelet sit mellom anna Unn Haukenes Holgersen, forskar ved Nordlandsforskning og utdanna veterinær. Holgersen har lenge interessert seg for kval og kvalfangst. Ho etterlyser tydelegare styringssignal frå styresmaktene og eit styrka kunnskapsgrunnlag når det kjem til dyrevelferd i kvalfangst.
– Eg saknar ei betre heilskapleg tilnærming til fangstdebatten. I dag ser påstandar og faglege utsegner ut til å verte brukt om kvarandre, seier ho.
Kva, ikkje kven
Forskaren meiner vi treng meir kunnskap både om dyrevelferd, ernæring og kvalens rolle i økosystemet.
– Det finst ingen krav til oppfølging av dyrevelferd under fangst og ingen krav om inspeksjon. Kvalkjøtt blir promotert som godt og sunt kjøtt, samstundes finn ein få eller ingen anbefalingar når det kjem til kostråd og kvalkjøtt, seier Holgersen.
– Ein høyrer stadig «kva side er du på», men spørsmålet er ikkje kven som har rett, men kva som er rett.
Under onsdagens debatt vil Holgersen få selskap av både kvalfangarar, politikarar og forskarar. Under leiing av Arne O. Holm skal debattantane prøve å finne svar på om det er på tide å seie farvel til norsk kvalfangst eller satse vidare på ei av våre mest tradisjonsrike næringar.
I panelet:
Vidar Thom Benjaminsen, ordførar i Vågan: 988 76 859
Unn Haukenes Holgersen, Nordlandsforskning: 902 14 779
Truls Soløy, Småkvalfangarlaget: 977 76 790
Tore Haug, Havforskningsinstituttet: 952 84 296
Debattleiar: Arne O. Holm: 905 29 472
Lytring 8. mai 2024
Er kvalfangsten død? Det er tema for Lytring onsdag 8. mai i Svolvær. Arrangementet varar frå kl. 20.00 - 21.30, og du kan følgje det direkte via denne nettsida: