Sirkelen slutta - i Paris

Kjetil Ansgar Jakobsen

I Paris: Professor Kjetil Ansgar Jakobsen har busett seg mellombels i Paris for å jobbe som professor ved den internasjonale forskingshøgskulen EHESS. Til vanleg bur han i Bodø, kor han jobber som professor i intellektuell historie ved Fakultet for samfunnsvitskap. Foto: privat

Sirkelen slutta - i Paris
Professor Kjetil Ansgar Jakobsen trør igjen i korridorane til EHESS, Paris. 25 år etter sine første steg ved den renommerte høgskulen for avanserte studiar i samfunnsvitskap.

Nord universitets historikar og professor Kjetil Jakobsen pakka i august reiseveska og satte kurs for Paris. Der ventar eitt år som gjesteprofessor ved EHESS: École des hautes études en sciences sociales (ved det Europeiske senteret for sosiologi og politiske studium ved EHESS).

Blant dei store namna som har hatt eller har sitt daglege virke her, er Claude Lévi-Strauss, Fernan Braudel, Roland Barthes, Jacques Derrida, Pierre Bourdieu og Tomas Piketty.

– Dette er ei moglegheit av dei sjeldne, røper han.

Dermed takka han ja til tilbodet. Men ikkje berre han.

Voksen mann i frakk på en fotgjengerovergang. Foto
Heime: Professor Kjetil Ansgar Jakobsen heime i Bodø, like før avreise til Paris. Foto: Lise Fagerbakk
Voksen mann med hatt foran herskapelig bygning. Foto
EHESS: Professor Kjetil Ansgar Jakobsen er på plass ved EHESS, Paris. Foto: Privat

Fransk? Oui bien sûr

Dei venta til OL var ferdig; han og dei to tenåringsdøtrene, som begge har følgt med han og som no er innrullerte på kvar sine skular.

– Eg byrja 1. september. EHESS er ein forskingsinstitusjon med undervisning berre på master- og ph.d.-nivå. Undervisninga blir organisert som forskingsseminar. Eg skal presentere og kommentere i fem ulike seminarrekkjer.

Jakobsen skal førelese om følgande tema:

  • tverrpolitisk ytringsfridom
  • engasjement og autonomi blant kunstnarar og intellektuelle
  • forsking på ytre høgre
  • konservativ mobilisering
  • transnasjonal sirkulasjon av idear

I tillegg bidreg eg på eit forskingsseminar om den nordiske modellen, fortel han.

– På fransk…?

– Ja, sjølvsagt!

– Eg har heile mitt liv hatt som prinsipp å om mogleg unngå å snakke engelsk med folk som ikkje har det som morsmål. Da prøvar eg heller etter beste evne å lære språket deira. Franske forskarar og studentar har vorte sterkare i engelsk, men ein kan vanskeleg arbeide ved EHESS utan å snakke fransk, seier Jakobsen.

Jakobsen hadde eit langt opphald her da han tok si doktorgrad. Difor er det ekstra spesielt å dra tilbake no.

– Eg var der som ph.d.-student hos Pierre Bourdieu for rundt 25 år sidan. Personar eg studerte saman med er no berømte forskarar, så det er utruleg artig å kome tilbake til den same skulen. Sirkelen er slutta.

– Me skal også no bu i Paris. Metrolina som eg reiser til og frå kontoret med, går over bakken og kryssar Seinen ved Eiffeltårnet. Det er så vakkert, seier han.

Eiffeltårnet under blå himmel. Foto
Togtur: Jakobsens utsikt på veg til jobb. Foto: privat

– Historia gjentek seg ikkje

Med seg til Paris har Jakobsen eit forskingsprosjekt om forfattarar og intellektuelle under andre verdskrig. Her bidreg kollegaer både frå Nord og frå EHESS.

– Me ser på feltet kultur og politikk, og korleis kulturen har utvikla seg i eit historisk perspektiv. Mykje politisk retorikk, konspirasjonsteoriar og fake news er lik samtida på 1930-tallet. Frontane no som då er veldig skarpe, seier professoren.

Forskingsprosjektet «Ord og vold – forfattarar mellom demokrati og diktatur 1933–1952» ser på kva for rolle tekst og retorikk speler i tider når demokratiet er truga.

– Slik kan du lage relevante scenario, men den viktigaste lærdomen frå historia, er at historia aldri gjentek seg. Men ting kan forandre seg fort, og gjerne på uføreseielege måtar. Du må rett og slett vere førebudd på det uventa, seier han.

Ord og vold. Forfattere mellom demokrati og diktatur 1933-52

Kjetil Ansgar Jakobsen er prosjektleiar for forskingsprosjektet Ord og vold. Forfattere mellom demokrati og diktatur 1933-1952. Prosjektet starta 1. juni 2022 og skal etter planen vera ferdig 31. desember 2027.

Noregs forskingsråd og Nord universitet støttar prosjektet med 21 millionar kroner.

Prosjektet er eit samarbeid mellom:

  • Nord universitet
  • Universitetet i Oslo
  • UiT Norges arktiske universitet, Tromsø
  • Falstadsenteret, Levanger
  • Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter, Museum Oslo
  • Nasjonalbiblioteket