Tar debatten på Lytring: Professor Arnstein Mykletun ved FHI leiar forskingsprosjektet «Kjønnsforskjellar i sjukefråvær. Årsaker og testing av moglege tiltak». 25. mars kjem han til Bodø for å vere med på Lytring sin debatt om tematikken. Foto: Simen Gald.
Det meiner professor Arnstein Mykletun, som har leia to ekspertgrupper der sjukemeldingsnivået i Noreg har vore tema. I den eine såg dei konkret på kjønnsforskjellane, men kvifor forskjellane er der, finst det ingen sikre svar på, ifølgje Mykletun.
Trass i at forskinga manglar gode forklaringar, er debatten tidvis prega av skråsikkerheit. Mykletun understrekar at vi må skilje mellom ønskjetenking og faktisk kunnskap.
Lytring 25. mars 2026
Vil ikkje kvinner jobbe? Kvinner er meir sjukemelde enn menn, og jo høgare utdanning, desto større er kjønnsgapet. Mange kvinner føretrekkjer òg deltidsstilling framfor heiltidsjobb, og i kulissane mobiliserer «trad wives». Kva er det som skjer?
- 25. mars 2026 kl. 18.00-19.30
- Stormen bibliotek, Bodø
- Debatten strømmes i tillegg på YouTube
Lytring: Vil ikkje kvinner jobbe?
No leier han forskingsprosjektet «Kjønnsforskjellar i sjukefråvær. Årsaker og testing av moglege tiltak», og 25. mars kjem han til Bodø for å vere med på Lytring sin debatt om tematikken.
Ingen gir ei god forklaring
Mykletun meiner det er fleire hol i dei mest brukte forklaringsmodellane. Som til dømes påstanden om at kvinner har ei større faktisk arbeidsbelastning enn menn når timane på jobb og i omsorgsoppgåver blir lagde saman.
– Statistisk sentralbyrå har tal på dette, og dei tala viser at timetalet er høgare for menn, seier Mykletun.
Kontraproduktivt for kvinner
Kvinnerelaterte helseproblem er ein annan forklaringsmodell, der biologi og hormonbaserte plager blir vektlagde.
Mykletun åtvarar av fleire grunnar. Han meiner biologisporet fort kan føre til ei oppfatning av at kvinner ikkje kan ha dei same jobbane som menn. Det vil kunne svekkje kvinner sine faktiske moglegheiter til å byggje karriere.
– Dessutan finst det biologiske forskjellar i disfavør av menn òg, men vi snakkar sjeldan om det. Unge menn har eit svært høgt testosteronnivå som påverkar risikovurdering. Det er ei hormonulempe som tidvis er direkte livsfarleg.
NAV er uroa
Kristin Røymo er regiondirektør for NAV Troms og Finnmark. Ho er òg oppteken av kvinner sitt sjukefråvær.
– Dei sektorane med høgast sjukefråvær er kvinnedominerte, slår Røymo fast, og peikar særleg på helsesektoren, der turnusarbeid er utbreidd.
– Samstundes er det ikkje slik at turnusarbeid åleine forklarer forskjellen. Det finst mannsdominerte sektorar med turnus utan tilsvarande høgt sjukefråvær. Det reiser derfor spørsmålet om det er turnusen, eller om det er noko ved kvinner sin situasjon som er forklaringa, seier Røymo.
NAV har inga god forklaring på kvifor kvinner er mest sjukemelde, men er redd for at kostnadene ved det totale sjukefråværet i Noreg kan bli større enn det fellesskapet kan bere over tid.
Dersom vi byrjar å tenkje at sjukefråvær er gratis for samfunnet, har vi misforstått noko grunnleggjande.
Kristin Røymo, NAV Troms og Finnmark
– Dersom vi byrjar å tenkje at sjukefråvær er gratis for samfunnet, har vi misforstått noko grunnleggjande. Det er ikkje berre kostbart, det kan òg vere svært belastande for arbeidsplassar der mange er borte og dei som er att må bere ei stadig større byrde, seier Røymo.
– Det kan skape ein vond sirkel: Dei som er på jobb må springe fortare, belastninga aukar, og det kan igjen føre til meir sjukefråvær.
I Lytring-debatten får Mykletun og Røymo følgje av KrFU-leiar Ingrid Olina Hovland og professor Kari Ingstad ved Nord universitet.
- Les Kari Ingstad sin kronikk: Vil ikke kvinner jobbe?
Fakta om Lytring
Lytring skal stimulere til samfunnsengasjement og setje dagsorden både lokalt, regionalt og nasjonalt.
Lytring er eigd av Nord universitet og Nordlandsforsking. Lytring skal setje kunnskapen og forskinga ved desse institusjonane på kartet og skape ein arena for dialog og diskusjon med andre kunnskapsinstitusjonar.
I løpet av eit kalenderår lagar Lytring:
- 9 debattar i Bodø, Stormen bibliotek
- 2 debattar i Levanger, Røstad Scene
- 2 debattar i Mo i Rana, Teaterkafeen
- 2 debattar i Svolvær, Lofoten kulturhus
Redaktør og daglig leiar for Lytring er Anki Gerhardsen.
Alle debattane blir strøymde og lagra via lytring.no
