Skoledebatt: – Viss skulen har færre enn 100 elevar, er han for liten. Då blir klassane så små at det sosiale miljøet blir fattig. Det seier Thomas Nordahl, forskar ved Senter for praksisretta utdanningsforsking. Foto: Sverre Galgum/Universitetet i Innlandet
Onsdag 12. november arrangerer Lytring debatt i Lofoten kulturhus i Svolvær. Spørsmålet som skal diskuterast er om små bygdeskular kan ta vare på læringsmiljøet og den faglege utviklinga til barna.
I debattpanelet finn vi Thomas Nordahl, forskar ved Senter for praksisretta utdanningsforsking, som er ein del av Høgskulen i Innlandet. Han har sett på samanhengen mellom læringsutbytte og skulestorleik både nasjonalt og internasjonalt, og sjølv om det er vanskeleg å setje eit eksakt elevtal som minstemål, er konklusjonen klar:
– Viss skulen har færre enn 100 elevar, er han for liten, seier Nordahl.
Venskap er viktig i skulen, og det er vanskelegare å etablere nære venskap når det er færre å velje mellom.
Thomas Nordahl
– Då blir klassane så små at det sosiale miljøet blir fattig. Venskap er viktig i skulen, og det er vanskelegare å etablere nære venskap når det er færre å velje mellom, seier han.
Små skular slit med kompetansemangel
Nordahl peikar òg på at elevar lærer mykje av kvarandre. I ei lita gruppe blir denne effekten mindre.
– Å ha ein skuledag med mange jamaldrande er ganske vesentleg i denne samanhengen, seier han.
I tillegg slit småskulane med kompetansemangel.
– Det blir vanskelegare å rekruttere utdanna lærarar. Delen tilsette i undervisningsstillingar utan lærarkompetanse er høgare i små skular, seier Nordahl.
FAU-leiaren som går mot straumen
I Noreg er vi vande med høglydte protestar når skular blir foreslått lagde ned. Steffen Nordgård er FAU-leiar ved Eidet skule, som ligg i Bø i Vesterålen. Her går foreldregruppa mot straumen og godtek at skulen blir lagd ned.
– Vi prøver å ikkje vere styrte av kjensler, men heller tenkje fornuftig og rasjonelt. Dermed er vi klare til å flytte ungane våre til ein annan skule, seier Nordgård.
Bø kommune har 224 grunnskuleelevar fordelte på fire skular. Eidet skule er ein barneskule med berre 24 elevar.
– Skulen har for få elevar. Om to elevar i same klasse kjem på kant, er det kanskje ingen fleire å spele på. Om elevane treng bistand frå skulehelsetenesta, må dei ofte vente i dagar eller veker. Vi har mykje å tene på å samle dei få elevane vi har i kommunen, seier Nordgård, som òg deltek i debatten 12. november.
Vi har mykje å tene på å samle dei få elevane vi har i kommunen.
Steffen Nordgård, FAU-leiar
Her får han selskap av Erlend Gjerve, politikar i Vågan, Mona Sjåvik, rektor ved Skova skole og Marit Solstad, som er forskar ved Nord universitet og forfattar av den ferske boka «Små skolar og kortreiste elevar – Til det beste for elevar, bygdesamfunn og land».
Debatten blir leia av ansvarleg redaktør for Lytring, Anki Gerhardsen, og blir strøyma direkte på lytring.no, der ho òg kan sjåast i opptak.
Lytring
Lytring er ein debattarena som skal styrke eit forskingsbasert, offentleg ordskifte som er aktuelt, spennande og lærerikt for innbyggjarar i heile landet. Lytring er ein arena der forskarar møter samfunnsdebattantar for diskusjon og refleksjon.

