
Slankespalta. Korleis skal eg bli slank, og korleis bli kvitt dobbelthake, spør unge jenter om i denne utgåva av Hjemmets slankeservice. Det vart sett likskapsteikn mellom tynn og pen. Foto: Vera Isachsen.
Hilde Berit Moen er førsteamanuensis ved Fakultet for samfunnsvitenskap. I heile si forskingskarriere har ho vore oppteken av skjønnheitsideal, eteforstyrringar og ikkje minst samanhengen mellom desse og samfunnet vi lever i.
No har ho gått gjennom 1973-årgangen av vekebladspalta «Hjemmets slankeservice», og har samla funna sine i ein artikkel med tittelen «Bli noen kilo penere!».
Vekeblada var viktige influensarar
Bakgrunnen for forskinga er at Moen meiner det er viktig å sjå på korleis det sosiale spelar inn når folk får eteforstyrringar. Ho meiner det er eit perspektiv som har blitt oversett, til fordel for det biomedisinske.
– Eteforstyrringar vaks fram i det omfanget vi kjenner i dag utover 1970- og 80-talet. Det er ikkje slik at vi endrar oss biologisk på dette tidspunktet, men det sosiale endrar seg radikalt. Difor har eg kalla eteproblematikk «eit avtrykk av samtida» i liva våre og på kroppane våre.
Vekebladet Hjemmet vart lese av jenter og kvinner i alle aldrar, og var på den tida ein viktig influensar, saman med Norsk Ukeblad og Allers.
Kvar veke hadde dei ei spørjespalte under tittelen «Hjemmets slankeservice», der eit kvinneleg skjønnheitsideal svara på korleis ein skulle bli tynn.

11-åringar fekk råd
– Eg las det sjølv hos bestemora mi, seier Moen.
Ho har gått grundig gjennom den vekentlege slankespalta og reportasjar om slanking og skjønnheit elles i bladet.
– Det var overraskande kor sterke og eintydige normer bladet presenterte.
Det fanst berre ein type kropp – den slanke – som var det ideelle. Det var berre eit alternativ. Språkbruken var òg verre enn eg hadde sett for meg.
Hilde Berit Moen
Blant det ho har lese, er det ein 11-åring som får råd om korleis ho skal ta kontroll over kroppen sin. Ein annan reportasje var om ei gruppe damer som har vore «temmelig uformlege, rett og slett ‘tjukke’». Då dei gjekk ned i vekt, vart dei «slanke, positive og glade kvinner».
– På denne tida veks individualiseringa fram. Vi kan bli kva vi vil og gjere kva vi vil. Men samtidig viser eg i artikkelen at det tradisjonelle kjønnsrollemønsteret står fast. Måten idealkvinna blir framstilt på legg strenge føringar for korleis kvinner kan leve, vere og sjå ut. Media er ein stor påverknadsfaktor, og kvinneblada heldt fast på eit tradisjonelt kvinnesyn, seier Moen.
Kroppsmisnøye
Hjemmet-eigar Egmont beskriv sjølv vekebladet som den tidas sosiale medium og som eit familieblad. Hilde Berit Moen var ikkje den einaste ungjenta som las bladet hjå bestemora si.
Unge jenter vart gjennom slike blad eksponerte for kroppsmisnøye og slankepress.
Hilde Berit Moen
– Unge jenter vart gjennom slike blad eksponerte for kroppsmisnøye og slankepress.
Mange hugsar videoar med Jane Fonda i rosa tights og panneband. Hjemmet var ikkje åleine om å ha fokus på kropp og tynnleik. Moen meiner det er viktig å vere klar over kva dette gjorde og framleis gjer med mottakaren.
– Media forsterkar utsjånadsidealet, som i praksis er tynnleiksidealet. Når vi gjer det til ein del av verdisynet vårt, fører det til at vi blir misnøgde med oss sjølve og eigen kropp. Det er massiv forsking som stadfestar at kroppsmisnøye er ein sentral faktor i eteforstyrringar, seier Hilde Berit Moen.
– Uakseptabel språkbruk
Anoreksi som eteforstyrring har vore beskriven så langt tilbake som på 1870-talet, men meir som enkelttilfelle. Bulimi fanst ikkje som diagnose før i 1979.
– Frå 1985 til 1995 er det rapportert om ein betydeleg auke av bulimi både i Europa og USA. Ein tenkte tydelegvis ikkje på at medias søkjelys på slanking og idealkroppen kunne ha slike konsekvensar, seier Moen.
Ho meiner mange av formuleringane i Hjemmets Slankeservice ville ha hamna under det som i dag på ikkje så godt norsk blir kalla «body shaming».
– Det hadde heldigvis aldri blitt akseptert å snakke slik om kroppen i dag. Ikkje minst var måten dei snakka til born på heilt uakseptabel.
– På ein måte har vi kome vidare. No finst det alternative framstillingar av kropp i sosiale medium, til dømes under taggen «body positivity», som framhevar at alle kroppar er like mykje verdt. Det finst grupper ein kan bli del av, slik at ein kan skjerme seg mot den skjønnheitsdiskursen som finst i dag, seier Hilde Berit Moen.
Verdsdagen for psykisk helse 10. oktober
- Verdsdagen for psykisk helse er ein nasjonal kampanje som blir markert over heile landet frå veke 39-42 kvart år.
- Årets tema: Vi treng å snakke meir saman
- Dagen er også ein internasjonal FN-dag som blir markert i over 150 land.
- Målet er å formidle kunnskap, forståing og openheit om psykisk helse, og mobilisere til engasjement og tiltak for den psykiske folkehelsa.
Kjelde: Forsiden | Verdensdagen for psykisk helse