Slik får du ein best mogleg studiestart

Slik får du ein best mogleg studiestart
Vær open, ikkje sei nei – men ja. Her er råda du som ny student ikkje må gå glipp av.

Sommerfuglar i magen og smånervøse blikk er noko mange - om ikkje dei fleste, opplever første dag på sin nye studiestad.

12. august var det studiestart ved Nord universitet både i Bodø og Levanger. I Bodø troppa 2 500 nye studentar opp til første studiedag, medan rundt 1 100 møtte opp i Levanger.

Her har vi samla nokre av dei beste råda til deg som fersk Nord-student.

Tips nr. 1: Bli med på studentidrett

– Meld deg inn i eit studentidrettslag. Da får du straks nye vener og eit stort sosialt nettverk gjennom aktivitetar, anmodar Sivert Bartnes i Bodøstudentenes idrettslag (BOSI).

Han veit kva han snakkar om. For eit studentidrettslag er så mykje meir enn eit nettverk, ifølge Bartnes.

– Her finn du folk med felles interesse, noko som er ein fin icebreaker. Du kjem inn i eit miljø, seier han.

Ung kvinne foran kantine. Foto
Sei hei: Christine Olsen skal byrje på sitt andre år på barnevern, og er i år fadder for nye studentar. Hennes beste tips er å si hei til folk du ikkje kjenner. Foto: Lise Fagerbakk

Tips nr. 2: Si hei – både til kjente og ukjente

Ein anna lavterskel-ide er rett og slett å si hei.

– Prøv å være open og si hei til folk du ikkje kjenner. Det gjorde eg da eg byrja her i fjor. Det lønte seg. Eg fekk nye vener og no har eg flytta saman med ei ny venninne, fortel barnevern-student Christine Olsen.

HRM-student i Levanger, Johanne Ryen, har samme oppmoding. – Ikkje vær redd for å si hei til nokon du ikkje kjenner. Hugs at alle andre er like nervøse og nye som deg sjølv, seier Johanne.

Ho er frå Røros og har akkurat kommet til Levanger.

– Eg kjenner ingen frå før her, men eg trur Levanger blir veldig bra, smilar ho før ho hastar av gårde med faddergruppa si.

Smilende ung kvinne med solbriller og sekk på ryggen, holder en hamburger og en cola
Vær open og si hei til ein du ikkje kjenner: – Hugs at dei fleste er like nye som deg, seier Johanne Ryen. Hun er klar for studenttilværinga i Levanger etter å ha jobba fem år i Forsvaret. Foto: Øyfrid S. Knudsen.

Totalt var det sist år 11 140 studentar ved Nord universitet. Rektor Hanne Solheim Hansen minnar i sin åpningstale om at du som ny student må ta sats og gjere ein innsats.

– Men hugs; vi skal gå vegen saman, la ho til.

Nettopp dette har ny student Johanne Kristiansen lagt merke til.

– Nord er veldig engasjert i det å gi oss ein god start på studenttida. Det er mange aktivitetar, og dei er lette å bli med på, rosar ho.

Tips nr. 3: Vær aktiv

Noko av det viktigaste du som ny student kan gjere, er å være aktiv og ta del i fadderperioden. Det seier Kristian Brunsvik Olsen, som er administrerande direktør i Studentinord. Han hilsa studentane velkomen under studieopningen i Levanger.

– Vær med og våg å bli kjent med nye studentar. Det vi ser er at dei som er aktive i studenttida, får nye relasjonar for livet. Nokre av dei beste kompisane dine møtar du gjerne i studietida eller i fadderperioden. Det har eg sjølv erfart, for både min forlover da eg gifta meg, samt fadderane til mine barn, er folk eg møtte som ung student.

Mann i dress. Foto
Venskap for livet: Kristian Brunsvik Olsen er adm.dir. i Studentinord, og har sjølv veldig gode minner tilbake til si tid som student. Foto: Bjørnar Leknes.

Tips nr. 4: Sei ja til alt!

Jacques Parraga-Michitsch studerar spel og opplevingsteknologi i Levanger. Han er fadder i år, og har ei krystallklar oppmoding. Sei ja til absolutt alt i byrjinga.

– Studia er sjølvsagt viktige, men det aller viktigaste til å byrje med er at du kosar deg og får ein trygg sosial plattform. For om du ikkje har det bra i ditt første semester, er sjansen stor for at du ikkje vil trivst seinare heller, seier han.

Øyvind Roberg og Håkon Alstad er helt einige.

– Bli kjent med folk og bli med på fadderveka. Det er dei to viktigaste vekene i ditt studieliv. Da får du gode kontaktar og vener for livet.

Tre unge gutter i blå t-skjorter. Foto
Bli kjent med folk: Det er den klare oppmodinga frå Øyvind Roberg, Håkon Alstad og Jacques Parraga-Michitsch, som er del av det store fadderkorpset ved Nord universitet i Levanger. Foto: Bjørnar Leknes.

Rakel Almås, Ragnhild Sve og Ane Bye Rossetnes ved Nord i Levanger er veldig einige.

– Vær med i fadderveka, utfordre deg sjølv, møt opp på skolen og les mykje, seier Almås.

Tre unge jenter i blå t-skjorte. Foto
Tryggleik og samhald: – Noko av det viktigaste da vi var ferske studentar, var å få nyte godt av den tryggleiken som fadderane ga oss og alt det gode samhaldet dei bidro til, seier Nord-studentane Rakel Almås, Ragnhild Sve og Ane Bye Rossetnes. Foto: Bjørnar Leknes.

Tips nr. 5: Ikkje la deg stresse

Ved alle Nord sine åtte studiestadar står eit stort antall fadrar klare til å ta i mot deg som ny student. Deira bodskap er ganske einstemmig: Vær med på så mykje som mogleg i fadderperioden, og vær eit ja-menneskje.

Fleire peikar også på at du ikkje må la deg stresse, sjølv om du skulle gjere ein feil.

– Berre lær av det i staden, så gjer du det betre neste gong. Og sørg for å ha eit bra support-team i ryggen. Det får du ved å bli kjent med andre.

Spente: Dei er alle nye studentar i Bodø. Frå venstre Johanne Kristiansen frå Bodø, Sigurd Fossland frå Namsos, Markus Eilertsen frå Bodø, Aurora Storhaug frå Bodø og Frida Saur-Waleniussen. Markus og Aurora tar ein bachelor i Human Resource Management (HRM), mens dei andre tre har valgt årsstudium i engelsk. Foto: Lise Fagerbakk

Tips nr. 6: Finn ein balanse

Einar Sterten skal byrje på Spel- og opplevingsteknologi i Levanger, etter å ha jobba nokre år og studert litt i utlandet tidlegare. Han meiner det er lurt å finne ein balanse mellom studiar og eit sosialt liv.

– Det er viktig å være sosial dei første vekene, men få med deg det som skjer på skolen også så du kjem greit inn i systemet, seier Einar.

Ung mann med briller og sekk på ryggen, står foran murbygg, holder en hamburger
Finn balansen: Einar Sterten oppmodar alle til å være sosiale og samstundes få med seg det som skjer på skolen. Foto: Øyfrid S. Knudsen

Maha Fakhour er ny student i Bodø. Der skal ho studere sosialt arbeid.

– Mitt beste råd er å være open og snakke med dei du møter, seier ho.

Fornøgd: Maha Fakhour gler seg til ta fatt på bachelor i sosialt arbeid. – Eg likar å jobbe med menneskje og eg er veldig glad i barn. Difor valde eg sosialt arbeid, fortel ho. Foto: Lise Fagerbakk.