
Frå neste haust vil Nord universitet tilby bachelor i farmasi som eit nett- og samlingsbasert deltidsstudium over fire år. Foto: Albertine Vestvik.
Dette er ei profesjonsutdanning som gir farmasøytisk kompetanse. Etter fullført utdanning kan du søke autorisasjon som reseptarfarmasøyt.
– Vi aukar talet på studieplassar til førti studentar per kull, og søknad om opptak skjer via Samordna opptak, fortel faggruppeleiar Hege Sletvold ved Nord universitet.
Utveksling og praksis
Dette studieprogrammet består av kjemiske, farmasøytiske, biovitskapelege og samfunnsfarmasøytiske emne. I tillegg inngår eitt emne som er felles for alle helse- og sosialfaglege bachelorutdanningar ved Fakultet for sjukepleie og helsevitskap ved Nord universitet.
– I sjuande semester får studenten moglegheit til utveksling og interaksjon med internasjonale studentar. Ein fire månader lang praksisperiode i apotek inngår i åttande semester, der ein i denne perioden blir rekna som heiltidsstudent, fortel Sletvold.
Hovudsakleg digital undervisning
Undervisninga vil hovudsakleg gå føre seg digitalt. I tillegg blir det arrangert obligatoriske fysiske samlingar i Namsos, som omfattar laboratorieøvingar, anna ferdigheitstrening og eksamenar. Enkelte eksamenar vil bli gjennomført i Stjørdal.