Statsråden fekk den store æra...

Statsråd Oddmund Hoel

Forsøk: Statsråd Oddmund Hoel fikk prøve seg som laboratorieassistent. Foto: Adrian Svendsen Bensvik

Statsråden fekk den store æra...
...av å opna Nord universitets nyaste storsatsing Noatun. To år etter at han la ned grunnsteinen.

For to år sidan la Oddmund Hoel ned grunnsteinen for Noatun, den gongen som statssekretær. Denne veka var han tilbake for å gjennomføra den offisielle opninga, no som forskings- og høgare utdanningsminster.

– Eg kjem ikkje hit for å grava grunnsteinen opp igjen, forsikra han, idet han lovprisa kva utdannings- og forskingsmoglegheiter Nord universitet no kan oppnå.

Viktig: Statsråd Oddmund Hoel vil ha fleire unge inn i den blå utdanninga og forskinga. Foto: Lise Fagerbakk

Noatun, tidlegare Blått bygg, er Nord universitet sitt høgt moderne og nye bygg, kor heile 80 prosent av bygningsmassen er dedikert utdanning og forsking.

– Kjære alle saman. Dette er ein stor dag; gratulerer. For meg er det utruleg hyggjelig å vera tilbake for å sjå bygget i all si prakt. Dette bygget vil vera med på å forma landsdelen i fagfeltet blå næring, som er eit prioritert forskingsfelt. Når me i tillegg veit at Nord universitet dekkjer rundt 40 prosent av den totale kystlinja vår, gir dette bygget universitetet eit unikt utgangspunkt for å driva forskingsbasert undervisning, seier Hoel.

Fleire må velja blå næring

Han understrekar at samfunnet Noreg treng at fleire unge utdannar seg i den blå næringa.

– Me treng at fleire unge utdannar seg i desse faga. Me veit at stadig fleire interesserer seg for nordområda og Arktis. Det gjer at kunnskap om nordområda er viktig. I dette ligg det store moglegheiter. Dette bygget, med dens moderne undervisningsrom og teknologiske laboratorier, er med andre ord viktig, og gir gode moglegheiter for å tenkja ut nye løysingar for framtida, seier statsråden.

En kvinne og to menn i pene klær under åpning av nytt bygg. Foto
Samarbeid: Rektor Hanne Solheim Hansen, statsråd Oddmund Hoel og byggherredirektør Marius Tunstad i Statsbygg. Foto: Adrian Svendsen Bensvik

Rektor Hanne Solheim Hansen minner statsråden om at også regjeringa har eit ansvar i å få ungdom til å velja utdanning og forsking i dei blå næringane.

– Nord universitet har en sterk posisjon i den blå sektor. No ligg forholda virkeleg til rette for at me skal lykkast med dette, seier Solheim Hansen.

På tids - og kost

– Det er med stor audmjukskap og stoltheit eg får stå på eit nytt bygg på Nord universitet for andre gong på to veker. Førre veka var det opning av Kreativt bygg i Levanger. I dag er det dette flotte bygget sin tur. Her vil studentar og forskarar finna nye berekraftige og gode løysingar for det som kanskje er den viktigaste næringa for framtida, seier byggherredirektør Marius Tunstad i Statsbygg.

Som byggherre er Tunstad ikkje minst fornøgd med bygget i seg sjølv.

– Dette er eit bygg med meining. Det har fått eit kledeleg namn og er areal- og kostnadseffektivt bygd for framtida. Me har valt berekraftege løysingar i bygginga. Me har blant anna brukt lågkarbon-betong, og bygget er koblet på bergvarmen. Bygget har passivhus-standard. Så er det også bygget på tid og kost, forteller han.

Mann i dress som snakker i mikrofon. Foto
Fornøgd: Byggherredirektør Marius Tunstad i Statsbygg synest Noatun har vorte eit flott bygg. I bakgrunnen står dekan Mette Sørensen ved Fakultet for biovitenskap og akvakultur. Foto: Lise Fagerbakk.

Sjå også denne, frå juni 2024!

Og ikkje minst denne, da statsråd Hoel la ned grunnsteinen.

Den berekraftige bergvarmen.

Sjå også den siste videoen som er laga:

Noatun er namnet på nybygget i Bodø, som skal huse studentar og forskarar innan biologi, dyr og hav. Namnet er oppkalla etter heimen til den norrøne guden Njord, som hadde ansvaret for havet, trygg seilas, godt fiske og rikdom frå havet.

Bygget er 8.400 kvadratmeter stort og inneheld mellom anna:

  • To kjemilaboratorium og biologilaboratorium med kapasitet for inntil 50 studentar.
  • Simuleringslab kopla opp til oppdrettsanlegg.
  • Dyrepleieklinikk, med mellom anna disseksjonssal.
  • Ulike spesiallaboratorium for forsking.
  • Forelesningssal/auditorium for undervisning.

Relaterte saker: