
På same scene: Skodespelarstudentane i Levanger, Oslo og Fredrikstad står saman i ei turbulent tid. Saman byggjer dei nettverk gjennom Glasnost-festivalen, som foreinar studentane frå Oslo, Fredrikstad og Levanger. Foto: Bjørnar Leknes.
Kvart år blir det utdanna rundt 100 nye skodespelarar i Noreg. Men arbeidsmarknaden er tøff, og kulturen er meir utsett for press og nedskjeringar enn før.
Nyleg vart det også kjent at Akademi for scenekunst (NTA) i Fredrikstad skal bli lagt ned, noko studentane har reagert kraftig på.
– Det er uroande å lese om at arenaene for framtidige arbeidsplassar blir færre, og at moglegheitene blir mindre. Fleire stadar i landet blir det no kutta i midlane til mellom anna kulturskulane. Det er berre trist, seier Marie Torre Snipen.
Nytt teaterbygg til hundre millionar kroner
Ho er skodespelarstudent ved Nord universitet i Levanger og kjenner på eit stort privilegium, trass i nokre mørke skyer på kulturhimmelen.
Hausten 2024 kunne ho og dei nesten 60 medstudentane på Skodespel og scenekunstproduksjon ta i bruk eit nytt og topp moderne bygg på 1300 m², skreddarsydd for nettopp dei. Dei nye lokala har fått namnet Kreativt bygg. Prislappen? 100 millionar kroner.

– Her i Kreativt bygg er det høgt under taket, romma er store, vi har utsikt mot fjorden og åkrane. Det er sjeldan det blir bygd nye bygg for teater og skodespelarfag, så vi føler oss veldig heldige, seier Hedda Stenerud Steien.
Lokala og utsikta gir oss god inspirasjon når vi jobbar med kreativitet. Det løftar oss rett og slett.
Hedda Stenerud Steien
Les meir: – Eit bygg som inspirerer til kreativitet og samhandling
Studentane gir utdanninga toppscore
Nyleg gav studentane utdanninga ein score på 4,9 av totalt 5,0 mogleg på overordna tilfredsheit i den landsomfattande undersøkinga kalla Studiebarometeret. Det er eit resultat heilt i norgestoppen og heng saman med dei nye lokala.
Det var difor med stoltheit at dei få veker inn i 2025 tok imot nær 40 andre skodespelarstudentar frå Oslo og Fredrikstad til ei helg fylt av workshopar, presentasjonar og nettverksbygging.

Comeback for Glasnost-festivalen
Med det blåste dei liv i ein gamal tradisjon kalla Glasnost-festivalen. Denne såg dagens lys i 2006 og er eit samarbeid mellom teaterutdanningane ved Nord universitet, Kunsthøgskolen i Oslo (KHiO) og Akademi for scenekunst (NTA) i Fredrikstad. På Glasnost møtast studentane til workshops og fagleg utveksling, med mål om å lære av kvarandre.
– Glasnost-festivalen forsvann brått med koronaen, men no tek vi han opp att. Vi er jo framtidige kollegaer og kjenner på at det er viktig å kjenne kvarandre og ha eit godt forhold, seier Marie Torre Snipen.

Med rundt 100 000 kroner i støtte frå kultur-Noreg fekk Glasnost sitt comeback. Denne gongen på campus Røstad i Levanger. Neste gong blir det truleg i Oslo. No trur dei at festivalen er komen for å bli.
– For meg var det veldig fint å utveksle syn på kunst med skodespelarstudentar frå andre institusjonar. Vi gjer jo så mykje ulikt, og det er spennande å bli utfordra på det vi lærer, seier Magnus Stokkeland.

Kjærleik og god energi
– Vår dekan sa nyleg til oss at no som det skjer så mykje forferdeleg i verda, er det enda viktigare å samlast om noko fint, som jo kunst er. Det er vi veldig einige i. Og det kjente vi på denne helga, for det var mykje god energi og kjærleik her under festivalen, seier Celeste Faurschou frå Danmark.
Kjenner dykk på uro knytt til framtida for kunst og kultur?
– Ja, vi gjer jo det. Og no som kultur-Noreg kanskje er på veg i feil retning, er det ekstra fint å stå saman for å snu det. Det er fint å kjenne på at det er rom for samarbeid, seier Marie Torre Snipen.
PS Vil du sjå studentane i aksjon? Kom på den opne visninga deira, kalla Chaos and Fantasy, onsdag 19. og torsdag 20. mars 2025 i Kreativt bygg. Det er fri inngang og ikkje naudsynt med billettar.

Glasnost-festivalen
For og av skodespelarutdanningane ved Nord universitet, Kunsthøgskolen i Oslo og Akademi for scenekunst i Fredrikstad. Vart første gong arrangert i 2006, og vart lagt på is under koronaen. Glasnost 2025 vart arrangert av skodespelarstudentane ved Nord universitet.
Sponsorar for årets event: Nord universitet, Norges Skuespillerforbund, Norsk Skuespillersenter, Kunsthøgskolen i Oslo (KHiO), Akademi for scenekunst (NTA), Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU) Frifond og Trønderkassa.