– Vi ønskjer å lyfte fram kvinneleg havforsking, og vitskapen og den synlege kunsten kan uttrykkast gjennom måling, teikning, grafikk, fotografi, skulpturar eller ei samanblanding av fleire kunstformer, fortel prosjektleiar Arkadiusz Pinkowski ved Nord universitet.
10 000 kroner i stipend
Det er inntil ti kvinner som får 10 000 kroner kvar i kunststipend, og fristen for å søkje er 16. juni. Kven som får stipend, vert gjort kjend 1. juli.
– Kunstutstillinga vil vere i Noatun, Nord universitet sitt nye praktbygg i Bodø, som opnast denne hausten. Bygget skal huse studentar og tilsette innan akvakultur og biovitskap. Kunstverka vil vere tilgjengeleg for eit breitt publikum i perioden 18. til 27. september, seier professor Henning Reiss ved Nord universitet.
Ein hyllest til kvinner og havet
Ideen bak kvinneutstillinga byrja i 2022 ved eit polsk institutt for marinbiologi (Instytut Oceanologii, IO PAN), som ein reaksjon på historisk undertrykkjing av havforsking utført av kvinner.
– Havet er blitt utforska, studert og synt fram gjennom eit maskulint perspektiv i lange tider. Så seint som i 1970-åra dominerte førestillinga om at havekspedisjonar var for lange og fysisk krevjande for kvinner. I dag er rundt halvparten av dei store havforskingsprosjekta leia av kvinnelege forskarar, fortel Jan Marcin Weslawski, direktør ved IO Pan.
Du finn søknadsskjema og meir informasjon om stipendordninga her.