Husanboy Ahunov ville finne ut kva som skjer når bedrifter rapporterer på andre måloppnåingar enn dei reint økonomiske.
Ein av artiklane hans er ein studie av alkoholindustriens hybridorganisasjonar i Finland, Noreg og Sverige, med fokus på verdiskapingsmekanismar.
Jobbar for berekraftsmåla
Hybride organisasjonar er organisasjonar som samtidig har to eller fleire mål, til dømes sosiale, miljømessige og økonomiske. Vinmonopolet og Kirkens Bymisjon er kjende døme på denne typen organisasjonar.
− For å vise at dei skaper sosiale, miljømessige og økonomiske verdiar, utarbeider desse organisasjonane berekraftrapportar. I desse rapportane har organisasjonane begynt å nemne korleis dei bidrar til å nå FN sine 17 berekraftsmål.
− Desse måla dekker alt frå å bekjempe fattigdom og svolt, til å sikre god utdanning, likestilling og lågare miljøavtrykk, forklarar Ahunov.
Rapportering som verktøy
− Dersom vi skal få eit meir berekraftig samfunn, må vi ta i bruk moglegheitene som ligg i rapporteringsverktøy, meiner Ahunov, som kjem frå Usbekistan.
Ahunov fortel at ein ut frå Vinmonopolets årsmelding heilt konkret kan sjå kva tiltak som blir praktisert for å påverke alkoholforbruket, og dermed bidrar til ei helsegevinst.
− Det handlar om å redusere forbruket av alkohol, seier han.
Stoppa over 15 000 unge
I berekraftrapporten er det talfesta kor mange kundar under 25 år som viste legitimasjon, og kor mange som blei avvist på grunn av alder. I 2022 var dette talet 15 278. Det blei òg sett i gang opplæringsprogram for å gjere dei butikktilsette tryggare i slike situasjonar.
I tillegg krev Vinmonopolet meir fokus på berekraft hos sine leverandørar, og meir berekraftige produkt, som mindre glas og attvinneleg emballasje.
− Det er interessant å sjå korleis mellom anna Vinmonopolet tar i bruk rapporteringsverktøy for å nå sine sosiale og miljømessige mål. Det er ein stor og imponerande infrastruktur som ligg i botnen, og det er desse prosedyrane som skaper tala, seier Ahunov.
Rapportering løfter fram verdiar
Det har blitt stilt spørsmål om Vinmonopolet klarer å oppretthalde verdipluralisme, det vil seie at dei balanserer sosiale, miljømessige og økonomiske verdiar.
Husanboy Ahunov meiner å ha grunnlag for å seie at rapportering som verktøy er med og løfter fram andre verdiar enn dei økonomiske.
− Ikkje-finansiell rapportering synleggjer den jobben som blir gjort, og bidrar til å oppretthalde sosiale og miljømessige verdiar, seier Ahunov.
Disputas: Husanboy Ahunov
Husanboy Ahunov disputerer for graden Philosophiae Doctor (ph.d.) ved Handelshøgskolen, Nord universitet, 11. desember 2024.