Stor auke i søkjartala til barnehagelærarutdanninga ved Nord

Tre kvinner i Nærøysund

Eit godt lagarbeid har gjeve resultat: Frå venstre Trine Valø, kompetansekoordinator i Ytre Namdal, Elin Børve, faggruppeleiar for barnehagelærarutdanninga ved Nord, og Helle Mørch Horseng, rådgivar i barne- og ungdomstenesta i Nærøysund kommune, er alle nøgde med gode søkjartal til den nye barnehagelærarutdanninga i Nærøysund. Foto: Nina Kjeøy.

Stor auke i søkjartala til barnehagelærarutdanninga ved Nord
Medan søkjartala til dei fleste lærarutdanningane har gått ned nasjonalt, ser Nord universitet fleire positive teikn for opptaksåret 2024.


Det er lite tvil om at heilt nettbaserte studiar og nett- og samlingbaserte studiar er mest attraktive, og det er barnehagelærarutdanninga som har størst auke med heile 55 prosent frå 2023. Medan tala nasjonalt er stabile for denne utdanninga, opplever Nord universitet ei betydeleg vekst.

Her er dei tre mest populære barnehagelærarutdanningane ved Nord universitet:

  • Barnehagelærar, deltid, Bodø: 63 søkjarar
  • Barnehagelærar, deltid, Kolvereid: 55 søkjarar (nytt studietilbod)
  • Barnehagelærarutdanning, deltid, Levanger: 40 søkjarar

Totalt har 214 personar søkt på ein av Nord universitet sine barnehagelærarutdanningar som førsteprioritet, mot 138 søkjarar i 2023.

Den store overraskinga

Årets opptak har positive tendensar, og ein av desse er søkjartala til den nye barnehagelærarutdanninga på Kolvereid i Nærøysund kommune i Trøndelag. Studiet startar hausten 2024.

På grunn av ønsket om desentralisert barnehagelærarutdanning frå fleire kommunar både i den nordlege delen av Trøndelag og den sørlige delen av Nordland, valde Nord universitet å flytte 30 studieplassar frå campusutdanninga i Levanger til ei nett- og samlingbasert utdanning på Kolvereid. Denne endringa har gitt ønska resultat med heile 55 søkjarar.

Ny barnehagelærarutdanning

Nord universitet samarbeider med regionrådet Trøndelag Sørvest og kommunane Frøya, Heim, Hitra, Skaun, Orkland og Rindal for å etablere ei desentralisert deltids barnehagelærarutdanning i regionen etter same modell som i Nærøysund. Denne utdanninga startar allereie hausten 2024.

Dette er i tråd med føringane frå profesjonsmeldinga, som seier at utdanningsinstitusjonane i Noreg skal tilby praksisnære profesjonsutdanningar som også skal vere nær der folk bur.

Profesjonsmeldinga seier vidare:

"Vi treng fleksible og desentraliserte utdanningar som gir folk ein sjanse til å bli det dei drøymer om, sjølv om dei har lån på hus og bil, må hente barn i barnehagen og må måke snø for bestemor".

Nina Kjeøy og Elin Børve på universitetsområdet i Levanger.
Nina Kjeøy og Elin Børve. Foto: Ole Johan Ramfjord.

– Nord universitet tar samfunnsoppdraget på alvor ved å tilby attraktive studiar der folk bur, og ut frå årets søkjartal ser det ut til at vi har lukkast med rekrutteringsarbeidet vårt, mellom anna gjennom satsinga LæreriNord, seier Nina Kjeøy, leiar for kommunikasjonsteamet ved FLU.

Den nye nettbaserte masteren for barnehagelærarar har også gode søkjartal. Studentane kan følgje undervisninga på nett, noko som gjer at dei kan bu kvar som helst og likevel oppnå ein mastergrad i barnehagepedagogikk.

– Vi er glade for at dei nye tiltaka vi har gjort når det gjeld endring av studietilbod og mobiliseringa som er gjort ute i distrikta, har gitt resultat i form av fleire søkjarar, seier Elin Børve, faggruppeleiar for barnehagelærarutdanninga ved Nord universitet.

Nedgangen på grunnskulelærarutdanningane

Som elles i landet er det også ein nedgang på grunnskolelærarutdanningane ved Nord. I fjor lyste Nord ut åtte tilbod innan grunnskulelærarutdanningane, medan det i år vart lyst ut seks tilbod. Eit positivt trekk er søkjartala til grunnskulelærarutdanninga i Bodø. Her har totalt 65 personar søkt på dei to utlyste studietilboda.

Prodekan Vegar Sellæg. Foto: Nina Kjeøy.

– Eg trur dei positive tala for Bodø kan forklares med at tilboda i år blir lyst ut nett- og samlingbasert, seier Vegar Sellæg, prodekan for utdanning ved FLU.

Her er søkjartala til grunnskulelærarutdanningane ved Nord universitet:

  • Trinn 5-10, Bodø: 35 søkjarar
  • Trinn 1-7, Nesna: 32 søkjarar
  • Trinn 1-7, Bodø: 30 søkjarar
  • Trinn 5-10, Nesna: 23 søkjarar
  • Trinn 1-7, Levanger 18 søkjarar
  • Trinn 5-10, Levanger: 18 søkjarar

Lokalt og nasjonalt søkjarmønster

Dei praktisk-pedagogiske utdanningane i vinden

Dei praktisk-pedagogiske (PPU) utdanningane ved Nord er populære for opptaksåret 2024. Det ser ut til at fleire ønskjer å bli lærarar innan yrka dei sjølve har praktisert.

PPU for allmennfag med fagdidaktikk innanfor naturfag har størst auke samanlikna med 2023-tal, med heile 133 prosent auke frå 21 søkarar i 2023 til 49 i år. Ein forklaring på denne store auken kan vere at undervisningsforma har blitt endra frå samlingsbasert til rein nettbasert.

Stor søking til fleksible vidareutdanningar og teater

Andre trendar for 2024-opptaket er at folk i jobb ønskjer meir utdanning og påfyll av kompetanse. Nord universitet har eit breitt tilbod når det kjem til nettbaserte vidareutdanningar, alt frå kortare studier til masterpåbygg.

Veilederutdanningane for lærarar på nett har svært god søking. Det same gjeld masterutdanningane i logopedi og tilpassa opplæring.

Mange ønskjer å bli skodespelarar ved Nord universitet. Her er det opptak etter opptaksprøver. I 2024 er det 144 søkarar på 20 studieplassar.

Her er ei oversikt over populære fleksible studium ved FLU for opptaksåret 2024:

  • Samfunnsfag – årsstudium, nettbasert: 200 søkjarar
  • Rådgiving og danning – Bodø, nett- og samlingsbasert: 112 søkjarar
  • Fleksibel vidareutdanning i trening, nettbasert: 97 søkjarar
  • Logopedi – Bodø, Master, nett- og samlingsbasert: 94 søkjarar
  • Grunnstudium pedagogikk, nettbasert: 93 søkjarar