Student bekrefta omkommen etter tragisk ulykke

Student bekrefta omkommen etter tragisk ulykke
Nord universitet har fått bekrefta at kvinna som vart funne omkommen i Moskenes laurdag 12. oktober, er utvekslingsstudent ved Nord universitet.

– Vi har i dag fått den triste nyheita om at det var Kaisa Wiens som vart funne omkommen etter ein tur i Moskenes i Lofoten. Ho er student ved eit universitet i Canada, og var på utveksling til eit studieprogram i Levanger. Våre tankar går no til familie, medstudentar, vener og andre pårørande, seier rektor Hanne Solheim Hansen.

Kaisa Wiens vart meldt sakna fredag kveld, etter at ho ikkje hadde kome attende frå ein avtala tur. Det har vore ein omfattande leiteaksjon, der studenten vart funne omkommen.

Ifølgje politiet vart avdøde funne i bratt terreng. Politiet har ingen informasjon som tilseier anna enn at dette er ei tragisk ulykke.

Nord universitet har satt beredskapsstab og er i kontakt med politiet for å bistå der vi kan. Universitetet er også i dialog med studentens universitet i Canada.

– No er den viktigaste oppgåva å ivareta medstudentar og tilsette som er berørt av denne tragiske hendinga. Vi har saman med Studentinord etablert møtestadar i Levanger for studentar og tilsette som ønsker å møtast og vere saman med andre. Berørte tilsette og studentar får direkte informasjon om dette.

Nord universitets pressevakt kan nås på 400 18 200 eller media@nord.no. Eventuelle henvendingar frå media kan rettast dit.