Studentane engasjerer seg med glede

Hanna Mary Pettersen og Hallvard Nøstdahl

Engasjerte: Hanna May Pettersen og Hallvard Nøstdahl pakker saman etter ein ny informasjonsdag for å spre ordet om Sea-EU og viktigheita av å engasjere seg internasjonalt. Foto: Adrian Svendsen Bensvik

Studentane engasjerer seg med glede
Hanna Mary Pettersen og Hallvard Nøstdahl har late seg blenda av både studentlivet og Sea-EU.

Hanna Mary Pettersen er leiar av Studentorganisasjonen Nord universitet (SON) då ho har late seg blenda av å bistå studentane i lite og stort. Noko som gjer at ho har tatt pause frå studiet i bachelor i internasjonale relasjoner ved Nord universitet.

Samtidig er ho begeistra og engasjert for universitetsalliansen Sea-EU. Det same er Hallvard Nøstdahl. Han brenn også for saka til studentane. På tvers av landegrensane.  

– Det er ein gylden moglegheit for å lære om andre kulturar. Me får dra på reiser og møta andre studentar. Me arrangerer også ting sjølv. Til dømes sommarskulen som vart arrangert første gong i 2024. Den kjem også i 2025, fortel dei.

To unge studenter, mann og kvinne, som pynter en stand med ulike flagg. Foto
Sea-EU: Hallvard Nøstdahl og Hanna Mary Pettersen ivrar etter å informere medstudentane om moglegheita i Sea-EU. Her pakkar dei saman etter ein ny informasjonsdag. Foto: Adrian Svendsen Bensvik

Byggjer nettverk

Det er ikkje alt. Du byggjer også nettverk over landegrensene.

– Det er gøy å møte studentar som brenn for det same som meg, seier Pettersen.

Begge ser no fram til neste samling. Den blir arrangert i Malta i slutten av november. Her vil studentane ta over Nord universitets instagram-konto.

– Eg var med første gong i vår, og vart godt teke imot. Det skal bli flott å møte dei igjen i november, seier Nøstdahl.

Hanna Mary Pettersen ble med i Sea-EU før ho ble leiar i SON. Ho framsnakkar nettverket.

– Det kan vere eit større hopp å velje internasjonale verv, men me er to som reiser saman. Me snakkar også saman med medlemmene i Student Council, seier Pettersen.

Det skjer mykje

Hallvard Nøstdahl vart med våren 2024 og er allereie begeistra.

– Me møtest digitalt ein gong kvar månad, og fysisk to gonger i året. Du får samarbeide over landegrensene og møte nye folk. Det skjer mykje spennande i Sea-EU no, fortel han.

Av og til held dei kontakt med kvarandre også etter at vervet er avslutta.

– Det er ei mangfaldig gruppe og ein finn alltid nokon. Me har framleis kontakt med folk som ikkje lenger har vervet, fortel Pettersen.

Dei sit to år kvar, slik at det alltid er ein med erfaring som sit. SON lyser ut verva føre kvart årsmøte.

Hånd som holder en brosjyre med flagg i bakgrunn. Foto

Om​ Sea-EU

Sea-EU-alliansen består av ni universitet:

Til saman har alliansen meir enn 150.000 studentar og 18.000 tilsette. Universiteta i alliansen skal styrke det kystnære forskings- og utdanningsfeltet, og fremje sentrale samarbeidsområder som internasjonalisering, bærekraft, digital transformasjon, openhet og demokrati.

For Nord universitet er Sea-EU-alliansen ein unik moglegheit til å vidareutvikle universitetet, og gjøre Nord universitet meir synleg og få internasjonal anerkjenning.

Les meir om SEA-EU 

Kontaktperson