Student-trivsel: Studiebarometeret viser at studentene ved Nord universitet gir tilbakemelding om at overordnet tilfredshet ligger på 4,0 også i år, noe som er snittet for sektoren. Foto: Deadline Media.
I dag vart resultata frå Studiebarometeret offentleggjorde. Nord universitet tok eit solid byks i positiv retning i fjor. Årets resultat viser at Nord held oppe framgangen frå i fjor.
Studentane gir tilbakemelding om at overordna tilfredsheit ligg på 4,0 også i år, noko som er snittet for sektoren.
- Sjå våre topp ti studieprogram nedst i artikkelen
Ministeren etterlyser studentar på campus – Nord har større framgang enn landssnittet
Forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland var tidlegare i år tydeleg på at ho ville ha studentane tilbake på campus, både for å styrkje det faglege og det sosiale fellesskapet.
Ved Nord universitet opplyser fleire i år at dei er på campus fem dagar i veka, for å følgje førelesingar eller gjere eige arbeid. 42 prosent møter opp ved lærestaden for undervisning eller eige arbeid fem dagar i veka. Det er tre prosent betre enn landssnittet. 41 prosent oppgir at dei er på campus 3–4 gonger i veka.
Vi legg opp undervisninga slik at studentane skal delta aktivt. Det får vi tilbakemelding om at vi lukkast godt med.
Levi Gårseth-Nesbakk
– Vi legg opp undervisninga slik at studentane skal delta aktivt. Det får vi tilbakemelding om at vi lukkast godt med. Vi ligg over landssnittet her, og det er vi svært glade for, opplyser fungerande rektor Levi Gårseth-Nesbakk (bilete under).
Sjølv om fleire møter oftare på campus, er det framleis ein jobb å gjere for å auke denne delen.
Studentane trivst
Også når det gjeld det sosiale miljøet på studieprogramma, miljøet mellom studentar og fagleg tilsette og faglege tilbakemeldingar frå tilsette på studentarbeid, ligg Nord universitet framfor landssnittet.

– Aktive studentar er bra både for studiemiljøet og for fagleg utvikling. Og det er god førebuing til arbeidslivet, seier Gårseth-Nesbakk.
Gårseth-Nesbakk understrekar at det er viktig å bruke studiebarometeret systematisk til å forbetre studiekvaliteten gjennom heile året.
– Vi set stor pris på at studentane tek seg tid til å gi oss denne tilbakemeldinga. Heile 44 prosent har svart på undersøkinga. Vi må bruke resultata til kontinuerleg forbetring, seier Gårseth-Nesbakk.
Nærleik og høg fagleg kvalitet

Maria Aunøien (44) er lærar ved ein barneskole i Verdal, og er no i innspurten som masterstudent i kunnskapsleiing. Ho forklarar den høge trivselen med god fagleg kvalitet og ei utdanning som er veldig praksisnær.
– Faglærarane er flinke til å presentere stoffet og gir oss god rettleiing og mange praktiske oppgåver. Studiet er dessutan godt lagt opp på eit vis som gjer at vi kan stå i full jobb samtidig, noko som har vore viktig for meg, seier ho, og får støtte av teaterstudent Ask Sjølie Moe (21) frå Trondheim.
– Vi er veldig mykje på universitetet. Nokre gonger så seint som til klokka 23 om kvelden. Her er det obligatorisk oppmøte heile tida, og studiet er veldig fysisk.
– Det beste med teaterutdanninga er leiken i det seriøse. Med det meiner eg at dette er eit utruleg seriøst studium, som vi tek veldig på alvor. Men det er òg veldig gøy. Her får vi halde på lenge med det vi elskar. Og alle som kjem hit har ein veldig sterk lidenskap for det same, seier han.

Brukar kunstig intelligens på ein meir medviten måte
Resultatet for bruken av kunstig intelligens (KI) blant studentane er interessant. Medan åtte prosent oppgir at dei bruker KI til å generere og skrive tekst, ein betydeleg nedgang frå i fjor, oppgir heile 73 prosent at dei bruker KI til å forklare tema, pensum, konsept og liknande.
Det er ein auke frå i fjor.
– Dette er ei ønskt utvikling. Kunstig intelligens skal brukast til å støtte gode avgjerder og læring, ikkje til å ta over avgjerder og læringsprosessar. Dette har vi arbeidd med medvite, og dette skal vi halde fram med å arbeide med framover, seier Gårseth-Nesbakk.
Relevant utdanning og praksis
Hilde Ringberg (24) studerar bachelor i dyrepleie i Bodø. Ho tilbringer mykje av studietida si på campus, og seier at det faglege og sosiale læringsmiljøet betyr mykje.
– Eg er jamt over veldig fornøgd – lærarane er engasjerte, og dei fleste er genuint opptekne av at vi skal få kompetansen vi treng og lære mest mogleg. Det gjer studiet både motiverande og trygt.
– For meg har det òg vore viktig å få relevant praksis. Gjennom praksisperioden hos Dyrlegene fekk eg både god erfaring og tilbod om sommarjobb. Det kjennest som om praksisen verkeleg gir oss ein fot innanfor arbeidslivet, legg ho til.
Turid-Eline Nordal Kviseth er student på master i beredskap og kriseleiing. Ho er politifagleg tilsett ved Politihøgskolen i Bodø og er tett på beredskapsfaget i praksis.
– For meg er masteren i beredskap og kriseleiing utruleg relevant i den tida vi lever i. Når verda er prega av uvisse, opplever eg at kompetanse på krisehandtering ikkje berre er ei utdanning, men eit samfunnsnødvendig gode. Kriseleiing er nettopp kunsten å skape tryggleik når verda blir opplevd som utrygg, seier Nordal Kviseth.
Topp ti studieprogram
Alle tilsette ved Nord universitet er direkte eller indirekte involverte i å arbeide for å betre forholda for studentane, anten heilskapleg eller knytt til kvart enkelt studieprogram. Nøgde studentar er resultat av lagarbeid.
Ved Nord universitet er det desse studieprogramma som tronar øvst på topp-ti-lista over nøgde studentar:
Barnehagelærar Nesna: 4,7
Bachelor skodespel og sceneproduksjon Levanger: 4,6
Master i logopedi Bodø: 4,6
MBA i strategi og leiing Bodø: 4,6
Bachelor i internasjonale relasjonar Bodø: 4,5
Master i kunnskapsleiing Levanger: 4,5
Master i spesialpedagogikk Levanger: 4,5
Bachelor i havbruksdrift og leiing Bodø: 4,3
Master i beredskap og kriseleiing Bodø: 4,3
Bachelor i barnehagelærarutdanning deltid Bodø: 4,2
Bachelor i barnehagelærarutdanning deltid Levanger: 4,2
(For at studieprogramma skal reknast med i det som blir offentleggjort, må terskelverdiane for tal svar og svarprosent vere oppfylte. Det vil seie at det kan finnast studieprogram som skårar høgare enn denne lista, men som ikkje har nok svar.)
Fakta om Studiebarometeret:
- Ei nasjonal, årleg spørjeundersøking om korleis studentane opplever studiekvaliteten. Frå 2026 blir undersøkinga gjennomført annakvart år i staden for kvart år.
- Undersøkinga blir gjennomført av NOKUT på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet.
- Undersøkinga vart gjennomført hausten 2025 og gjekk ut til over 70 000 studentar. 28 000 har svart.
- Undersøkinga går ut til studentar som går andre studieår på bachelor- eller masterprogram, samt studentar som går femte studieår på integrerte masterprogram og lange profesjonsutdanningar.
- Studentane gir svar på ein skala frå 1 til 5, der 5 er det høgaste/beste.
- Svarprosent ved Nord universitet på Studiebarometeret 2025: 44 prosent.
Her kan du lese meir: Kunnskapsprat: Studiebarometeret 2025 – Når læring møter kunstig intelligens | HK-dir
og Studiebarometeret – Studentundersøkinga
