Studiebarometeret: Sei kva du meiner

Studiebarometeret: Sei kva du meiner
Årets viktigaste undersøking blir gjennomført frå 21. oktober til 12. november 2025. Bli med og gjer ditt studieprogram betre.

Studiebarometeret er årets viktigaste studentundersøking. Årets undersøking blir gjennomført i perioden 21. oktober til 12. november 2024 blant om lag 1 800 studieprogram og 74 000 studentar.

Det er Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) som gjennomfører undersøkinga (sjå faktaboks)

Prorektor: – Viktig at mange deltek

Dette er ei spørjeundersøking som går direkte til 2. års bachelorstudentar og 2. og 5. års masterstudentar.

– Undersøkinga handlar om kvaliteten i studieprogramma, og det er viktig med høg svarprosent for å oppnå betre analysegrunnlag, seier Levi Gårseth-Nesbakk, prorektor for utdanning ved Nord universitet.

Universitetet jobbar aktivt med resultata frå undersøkinga, både å lære av dei som får gode resultat og å forbetre det som dykk studentane ikkje er nøgde med.

Pizza og premiar

– Nord universitet har dei siste åra klart ein høg svarprosent, og treng hjelp frå studentane. Vi spanderar pizza til den fyrste klassen på kvar studiestad som oppnår 100 prosent svarprosent, seier Gårseth-Nesbakk.

– I tillegg har vi fleire fine premiar som trekkast til enkelt-studentar i klassar med høg svarprosent.

Om Studiebarometeret

Studiebarometeret er ei nasjonal spørjeundersøking som blir sendt ut til over 70 000 studentar kvar haust. Undersøkinga spør om studentane sine oppfatningar om kvaliteten i studieprogram ved norske høgskular og universitet. Formålet med Studiebarometeret er å styrkje arbeidet med kvalitetsutvikling i høgare utdanning og gi nyttig informasjon om studiekvalitet. På Studiebarometeret - Studentundersøkelsen kan du enkelt

  • finne studentane sine vurderingar av ulike studieprogram
  • samanlikne resultat mellom ulike studieprogram
  • sjå utviklinga over tid for eit studieprogram

Studiebarometeret er initiert av Kunnskapsdepartementet og utført av HK-dir.