Studiet som gjer deg til ein betre rettleiar

Mann i kantineområde, med folk bak. Veiledningsped. Veiledningspedagogikk. Foto

Attraktivt studium: – Mange vil ta veiledningspedagogikk ved Nord. Vi har i snitt 120-130 søkjarar på dei i alt 50 studieplassane, fortel emneansvarleg Runar Johannesen ved Nord universitet. Foto: Bjørnar Leknes.

Studiet som gjer deg til ein betre rettleiar
I over tretti år har Nord universitet tilbydd rettleiingspedagogikk. No er studiet heldigitalt, og framleis like populært. – Det dei lærer her, kan dei bruke i jobben sin med ein gong, seier Runar Johannesen.

Utdanninga har vore fantastisk bra. Eg har aldri fått så god oppfølging i nokon utdanning før.

Anita Holstad

Det seier Anita Holstad, seniorrådgivar i seksjon for kunnskapsbygging ved Nordlandssykehuset.

Ho har tidlegare tatt rettleiingspedagogikk for helse- og sosialfag 1, og er no i gang med del 2. Holstad fortel at studiet gjev henne kompetanse som ho får bruk for med ein gong i jobben sin ved Nordlandssykehuset.

– Dei som leier emnet, følgjer oss tett opp. Dei har fagleg tyngde, set studentane i fokus, og dei tilpassar studiet til korleis vi lærer best, fortel Holstad.

Rettleiing som hjelp til sjølvhjelp

– Poenget med veiledning er å hjelpe dei som blir veiledde til å løyse sine eigne problem.

Det seier Runar Johannesen, som er emneansvarleg ved Nord universitet.

– Ein veileder kan gi råd, men det viktigaste er å hjelpe den andre til å finne løysingar sjølv. Dette skjer gjennom refleksjon, samtalar og metodar, seier han.

Undervisinga inneheld mykje praktisk øving, basert på situasjonar studentane møter i jobben sin.

– Vi koblar teori og praksis. Studentane må vite kva dei gjer og kvifor, seier Johannesen.

Han fortel at dei alltid har hatt store kull både haust og vår på dette studiet, som dei har over tretti års erfaring med ved Nord. Kvar semester har dei 120-130 søkarar til dei 50 studieplassane. Ein suksessfaktor er ifølgje Johannesen at studentane har veldig ulik yrkesbakgrunn.

– Mange har lang arbeidserfaring som dei tek med seg inn i studiet. Det gir fleire perspektiv i diskusjonane, noko som er ei stor ressurs, seier han.

Ein rettleiar kan gi råd, men det viktigaste er å hjelpe den andre til å finne løysingar sjølv.

Runar Johannesen, emneansvarleg

Jobbar med rettleiing

Kvinne i rosa lue og rød genser ute. Foto
Gode råd: Anita Holstad er rådgivar ved Nordlandssykehuset. Ho har hatt stor nytte av Nords studiar i rettleiingspedagogikk. Foto: privat.

I jobben sin som rådgivar har Holstad vore med på å lage eit kurs i veiledning for tilsette ved Nordlandssykehuset. Kurset er basert på det same pensumet som Nord universitet brukar. Sykehuset har eit tverrfagleg fokus i undervisninga. Alt frå lærlingar til overlegar deltek på kurset.

– Vi satsar på rettleiing ved sjukehuset vårt. Målet er å gjere rettleiarane tryggare i rolla si. Vi får gode tilbakemeldingar på kurset, seier ho.

Holstad leiar også grupperettleiing for tilsette ved sjukehuset. Ho synest det har vore verdifullt å styrke si eiga faglege kompetanse og lære nye metodar for rettleiing.

– Vi lærer om rammer for rettleiing, og om rettleiaren si rolle. Vi lærer også å bruke verktøy og metodar som er nyttige når vi rettleier, forklarer ho.

Betre rettleiing for studentane

Gjennom forskingsprosjektet KoRip (Kvalitet og relevans i praksis) har Nord universitet undersøkt korleis studentar kan bli betre på tverrfagleg samarbeid. Rettleiing har vist seg å vere svært viktig for studentane sin læring.

Som ein del av dette har rettleiing av rettleiarar blitt ein del av emnet "Tverrprofesjonell samarbeidslæring".

– Rettleiarane seier at det gir dei betre meistring, meir motivasjon, og ny fagleg kunnskap. Det gir også studentane betre veiledning, noko som igjen fører til betre læring, seier prosjektleiar Hege Sletvold.

Erfarne studentar

Runar Johannesen fortel at studentane har ulike grunnar for å ta studiet.

– Nokre har veileda lenge, men manglar formell utdanning. Andre vil ha meir kunnskap og fleire metodar. Nokre vil også ha betre struktur i samtalene sine, seier han.

Han legg til at det studentane lærer er lett å ta med seg tilbake til arbeidsplassen.

– Det dei lærer i studiet, kan dei bruke direkte i yrkesrolla si. Undervisinga byggjer også på den profesjonelle erfaringa dei alt har, seier Johannesen.

Voksen mann i kantineområde med mennesker i bakgrunn. Veiledningspedagogikk. Foto
Rask gevinst: – Det dei lærer i studiet, kan dei bruke direkte i yrkesrolla si, seier emneansvarleg Runar Johannesen. Foto: Bjørnar Leknes.

Vil lære meir

Anita Holstad synest det er fint at studentane i rettleiingsfaga har forskjellig bakgrunn, både i alder og yrke.

– Det gir gode refleksjonar og nye perspektiv. Eg lærer mykje av å diskutere med studentar som står i andre situasjonar, seier ho.

Ho anbefaler studiet til alle som jobbar med rettleiing, både i sjukehus og i kommunar. Sjølv kunne ho tenke seg å ta meir utdanning i rettleiing.

– Eg håpar det kjem ein del tre av dette studiet. Det er eit juleønske frå meg, avsluttar ho.

Kvinne på cafe. Foto
Mykje vil ha meir: Anita Holstad ser gjerne at ho kan ta meir utdanning innan rettleiingspedagogikk ved Nord universitet. Foto: privat.

Veiledningspedagodikk for helse- og sosialfag

Veiledningspedagogikk for helse- og sosialfag 1

  • Studieform: Deltid
  • Studiepoeng: 10
  • Studielengde: 1/2 år
  • Søknadsfrist: 15. november 2024

Les meir om studiet

Veiledningspedagogikk for helse- og sosialfag 2

  • Studieform: Deltid
  • Studiepoeng: 20
  • Studielengde: 1/2 år
  • Søknadsfrist: 15. november 2024

Les meir om studiet