Tek eit oppgjer med utanforskap

Tek eit oppgjer med utanforskap
Forskarar, ungdommar og skuleleiarar vil saman bidra til ny forsking og kunnskap om korleis skape eit samfunn med plass til alle.

Nord universitet opna tysdag 25. mars 2025 eit nytt forskingssenter. PrepChild skal på tvers av alle fag ha barnas beste i fokus.

PrepChild er eit tverrfagleg forskingssenter ved Nord universitet som skal utvikle kunnskap om sosial beredskap for barn og unge i sårbare livssituasjonar, og som skal hindre utanforskap, seier leiar og professor Catrine Torbjørnsen Halås ved Nord universitet.

Halås seier dei ikkje kjem nokon veg utan ungdom. Ei heller åleine. Difor er stiftinga Med Ungdom i Fokus ein av fleire samarbeidspartnarar. Ikkje berre det. Ungdom fekk æra av å opne senteret med eigne ord. Slik tolkar dei ordet utanforskap:

  • Dei som står åleine og ikkje har vener.
  • Ikkje har jobb.
  • Er mykje åleine og har ingen å gå til.
  • Økonomisk utanforskap gjer at du ikkje har råd til noko.
  • Tør ikkje inkludere seg sjølv.
  • Er ikkje med vener, men berre heime.
Samarbeid: Fire av Nord universitet sine fem fakultet, samarbeider i dette femårige forskingsprosjektet. F.v. leiar Catrine Torbjørnsen Halås, Ann Karin Orset (FLU - Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa), Kathrin Olsen (FLU), Guro Wisth Øydgard (FSV), Natallia B Hanssen (FLU), Jens Grut Vorpvik (FSV), Esben Olesen (FSV), Wenche Torissen (FLU - Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringen), Hilde Berit Moen (FSV), Emma Hamenoo (FSV), Hanne Austerheim (HHN), Janne Breimo (FSV), Ingrid Fylling (FSV) og Ann Torill Tørrisplass (FSV). Med, men ikkje til stades under fotograferinga: Sandra Jervås, Kristin Berre Ørjasæther, Emilie Johansen Wold og Cecilie Høj Anvik.

Seks arbeidspakkar

Senteret er tverrfagleg og fordelt på seks ulike arbeidspakkar, inkluderer heile fire av fem fakultet ved Nord universitet, samt Senter for beredskap og samvirke.

Leiar: Professor Catrine Torbjørnsen Halås, Nord universitet.

Det er ikkje lite dei skal finne ut av.

– Me skal finne ut korleis motverke utanforskap. Vi veit det byrjar tidleg. Det handlar om unge som fell ut av skulen og av samfunnet. Mange unge sit åleine heime i romma sine. Me ønskjer å finne ut kva som fører til dette. Me ønskjer å hjelpe, seier Halås.

Dei seks arbeidspakkane:

  1. Forståing av sårbarheit og risiko– sjå på definisjonar i samfunnet, forskings- og undervisningslitteratur i ein norsk og nordisk kontekst.
  2. Perspektiva til barn og unge på sårbarheit, risiko og kva som støttar.
  3. Feltundersøking – ein treårig studie av elevar frå 4. klasse til ungdomsskule, om overgangar og inkludering i skulen som ein arena for kvardagsliv og læring.
  4. Samhandling i kritiske situasjonar – korleis ulike aktørar samarbeider når barn og unge er i krise.
  5. Beredskap og førebygging – utvikling av samarbeidsmodellar og øvingar for kritiske hendingar og situasjonar, til dømes ved overgrep og skuletruslar.
  6. Senterleiing, utvikling av kunnskapssystem og kommunikasjon

Kjenner fleire

Stiftinga Med Ungdom i Fokus ved Linnea Heggli og Ole Nygård Haugen seier begge at dei kjenner ungdom på same alder, altså 16 og 17 år, som er mykje åleine og lite på skulen. Altså, teikn på utanforskap.

Difor er dei begge på tredje året med i stiftinga som arbeider for at unge skal få ei stemme og tørre å snakke.

– Alle får ikkje lik moglegheit til å delta, så kva kan vi gjere for å hindre utanforskap? Me er difor veldig takksame for å få vere med i dette forskingsprosjektet, seier dei.

Handling: Barnehage- og skulesjef Tore Tverbakk i Bodø kommune.

Barnehage- og skulesjef Tore Tverbakk i Bodø kommune seier det same.

– Me ser at barn heilt ned i barnehagen ikkje høyrer til. Så aukar det med alderen. Det er ikkje berre sosial utanforskap. Me ser ei bekymringsfull skulevegring, seier han.

Det er dette dei ønskjer å gjere noko med.

– Alle barn skal høyre til og skal få ei oppleving av å vere ein del av det faglege opplegget i klassen. Dei skal føle tilhøyrsel i alle timane. Me har alle eit ansvar for at dette skjer. Me takka ja til å bli med i prosjektet fordi vi trur samarbeid er vegen. Alle gode krefter må samlast for ikkje berre å lage planar; dette arbeidet må føre til handling, seier han.

Opna: Rektor Hanne Solheim Hansen, Janne Paulsen Breimo og Catrine Torbjørnsen Halås.

Nord universitet 

Den faglege verksemda vår er organisert i fem fakultet som alle er leia av ein dekan fagleg og administrativt ansvar for sitt område. Me er også medeigar i enkelte selskap og har fleire faglege sentrum.

Dei fire fakulteta som er med i *PrepChild. Med forkortingar:

  • Fakultet for lærarutdanning og kunst- og kulturfag (FLU)
  • Fakultet for sjukepleie og helsevitskap (FSH)
  • Fakultet for samfunnvitskap (FSV)
  • Handelshøgskulen (HHN)