Tidlegare masterstudent nær viktig avtale: Siktar mot global marknad

CEO Vonen of CapiPri.

Samson Steindal Vonen (25) er dagleg leiar for selskapet CapiPro som vann prisen High North Young Entreprenuer sist han vart delt ut av Nordområdesenteret ved Nord universitet. Photo: Markus Johnsen Thonhaugen.

Tidlegare masterstudent nær viktig avtale: Siktar mot global marknad
Bodø-selskapet CapiPro, vinner av den prestisjetunge High North Young Entreprenuer-award, er i ferd med å sikre sin første kommersielle kontrakt på produksjon av berekraftig fiskefôr. Arbeidet starta på Nord.

Det har gått raskt for selskapet som starta som studentbedrift ved Nord universitet.

I februar i fjor vart aksjeselskapet etablert, sist sommar vann dei ein prestisjetung pris - og no er den første store kommersielle avtalen like rundt hjørnet.

– For oss er dette den første, og difor største avtalen vi har inngått. Det viser at vi er i stand til å få kundar som betalar ein god pris for det vi produserer, seier dagleg leiar Samson Steindal Vonen.

CapiPro har for tida kontor i sentrum av Bodø. Selskapet består av tre personar i kjernen, inkludert to som jobbar fulltid og ein økonomiansvarleg. I tillegg har dei med seg fleire masterstudentar. Foto: Markus Johnsen Thonhaugen.

Berekraftig proteinkjelde

Vonen fullførte nyleg sjølv si mastergrad i Entreprenørskap og forretningsutvikling ved Nord universitet, der ideen vart utvikla.

– Vi starta selskapet medan vi gjekk på masteren på Nord. Det gav oss moglegheit til å teste ideen grundig medan vi gjekk på universitetet. Mastergraden la godt til rette for at vi kunne jobbe vidare med bedrifta.

Førebels har dei ein testproduksjon ved forskingsstasjonen i Mørkvedbukta. Den aktuelle kontrakten inneber at ein større norsk aktør skal vere med som pilotkunde.

Det blir jo ein slags pilotkunde som kan vere med og prøve og feile litt saman med oss

Stor uutnytta ressurs

Selskapet utviklar protein til fiskefôr ved hjelp av børstemark. Produktet skal først brukast som supplement i fiskefôr, særleg til stamfisk og yngel.

Marken skal førebels fôrast med restprodukt frå ølproduksjon og pellets. Dei er i dialog med fleire bryggjeri om dette.

– I dag er laksefôr 70 prosent vegetabilske råvarer og 30 prosent marine. Det er stor mangel på protein generelt, og enorm mangel på omega-3. Omega-3 er litt av nøkkelen til vårt produkt, fortel Vonen.

Ambisjonen på lang sikt er å utnytte fiskeslam frå oppdrettsnæringa som fôr til børstemarken. Slik får ein ei berekraftig proteinkjelde å bruke i fôret.

– Dette er ei enorm, uutnytta ressurs. Vi har sterk tru på at vi kan produsere eit trygt produkt basert på fiskeslam. Men regelverket har lange og tunge prosessar, seier Vonen.

Frå produksjonsanlegget i Mørkvedbukta. Vonen har stor tru på framtida. På lengre sikt kan produktet potensielt brukast i fleire marknader, som i omega-3-kosttilskot til menneske. Foto: CapiPro.

Internasjonal anerkjenning

Kontrakten kjem etter at selskapet vann High North Young Entrepreneur Award - ein internasjonal pitchekonkurranse for arktiske forretningsidear.

Prisen vert delt ut av Nordområdesenteret ved Nord universitet.

– Det er jo litt sånn i oppstarten at alle monner dreg, og 50.000 er mykje pengar for oss. Men det viser også at ein har anerkjenning frå eit internasjonalt panel. Det gir oss tyngd, forklarar han.

Vonen tilrår andre gründerar å søkje på prisen. Dei som ønskjer å søkje må sende inn søknaden sin innan 5. februar via denne lenka.

– Alle har godt av å prøve å stå på ei scene og snakke framfor folk. Det å evne å formidle det ein jobbar med på ein fornuftig måte er essensielt. Du må klare å prate fritt, og ikkje stå og sjå nedi eit ark. Pust med magen før du skal på scena.

– Ein må berre stole på at ein veit kva ein driv med, avsluttar han.

Vonen merkar at prisen dei fekk frå Nordområdesenteret hjelper i dialog med ulike aktørar. – Det gir ei anerkjenning å ha vunne prisar og hjelper med å bli tatt seriøst. Foto: Markus Johnsen Thonhaugen.

High North Young Entrepreneur Award

  • Ein internasjonal konkurranse for arktiske forretningsidear retta mot unge gründarar og nyetablerte bedrifter som deles ut av Nordområdesenteret ved Nord universitet
  • Målet er å fremje moglegheitene i nordområda og oppmuntre unge menneske til å utvikle berekraftige forretningsidear
  • Vinnaren får 50.000 kroner og diplom
  • Finalistane blir inviterte til å presentere ideane sine under High North Dialogue i Bodø
  • Fristen for å melde seg på konkurrransen i 2025 er 5. februar 2025
  • Les meir og meld deg på her