Transportforskar: Svaret er førarlause ferjer

Transportforskar: Svaret er førarlause ferjer
Transportforskar Dhaneswara Al Amien trur mangel på mannskap i ferietider blir eit tilbakelagt problem dersom styresmaktene opnar for å bruke ny teknologi på utsette ferjestrekningar.

Dhaneswara Al Amien, som nyleg disputerte ved Nord universitet, er ein av heile 15 doktorgradsstudentar som no forskar på førarlaus godstrafikk på det europeiske elvenettet, frå ulike perspektiv.

Denne kunnskapen vil han byggje vidare på i postdoktorarbeidet sitt, og det er med stor interesse han ser for seg ferjetrafikken i Nordland som ein god stad å ta fatt.

Full satsing i EU

Fullt ubemanna drift er førebels ikkje tillate i Europa. Eitt menneske om bord for å ivareta tryggleiken og ha overoppsyn med at alt fungerer som det skal, er framleis eit krav.

– Vi har ikkje utvikla system som gjer at båtar kan leggje til kai utan menneskeleg inngripen, seier Al Amien.

Han trur det vil forbli slik i overskodeleg framtid.

Det er ikkje tilfeldig at europeiske forskarar har sett lupa på autonom godstransport på elvenettet. EU har sett seg hårete mål: 75 prosent av godstrafikken skal over på jernbane eller vassbasert transport. I dag blir 80 prosent sendt i trailerar på vegane.

Vi har ikkje utvikla system som gjer at båtar kan leggje til kai utan menneskeleg inngripen.

Denne belastninga er både lite berekraftig og lite miljøvenleg. Skip tek allereie i dag unna mykje av godstrafikken.

– Ein reknar 100–120 trailerlass per skip, seier Al Amien.

Han fortel at eit typisk lasteskip som går på Rhinen, er 110 meter langt og har ein kapasitet på tre tusen tonn last.

Dhaneswara Al Amien
Transportforskar: Forskar Dhaneswara Al Amien disputerte nyleg ved Handelshøgskolen Nord. Foto: Inger E. Eftevand Orvin.

Effektiviteten er det viktigaste

Dermed har overgangen til autonom transport på elvene også eit miljøperspektiv, sjølv om effektiviteten står i høgsetet i forskinga. For skal meir transport over på skip, finst det ikkje mannskap nok til å gjere jobben.

Dette er ikkje berre ein teknologisk overgang, men ein overgang med store sosiale aspekt.

Det er mange aspekt som gjer overgangen komplisert. Eitt av dei er at tusenvis av båtane er familieeigde.

– Særleg i Belgia og Nederland ser vi dette. Typisk mannskap er mor og far, og barna er med. Det seier seg sjølv at det vil vere vanskeleg, for ikkje å seie umogleg, for denne gruppa å bytte til autonome skip for å auke effektiviteten, seier Al Amien.

Aukande interesse

Motstanden er mindre i Tyskland, der eigarane gjerne har ein større flåte.

– Difor er dette ikkje berre ein teknologisk overgang, men ein overgang med store sosiale aspekt, seier han.

Likevel er interessa aukande. Og sjølv om Autonomous Inland Shipping (AIS) framleis er i ein tidleg fase, og overgangen blir hemja av kostnader og lovverk, har Dhaneswara Al Amien tru på at dette er vegen å gå. Også i nord.