Treng lærarar som forstår alle barna

Løpsmark skole

Eit stort ja: Løpsmark skole i Bodø er ein 1.-10.-skole. – Vi treng lærarar som har kompetanse om alle ti åra, seier Erik Baalmann, rektor Berit Myrvang og inspektør Linda Henningsen. Alle tre er utdanna allmennlærarar. Foto: Adrian Svendsen Bensvik.

Treng lærarar som forstår alle barna
Rektor og tilsette ved Løpsmark skole i Bodø, ønskjer den kommande 1-10 utdanninga ved Nord universitet velkommen. – Vi må få tilbake allmennlæraren, seier dei.

Nord universitet vil hausten 2025 starte opp med ei ny og unik grunnskulelærarutdanning 1.-10. Utdanninga gir studentane kompetanse til å undervise elevar frå 1. til 10. trinn i skolen.

Som grunnskolelærarutdanningane 1.-7. og 5.-10., er også dette ei masterutdanning som kvalifiserer til stillingsgruppe lektor.

Den nye utdanninga er etterspurd av lærarar og rektorar. Ved Løpsmark skole i Bodø ønskjer dei den kommande utdanninga velkommen.

– Vi vil få større fridom med 1.-10.-lærarar. No blir vi veldig låste, ved at dei som har utdanning for 5.-10. trinn berre kan vere i ungdomsskolen, medan dei som har for 1.-7. trinn berre kan vere i barneskolen.

Vi jobbar for eit godt utdanningsløp for alle elevane. Da må du som lærar ha kompetanse på alle åra.

Berit Myrvang, rektor ved Løpsmark skole

– Vi ønskjer oss difor allmennlæraren tilbake, seier rektor Berit Myrvang ved Løpsmark skole.

Kompenserer

Stort behov: Rektor Berit Myrvang ved Løpsmark skole ønskjer den nye utdanninga velkommen. Foto: Adrian Svendsen Bensvik.

Skolen er ein 1.-10. skole. Myrvang er ein av ikkje så mange tilsette ved skulen som har den gamle utdanninga.

– Eg er allmennlærar. Eg var ein av dei siste som i 2007 gjekk ut av den gamle lærarskolen ved Høgskolen i Bodø, fortel ho.

Det finst fleire. Men mange har altså dagens spesialiserte utdanning, noko det også fortsatt er behov for. Likevel:

– Vi driv i dag og kompenserer for spesialiseringa. Mellom anna byter vi lærar i 4. trinn, slik at overgangen til mellomtrinnet blir lettare og tryggare. Sånn gjer vi på alle overgangane, da vi veit at elevane finn dei vanskelege, seier rektor.

Kompetanse

Ho seier dei også har byrja å tenke på kompetanseheving for å løyse dei konkrete utfordringane.

– Personlegdommen til ein person er ofte avgjerande for om dei søkjer 1.-7. eller 5.-10. trinn. Da kan ein bli så sneversynt at du mister forståing av kva som skjer i barneåra. Difor har vi starta å snakke om byrjaropplæring, seier Myrvang.

Allmennlærar og tillitsvald i Utdanningsforbundet, Erik Baalmann, er samd.

– Me treng eit allmennlærarløp der du kan bli lektor, seier han.

Det er nettopp desse utfordringane den nye utdanninga tek opp i seg å gjere noko med. Med den hensikt å supplere dei andre lærarutdanningane ved Nord universitet.

Etterspurd

Det var tidleg i 2024 at Nord universitet sende Kunnskapsdepartementet (KD) ein søknad om eit pilotprosjekt med ein ny modell for grunnskolelærarutdanning 1.-10. på Nesna.

Bakgrunnen for søknaden var tydelege signal frå fleire kommunar om at dei ønskte lærarar med undervisningskompetanse i fleire fag. Dei hadde også behov for lærarar som kan undervise på fleire trinn.

I mai 2024 kom svaret. Nord universitet får starte ei forsøksordning. KD ga da klarsignal for opptak på master grunnskolelærarutdanning 1-10 på Nesna både i 2025, 2026 og 2027.

– Dette er ei god nyheit for Nord universitet og for mange kommunar. Vi lyttar til behovet til kommunane og vi gler oss til å starte opp, seier Rose Martin, dekan ved Fakultet for lærarutdanning og kunst- og kulturfag, som også viser til at kommunane treng lærara med ulik kompetanse.

Difor tilbyr Nord universitet følgande lærarutdanningar i 2025:

Grunnskolelærarutdanning master 1-10 (samlingsbasert 5 år)

Denne utdanninga kvalifiserer til stillingsgruppe lektor, og til stillingar med krav om mastergrad, ved tilsetting i skolen. Utdanninga gir deg ei brei fagvifte der du kan kvalifisere deg til å undervise i inntil fem fag. 

  • Oppstart: Haust 2025
  • Studiepoeng: 300
  • Studiestad: Nesna
  • Søknadsfrist: 15. april 2025 kl. 23:59

Les meir om studiet