
Viktig debatt: – Landbruksnæringa har vore gjennom store omstillingar, omfamna ny teknologi og blitt svært effektivisert. Kan òg kommunane lære å jobbe på ein ny og smartare måte? spør Bratteng Rønning. Foto: privat.
For kva skal eigentleg ein kommune drive med? Batterifabrikk eller barneskular? Skreimuseum eller snøbrøyting? Er det klokt å investere, eller bør kommunen halde seg til lovpålagde oppgåver? Og korleis kan ein vanleg politikar vite kva prosjekt som er verdt å satse skattebetalarane sine pengar på?
Mange spørsmål svevar i lufta før Lytring inntar Teaterkafeen i Mo i Rana, måndag 3. februar. Dit kjem både kommunedirektør i Rana kommune, Robert Pettersen, og ordførar i Vågan kommune, Vidar Thom Benjaminsen.
Ønskjer ein open diskusjon
Dei to kommuneleiarane møter mellom anna Solveig Bratteng Rønning, oppvaksen og busett på Utskarpen. Som bonde bidreg Bratteng Rønning med skattepengar som kommunen bruker slik den finn riktig. Ho har òg born i skulen og verv som FAU-leiar.
– Eg kjøper ikkje narrativet om at skulestruktur er løysinga kvar gong ein kommune slit med økonomien. Eg ønskjer ein open diskusjon om alternative løysingar, seier Bratteng Rønning.
Rana kommune har lenge hatt eit mål om 30.000 innbyggjarar. Det har enno ikkje skjedd.
– Eg er interessert i å høyre korleis ein som administrativ eller politisk leiar tenkjer langsiktig på korleis ein skal trekkje til seg folk, seier Bratteng Rønning.
– Kan det vere feil strategi å berre satse på arbeidsplassar, medan ein kuttar i struktur? Kan det vere at denne tankegangen faktisk eskalerer den demografiske utviklinga vi er så uroa for? Jobb er viktig, men vi hadde aldri flytta heim om det ikkje var barnehage og skule på Utskarpen.
Har kommunen køyrt seg fast?
Bonden og FAU-leiaren fryktar at kommunen har køyrt seg fast i eit spor og slit med å tenkje nytt.
– Landbruksnæringa har vore gjennom store omstillingar, omfamna ny teknologi og blitt svært effektivisert. Kan òg kommunane lære å jobbe på ein ny og smartare måte? spør Bratteng Rønning.
– Det er ikkje sikkert at oppskrifta på den beste måten å bygge samfunn på, finst i excel-arka frå KS.
I tillegg til bonden, kommunedirektøren og ordføraren, kjem òg Nord-professoren Christian Lo til Mo for å gi sine perspektiv på kommunale prioriteringar. Debattleiar er Kenneth Gabrielsen frå Rana Blad. Lytring kan sjåast direkte og i opptak på lytring.no.
Lytring 3. februar 2025
- Stad: Teaterkafeen ved Nordland teater, Mo i Rana
- Tid: 3. februar 2025 kl. 19.00-20.30
- Tema: Kva skal ein kommune eigentleg drive med?
- Debattpanel:
- Vidar Thom Benjaminsen, ordførar (H) i Vågan kommune
- Solveig Bratteng Rønning, bonde og FAU-leiar
- Christian Lo, forskar ved Nord universitet
- Robert Pettersen, kommunedirektør i Rana kommune
- Debattleiar: Kenneth Gabrielsen, Rana Blad
Du kan også sjå debatten live: