Vann pris for beste publisering i 2024

Vann pris for beste publisering i 2024
Korleis påverkar krav om berekraftig drift innovasjon i oppdrettsnæringa? – Nokre satsar radikalt, medan andre held seg til små grep, konkluderer forskarane som stakk av med årets publiseringspris ved Nord universitet.

Det er forskarane Jenny Sofie Kjemphei Larsen, Siri Jakobsen og Marianne Steinmo ved Handelshøgskolen Nord (HHN) som i år vert tildelt prisen.

Artikkelen deira, «Status quo or giant ambitions? Norwegian Salmon farming SMEs' innovation responses to environmental regulations», vart publisert i det anerkjende magasinet Aquaculture.

Forskarane ønska å finne ut korleis små og mellomstore bedrifter i lakseoppdrett forheld seg til innovasjon innanfor strenge rammer av lover og reguleringar. For å finne svar på dette har dei over tid gjennomført casestudiar hos fire små- og mellomstore bedrifter som held til ute i distrikta i Midt- og Nord-Noreg.

Ulik risikovilje

− Hos nokre bedrifter fann vi ei tydeleg vilje til å ta stor risiko for å sikre både konkurranseevne og regional verdiskaping. Vi såg at deira lokalisering kunne påverke innovasjonsambisjonane, seier Jenny Sofie Kjemphei Larsen.

− Mindre bedrifter har ofte færre ressursar og kan difor ha større utfordringar med å tilpasse seg nye reglar. Dette kan gjere det vanskelegare for dei å gripe moglegheiter for radikal innovasjon, seier Siri Jakobsen.

Kampen mot lakselus

Over tid er det to problemområde i oppdrettsnæringa som har hatt fokus: lakselus og rømming. Når det gjeld lakselus, såg forskarane at bedriftene hadde fleire ulike tilnærmingar til same problemstilling.

Eit firma sverga til laser, og var tidleg ute med å ta i bruk nye teknologiske hjelpemiddel. Eit anna hadde eit sterkare fokus på biologiske innovasjonar. Nærare bestemt bruk av reinsefisk. Dette firmaet var det første i Nord-Noreg som tok i bruk rognkjeks for å hindre lakselus.

Satsar langsiktig

Det var tydeleg at nye tiltak måtte til for å kunne utvikle produksjonen vidare, og nokre av firmaene såg òg etter heilt andre løysingar. Eitt firma byggjer landbasert anlegg, det andre engasjerer seg i etablering langt til havs.

− Dette er aktive bedrifter som viser høgare ambisjonar og vilje til å ta risiko for å sikre langsiktig konkurranseevne og vekst. Dei investerer i utvikling av nye produkt, forbetring av produksjonsprosessar eller implementering av nye teknologiar som kan auke effektiviteten og redusere miljøpåverknaden, seier Marianne Steinmo.

Ingen fasit

Konklusjonen er at små og mellomstore bedrifter (SMB) i lakseoppdrettsindustrien viser forskjellige måtar å innovere på innanfor det moglegheitsrommet som vert skapt av miljøreguleringane, inkludert arealbestemmingar.

Nokre bedrifter gjer små forbetringar, som å optimalisere eksisterande prosessar eller teknologiar. Andre bedrifter gjer store endringar, som å utvikle heilt nye metodar for oppdrett eller nye produkt som kan forbetre berekrafta og effektiviteten i produksjonen.

Fire bedrifter, fire val. Og ei prisbelønt publisering som viser at det ikkje finst éin enkel fasit.