– Vi nordlendingar må vere meir årvakne

– Vi nordlendingar må vere meir årvakne
Den vedvarande trusselen frå utanlandsk etterretning og eit aukande tal mistenkjelege hendingar gjer at statsforvaltar Tom Cato Karlsen ber nordlendingane følgje betre med rundt seg.

Det er krig i Europa, og den tryggingspolitiske situasjonen er meir spent enn på lenge. Også fredelege Nordland har fått ei ny røynd å forhalde seg til.

Er vi godt nok førebudde på det som kjem? Dette spørsmålet skal debatterast i Lytring, som går av stabelen i Bodø 28. oktober:

Den naive nordlendingen

I panelet finn vi mellom andre Tom Cato Karlsen, som gjennom arbeidet som statsforvaltar har betre innsikt i trusselbiletet enn dei fleste. Han meiner tida for den naive, tillitsfulle nordlendingen er forbi.

– Det skjer stadig hendingar vi kan stille spørsmål ved og lure på kva som eigentleg går føre seg, seier Karlsen og peikar på døme som russiske turistar nær militære installasjonar, som blir arrestert med tusenvis av bilete av tilsynelatande uskuldige motiv som stein og blomstrar.

– Er dette verkeleg heilt uskuldig, eller er det gjort for å teste systema våre? Eg trur nok det skjer fleire slike mistenkjelege hendingar enn folk er klare over, seier han.

Vi kan ikkje lenger be ein tilfeldig sidemann på flyplassen passe kofferten vår medan vi går på toalettet.

– Eg meiner vi må bli meir årvakne og stille spørsmål ved det som skjer rundt oss. Vi kan ikkje lenger be ein tilfeldig sidemann på flyplassen passe kofferten vår medan vi går på toalettet. Og firehjulstrekkaren med 17 antenner på taket er ikkje nødvendigvis ein radioamatør. Tida for å vere naiv er nok over.

Ressursmangel som uroar

Mann med grått hår i dressjakke og slips
Ropar varsku: Tom Cato Karlsen, statsforvaltar i embetsleiinga. Foto: Statsforvaltaren i Nordland.

Statsforvaltaren er dessutan uroa for at kommunane i Nordland ikkje er tilstrekkeleg førebudde på eventuelle større hendingar.

– Vi har 41 kommunar i Nordland. Mange av dei har lågt folketal og er opptekne av å løyse oppgåver som nok sjukeheimsplassar og gode skuletilbod. Det er ikkje alltid tid eller ressursar nok til å tenkje på langsiktig beredskap, seier Karlsen.

– Kommunane er generelt gode til å handtere mindre situasjonar som bilulukker eller ras på toglinjer, men ei større krise kan bli vanskeleg. Det treng ikkje vere snakk om krig, men til dømes at telekommunikasjonen blir slått ut.

Karlsen er nøgd med at det norske forsvaret har blitt styrkt betydeleg, men saknar at den sivile delen av totalforsvaret får same opprusting.

– Den militære delen av totalforsvaret er avhengig av den sivile for å vere motstandsdyktig. No er det fare for ei skeivheit i systemet, åtvarar han.

Når Tom Cato Karlsen inntar Stormen bibliotek for å delta på Lytring, får han selskap av Gjert Lage Dyndal frå Forsvarets operative hovudkvarter og Beate Steinveg, som er forskar ved Nord universitet. Også Njord Wegge frå Forsvarets høgskule skal vere med i diskusjonen, som blir leia av Arne O. Holm, kjend frå High North News.

Arrangementet blir strøyma direkte og gjort tilgjengeleg i opptak på lytring.no.