Prorektor for utdanning, Levi Gårseth-Nesbakk. Foto: Roger Grostad
Ei eksternt leia arbeidsgruppe har på oppdrag frå Nord universitet vurdert sikkerheitsrutinar, planlegging og gjennomføring av undervisnings- og læringsaktivitetar med auka risiko ved universitetet.
Gruppa starta arbeidet i januar i år. No har dei oppsummert arbeidet sitt i ein rapport.
I rapporten kjem dei med innspel til HMS- og kvalitetsarbeidet ved Nord universitet, og konkrete anbefalingar knytt til studieprogram som gjennomfører aktivitetar med potensielt høgare risiko.
– Vi går no gjennom alle anbefalingane som arbeidsgruppa løftar fram i rapporten sin, seier prorektor for utdanning ved Nord universitet, Levi Gårseth-Nesbakk.
Risikovurderingar og tiltak for å redusere risiko
Nord universitet har ei rekke ulike undervisningsaktivitetar, både innandørs og utandørs. Desse undervisningssituasjonane har ulik grad av risiko, der aktivitetar som ekskursjonar, feltopphald eller turar kan innebere auka risiko for skadar eller ulykker.
Universitetet har felles rutinar for å ivareta sikkerheiten i undervisningssituasjonar, som mellom anna inneber risikovurdering av ulike læringsaktivitetar. Føremålet med risikovurderingane og dei risikoreduserande tiltaka er å redusere risikoen så mykje som mogleg, samtidig som læringsutbytet for dei ulike studieprogramma og emna blir ivaretatt.
– I alle læringsaktivitetar med mogleg auka risiko for skade eller ulykke, er den gjeldande rutinen at det skal gjennomførast risikovurderingar og ein Sikker jobbanalyse. Dette inneber òg å sørge for at undervisarar og studentar får nødvendig informasjon og opplæring. Arbeid med sikkerheit i undervisningssituasjonar er eit kontinuerleg arbeid, som mellom anna blir ivaretatt under det årlege studieplanarbeidet og ved periodisk evaluering av studieprogram, seier Gårseth-Nesbakk.
Sikker jobbanalyse (SJA) er ei systematisk gjennomgang og vurdering av farar i forkant av ein aktivitet der det kan oppstå uønskte hendingar. Føremålet er å vurdere om sikkerheita er godt nok ivaretatt og avdekke behov for eventuelle tiltak for å fjerne eller redusere risiko.
Feltkort er eit dokument som blir fylt ut med informasjon om kvar du skal, når du er tilbake, kontaktpersonar og andre opplysningar. Føremålet er å kunne slå opp i dette dersom det skulle oppstå ein beredskapssituasjon.
Skal vurdere alle anbefalingane frå arbeidsgruppa
Mandatet til arbeidsgruppa var ikkje å vurdere sikkerheitsrutinane ved Nord universitet generelt. Dei kom likevel med nokre generelle anbefalingar, der ei av dei er at universitetet bør vurdere kor føremålstenlege rutinane med feltkort og Sikker jobbanalyse er, og vurdere eventuelle endringar i desse rutinane.
– Arbeidsgruppa har gjort ein god og systematisk jobb, akkurat slik vi ønskte. Universitetet har allereie gjort nokre justeringar knytt til rekkefølga på undervisningsaktivitetar og utvida bruk av Sikker jobbanalyse og feltkort, og er i gang med å vurdere alle føreslåtte tiltak innan fristen som rektor har sett for oppfølging, seier Levi Gårseth-Nesbakk, prorektor for utdanning.
– Arbeidet med å følgje opp dette skal rapporterast til rektor. For nokre av anbefalingane er fristen for rapportering 1. august, medan enkelte har frist i februar 2026, seier Gårseth-Nesbakk.
Bakgrunn for oppretting av arbeidsgruppa
Bakgrunnen for at Nord universitet sette ned ei arbeidsgruppe som no har kome med ein rapport, er ulykka i Lofoten i oktober 2024.
I oktober 2024 omkom utvekslingsstudenten Kaisa Wiens i ei ulykke i Lofoten. Wiens var frå Canada og studerte friluftsliv ved Nord universitet, campus Levanger. Som ein del av studiet gjennomfører studentane ein eigenplanlagt tur, noko som har vore ein del av studieopplegget i mange år. Deler av Wiens sin tur i Lofoten var knytt til det faglege opplegget i emnet praktisk friluftsliv.
– Det å miste ein student er det absolutt verste vi som universitet kan oppleve, og noko vi må lære av. Vi går no gjennom universitetet sine rutinar og retningslinjer for sikkerheit i undervisningssituasjonar og læringsaktivitetar med auka risiko. I dette arbeidet vil vi òg sjå om det er andre typar tiltak som bør følgjast opp på organisasjonsnivå, utover det som er anbefalt i rapporten, seier Gårseth-Nesbakk.
Som ein del av evalueringsarbeidet etter ulykka sette Gårseth-Nesbakk ned ei eksternt leia arbeidsgruppe som skulle utarbeide ein evalueringsrapport om ulykka, med fokus på rutinar knytt til sikkerheit i undervisninga. Arbeidsgruppa si rapport er no ferdigstilt.
Nord universitet uttaler seg om ulykka:
Student bekrefta omkommen etter tragisk ulykke (publisert 15. oktober 2024)
– Vårt fokus i denne tiden har vært å ivareta alle berørte (publisert 7. november 2024)