
Prosjektleiar Benedikte Kosmo Underland ser fram til årets High North Dialogue. Foto: Markus Thonhaugen.
High North Dialogue er ein årleg konferanse som blir arrangert av Nordområdesenteret ved Nord universitet i Bodø.
Arrangementet samlar beslutningstakarar, forskarar, næringslivsleiarar og unge frå heile verda for å diskutere Arktis si framtid.
Årets tema, «Business in the Arctic: New Realities», adresserer endringane i regionen.
Med aukande global interesse og Noreg si tydelege prioritering av nordområda, kunne konferansen knapt ha kome på eit meir kritisk tidspunkt.
– Ny president i USA og eit internasjonalt landskap som endrar seg raskt, gjer diskusjonar om nordområda viktigare enn nokon gong, seier prosjektleiar Benedikte Kosmo Underland.
Viktige diskusjonar
Konferansen blir arrangert på Radisson Blu i sentrum av Bodø.
Blant årets stadfesta talarar er Noregs statsminister Jonas Gahr Støre, professor Michael Byers frå University of British Columbia og Anu Fredrikson, direktør for Arctic Frontiers – i tillegg til fleire ambassadørar til Noreg.
Programmet som no er ute, tek opp sentrale tema som tryggingspolitikk, romindustri i nordområda, grøn og blå økonomi, samt journalistikk i konfliktområde.
Nordområda er i endring, og vi må diskutere kva dette betyr for næringsliv, politikk og lokalsamfunn
Prosjektleiar Benedikte Kosmo Underland
Konferansen inkluderer òg Ambassadørpanelet, der diplomatar diskuterer internasjonalt samarbeid i nord, samt utdelinga av High North Hero Award og finalen i High North Young Entrepreneur-konkurransen.
I tillegg til hovudprogrammet blir det arrangert 16 sidearrangement i samarbeid med aktørar som Bodø kommune, Bodøregionens Utviklingsselskap, Arctic Frontiers og Nord universitet.
Pubinar ope for alle
I tillegg til hovudprogrammet blir det arrangert fleire uformelle arrangement.
25. mars kl. 18 blir det for eksempel invitert til pubinar på Bådin Bryggeri og samtalar om geopolitikk.
– Vi håper at lokalbefolkninga blir med. Det er gratis og ope for alle, seier Underland.
Det sosiale programmet inkluderer elles morgonsauna, konferansemiddag samt arktisk kystvandring og RIB-safari til Saltstraumen.
Underland håper òg at mange unge vil delta på konferansen.
– Alle under 40 kan søkje om støtte til å dekkje konferanseavgifta, og studentar får redusert pris.
Kva er High North Dialogue?
High North Dialogue er ei årleg konferanse i Bodø, arrangert av Nordområdesenteret ved Nord universitet. Konferansen samlar unge, forskarar, politikarar og næringslivsaktørar for å diskutere framtida i nordområda.
Tema for 2025 er Business in the Arctic: New Realities, med fokus på sikkerheitspolitikk, romindustri, det grøne og blå skiftet, nordisk samarbeid og journalistikk i krisetider. Programmet inkluderer debattar, ambassadørpanel, prisutdelingar og sidearrangement.
Konferansen blir halden på Radisson Blu i Bodø 26.–27. mars, med eit uformelt "pubinar" kvelden før.
Påmelding via highnorthdialogue.no