
Tar debatten: Sjeføkonom i Eika Gruppen, Jan Ludvig Andreassen, er klar for Lytring i Bodø 25. mars. Foto: Eika Gruppen.
Viss kunstig intelligens skal overta jobbane våre, er det vel på tide å diskutere borgarløn igjen? Det er premissen for Lytring i Bodø 25. mars. Til Stormen bibliotek kjem mellom andre Marius Karlsen, dagleg leiar i Helt Digital, som stadfestar at manuell arbeidskraft i stor grad vil bli valfri.
– Alle yrke kan erstattast med KI i framtida, dei fleste i løpet av relativt kort tid, seier Karlsen.
– Spørsmålet er berre kva yrke vi ønskjer skal automatiserast, eller sagt på ein annan måte - kva samfunn vi ønskjer å leve i.
Alle yrke kan erstattast med KI i framtida, dei fleste i løpet av relativt kort tid.
Marius Karlsen, Helt Digital
Aktualiserer debatten om borgarløn
Samfunnsendringane som følgjer inntoget av kunstig intelligens, aktualiserer debatten om borgarløn igjen, og sjeføkonom i Eika Gruppen, Jan Ludvig Andreassen, meiner dette er særleg relevant for folk som bur i Nord-Noreg.
– Borgarløn kan brukast distriktspolitisk for å oppretthalde busetjing. Eg trur folk ville flytta nordover om dei visste at dei hadde økonomisk tryggleik, seier sjeføkonomen.
– Framfor å bruke milliardar på næringsstøtte, kan vi heller betale folk for å bu.
Andreassen fortel at konseptet borgarløn har blitt prøvd ut fleire stader, med liten suksess.
– Det endar som oftast i latskap og rus. Så det er viktig at folk driv med noko. Om dei set i gang eit bakeri, eit snikkarverkstad eller eit jazzorkester er ikkje så nøye, så lenge dei trivst, seier han.
– Lønsemd er underordna
At føretaka er lønsame, er underordna.
– Det viktige er ikkje kor mange tonn kjøt ein bonde produserer, men at familien bur på garden. Det norske samfunnet har kjøt nok i massevis, så bonden treng ikkje slite seg ut med hundrevis av kyr, seier Andreassen.
Det same gjeld filetfabrikken i fiskeværet.
– Om nokon vil bygge ei filetfabrikk er det heilt greitt, men som økonom vil eg seie at det ikkje er så viktig for storsamfunnet at det er ei filetfabrikk i fiskeværet. Det viktige er at det bur folk i Nord-Noreg og at dei har det bra. Det kan borgarløn sørge for.
Når Lytring setjast i gang klokka 25. mars, får Andreassen og Karlsen selskap i debattpanelet av både Kristin Røymo, regiondirektør NAV Troms og Finnmark, og Asgeir Solstad, forskar ved Nord universitet. Det er Stein Sneve som leiar debatten. Lytring sendast direkte og i opptak på lytring.no
KI + borgarløn = framtida?
Først tok robotane det tunge kroppsarbeidet. No er dei på full fart inn i hjerneyrka også. Viss kunstig intelligens skal overta jobbane våre, er det vel på tide å diskutere borgarløn igjen?
- Lytring tysdag 25. mars 2025 kl. 18.00-19.30
- Stormen bibliotek i Bodø