Delfinale i Forsker Grand Prix

Forskningsdagene 2024 - Forsker Grand Prix
Delfinale i Forsker Grand Prix
Gled deg til ein underhaldande kveld i Bodø, når NM-semifinalen i forskingsformidling skal avgjerast.

I delfinalen av Forskar Grand Prix (FGP) konkurrerer Nord-forskarar om to nasjonale finaleplassar. Fem doktorgradsstipendiatar får fire minutt kvar til å underhalde, opplyse og overtyde publikum om å stemme seg vidare til landsfinalen. Tevlinga avgjerast gjennom avstemming.

Showet vert direktesendt (videostrøm) mellom kl. 20.00 og 21.35.

FGP arrangerast ved Sinus i Stormen konserthus, leia av konferansier Liv Boye Okkenhaug.

Dei fem utplukka semifinalistane, blant førti kandidatar. Foto: Adrian Bensvik, Nord universitet.

Program:

19.00: Dørene til salen opnar

19.00-19.30: Mat og mingling

19.30: Underhaldning

20.00: Velkomst frå scena og direktesending byrjar

20.15 - 21.00: Semifinalistane kjem på scena med omlag 10 minutts mellomrom

21.00: Underhaldning

21.30: Vinnarane kårast

21.35: Direktesending avsluttar

22.00: Slutt

  • Kandidat 1: Maria Klaussen Herset

    Maria K. Herset er stipendiat på Fakultet for lærarutdanning, kunst og kulturfag.

    Den blå eleven

    Maria har møtt ein blå elev. Dette barnet løyste matteoppgåver som var utelukkande markert med blå vanskegrad. Korleis påverkar det elevane når oppgåvene markerast etter nivå, og kva konsekvensar kan det få for ungane våre? Maria forskar på korleis lett, middels og vanskeleg nivåmarkering påverkar elevane sine forventningar om meistring og prestasjonar i matematikkfaget.

    Kandidat 2: Trine Åsheim Bernhardsen

    Trine Åsheim Bernhardsen er stipendiat ved Handelshøgskulen og Engage SFU.

    Korleis bli ein gründar?

    Entreprenørskap handlar ikkje utelukkande om å starte ei bedrift, men òg om eit tankesett; nemleg å sjå moglegheiter for å skape verdiar sjølv når alt er usikkert. Trine forskar på prosessen som skjer når gründerar og gründerteam skal identifisere seg som entreprenørar. Korleis finn folka i et oppstartsteam ein entreprenøriell identitet saman, og kva skjer viss teamet splittast opp?

    Kandidat 3: Jonil Tau Sperstad

    Jonil Tau Sperstad er stipendiat ved Fakultet for biovitskap og akvakultur.

    Kan eit godt arbeidsmiljø gje friskare dyr?

    Kan god HMS gi betre dyrehelse og dyrevelferd? Jonil forskar på arbeidsmiljøet til norske bønder, og undersøkjer korleis innverknad det kan ha på dyra. Kan vi forbetre velferda til både bonden og dyra gjennom arbeidsmiljøet?

    Kandidat 4: Maiken Stensaker Emilsen

    Maiken Stensaker Emilsen er stipendiat ved Handelshøgskulen og Engage SFU.

    Brubyggarar for berekraft: vegen til ei grønare framtid

    Korleis kan bedrifter og lokalsamfunn samarbeide om nye, grøne løysingar? Samarbeid skjer ikkje av seg sjølv – så korleis får vi det til? Maiken forskar på korleis arenaer for samarbeid vert til og korleis einskilde organisasjonar vert brubyggarar og tek leiinga i samarbeid om berekraftige samfunn.

    Kandidat 5: Hedvig Flaten Lie

    Hedvig Flaten Lie er stipendiat ved Fakultet for lærarutdanning, kunst- og kulturfag.

    Kva skjer når pultane kastast ut av klasserommet?

    Hedvig har vitja ein førsteklasse som har flytta pultane og gitt rom for meir leik og rollespel i skuletida. Lærarane opplever fleire deltakande elevar og mindre nekting. Kva skjer når vi kombinerer leik og skriving i grunnskulen?

  • NB: Det er mogleg å stemme tysdag 24. september i tidsrommet kl. 15 - 21.

    Send SMS "BODØ kandidatnummer terningkast" til 26444, til dømes "BODØ 1 4" for å stemme på kandidat 1 og gi fire poeng. Det er snittpoengsummen og ikkje antal stemmer som avgjer. Det er mogleg å endre karakteren du gjev, og det er den siste SMS-en som er teljande.

    Her ser du kandidatnumra:

    1. Maria
    2. Trine
    3. Jonil
    4. Maiken
    5. Hedvig

    Kostnad per SMS varierer mellom leverandør og abonnement, og normalt kostar dette 1 krone per melding.

    • Arrangementet er gratis og inkluderer mat (wok) og drikke ved velkomsten
    • Det er plass til 100 personer i salen og det er inga påmelding. Først til mølla gjeld
    • Publikum møter med fullada mobiltelefon, som skal nyttast til avstemming
    • Det vert artig og variert underhaldning
    • Underhaldningsshowet vert sendt direkte, via strømmeteneste, mellom kl. 20.00 og 21.30
Sepsiskonferansen – hemmere og fremmere for samarbeid om sykehusinfeksjoner
Forskning
Konferanse/seminar
10.11. feb. 2025

Sepsiskonferansen – hemmere og fremmere for samarbeid om sykehusinfeksjoner

Scandic Hell hotell
10:00
15:45
Nasjonal kompetansenettverk for persontilpasset medisin(NorPreM) inviterer til to dagers konferanse om sepsis - hemmere og fremmere for samarbeid om sykehusinfeksjoner.
Disputas: Samuel Yeboah
Disputas
11. februar 2025

Disputas: Samuel Yeboah

Auditorium Petter Thomassen (A5)
10:00
15:00
Samuel Yeboah skal holde prøveforelesning og disputas for graden Philosophiae Doctor (ph.d.) ved Handelshøgskolen, Nord universitet, tirsdag 11. februar 2025.
Vurdere og bruke litteratur
Kurs bibliotek
11. februar 2025

Vurdere og bruke litteratur

Teams/Zoom
12:15
13:15
Kurset gir en innføring i verktøy for å vurdere og bruke en kilde på en god måte.
EndNote 21 - introduksjonskurs
Kurs bibliotek
12. februar 2025

EndNote 21 - introduksjonskurs

Teams/Zoom
12:15
14:00
EndNote er et verktøy som integreres med Word, og lar deg organisere kilder og enkelt sette inn referanser i teksten din.