Nord universitet, SEA EU, Iris Salten og Bodø kommune inviterer alle niandeklassar i Bodø til å bli med på strandrydding i september. Som ein del av Aksjon Reine Strender, Gjenbruksuka og Forskningsdagene skal vi gjere ein fellesdugnad for havet si helse og rydde Bodøs kystlinje for marint avfall. Ryddeaksjonen gjennomførast i perioden fredag 13. til fredag 19. september 2024.
– Avfallet som elevane samlar inn, skal leverast og vegast ved universitetet, for å synleggjere mengda avfall som skyllast i land og settast att ved strendene våre, seier Per-Stian Ekroll, kommunikasjonsrådgivar ved Nord universitet.
Dusør: 45 000 kroner
Nord universitet og universitetsalliansen SEA EU deler ut ein samla premiepott på 45 000 kroner, som skal fordelast på fire deltakande klassar. Pengane kan brukast til klassetur eller andre trivselstiltak for klassen. Skuleklassen som plukkar mest søppel (i kilo) vinn 15 000 kroner. I tillegg får tre tilfeldige klassar som deltek 10 000 kroner kvar. Premiane trekkjast under Åpen bukt, søndag 22. september i Mørkvedbukta.
– Er du byrja i niandeklasse denne hausten eller har barn, familie eller andre kjende som har starta niandetrinnet i Bodø? Då er det berre å hive seg rundt og bli med. Dette er ein artig, nyttig og potensielt innbringande dugnad. Fristen for å melde seg på er 13. september 2024, avsluttar Ekroll.
Denne dugnaden finansierast av SEA EU ved Nord universitet for å stimulere arbeidet med berekraft og samfunnsengasjement.
Slik deltek klassen din
- Kvar skuleklasse må registrere seg på ryddenorge.no, lage ein aksjon og oppgje stranda som skal ryddast. Klassen får tildelt eit aksjonsnummer.
- Klassen sin kontaktperson sender ein e-post til Per-Stian Ekroll ved Nord universitet. I e-posten oppgjev du kontaktperson, klasse, skule og aksjonsnummeret tildelt hos ryddenorge.no.
- Fristen for å melde seg på er fredag 13. september 2024.
- Avfallet leverast ved Nord universitet på Mørkved, fredag 19. september mellom kl. 11.00 og 15.00.
Alle klassar som deltek får utdelt ein utstyrspakke for plukking av marint avfall.
Vinnarane kårast søndag 22. september
Hovudvinnar (15 000,-) og dei tre andre vinnarane (10 000,-) kårast under Åpen bukt, søndag 22. september. Pengepremiene er sponset av SEA EU og Nord universitet.
Foto i toppen: Tor Storlien