Europeisk konferanse om spelbasert læring i Levanger

Gaming. Foto
Europeisk konferanse om spelbasert læring i Levanger
Nord universitet i Levanger er vertskap for årets European Conference on Games Based Learning (ECGBL).

Den internasjonale konferansen har deltakarar frå meir enn 40 land – både forskarar, utøvarar, spel-designarar og andre interesserte. Konferansen vart etablert for 18 år sidan og har tidlegare blitt arrangert i land som Austerrike, Skottland, Spania, Portugal, Tyskland og Frankrike. No kjem heile sirkuset til Nord universitet i Levanger!

ECGBL Levanger 2025 - Tim Laning og Elin Festøy
Tim Laning (Grendel Games, Nederland) og Elin Festøy (forsker ved Universitetet i Innlandet) er blant foredragsholderne.

Det er fag- og forskarmiljøet ved Spel og opplevingsteknologi i Levanger som er medarrangør, med Helga Sigurdardottir og Robin Munkvold i førarsetet.

– Det er ei ære å vere vertskap for denne store konferansen, og det er utruleg givande å samle deltakarar frå heile verda her i Levanger, seier en spent og stolt Helga.

– Konferanseprogrammet inkluderer mellom anna spelifisering (eng: gamification), speldesign som pedagogisk metode og bruk av kunstig intelligens i undervisning. Vi meiner konferansen er viktig for meningsutveksling, kunnskapsutvikling og -deling og samarbeid, avsluttar Robin.

Program

Her kan du sjå eit detaljert program (på engelsk), og alle foredrag og sesjonarer er i Nylåna ved Campus Røstad.

Robin Munkvold og Helga Sigurdardottir ved Nordlåna i Levanger
Bak spakane: Robin Munkvold og Helga Sigurdardottir inviterer heile Europa til Levanger i byrjinga av oktober. Foto: Øyfrid S. Knudsen, Nord universitet.
Akademisk skriving: Nivå 1 (på engelsk)
Kurs bibliotek
15. januar 2026

Akademisk skriving: Nivå 1 (på engelsk)

Teams/Zoom
10:15
11:15
Kurset gir deg en innføring i hvordan du skriver enkle akademiske oppgaver og eksamensbesvarelser.
Akademisk skriving: Nivå 1
Kurs bibliotek
20. januar 2026

Akademisk skriving: Nivå 1

Teams/Zoom
12:15
13:15
Kurset gir deg en innføring i hvordan du skriver enkle akademiske oppgaver og eksamensbesvarelser.