«Olav Duun – menneske og natur»

Universitetsbygg bak høstblader. Foto.
«Olav Duun – menneske og natur»
I 2023 er det hundre år sidan Olav Duuns hovudverk, romanserien Juvikfolke i seks band, blei fullført. Forskningsgruppa for litteratur og didaktikk inviterer til konferansen "Olav Duun – menneske og natur".


Olav Duun (1876–1939) har ein status i norsk litteratur som ingen kan true. Juvikfolke har blitt kalla «ei psykologisk Noregs-soge» (Rolv Thesen), men Duun er òg ein forfattar som vier naturen ei særskild merksemd. Evna hans til å skildre menneske og natur, mennesket i naturen, menneske med og mot naturen, og ikkje minst naturen inni oss, er framifrå og har fengsla lesarar frå samtida hans til i dag.

Korleis ser forfattarskapen ut no som verda står framfor heilt nye utfordringar, som ikkje minst dreier seg om korleis vi forvaltar naturressursane, kva vi gjer for å ta vare på naturen, korleis vi gjer det og i kva grad vi lukkast med det vi gjer? 

Kva slags innsikter kan vi hente hos Duun som kanskje ikkje har vo​re tydelege før no, kva kan han fortelje oss om korleis vi ser på naturen og oss sjølve? Korleis kan vi bruke Duun i skulen? I lærarutdanninga? I akademia elles? Kva er statusen for Duun-forskinga i dag, og korleis har resepsjonen vore? Er Duun ein tradisjonalist? Korleis stiller han seg til moderniteten i kunst og samfunn? Kan økokritikken seie noko om Duun, og kan Duun seie noko om økokritikken? Hva med tilhøvet mellom det konkrete og det abstrakte, natur og kultur, kropp og medvit? Har Gud nokon plass i naturen til Duun? Kva er eigentleg menneskenaturen slik Duun ser han? 

Vi inviterer med dette til ein to dagars konferanse, der slike spørsmål vil bli stilt og drøfta. 

Vi tek imot forslag til innlegg på inntil 30 minutt. Vi set av tid til kommentarar og spørsmål i etterkant av innlegga. Konferansen finn stad på Nord universitet, campus Røstad, Levanger. Det blir keynoteforedrag ved Einar Vannebo og Aasta Marie Bjorvand Bjørkøy. 

​Det blir kulturelle innslag, middag og ein oppsummerande panelsamtale til slutt. I etterkant blir det lagt opp til at deltakarane på konferansen kan levere artiklar basert på innlegga til publisering i ein vitskapeleg antologi. 

Ein kjem seg enkelt til Levanger med tog, evt. frå Trondheim lufthavn Værnes.

Forskingsgruppa Litteratur og didaktikk​ ved Nord universitet ønskjer med dette velkommen til to inspirerande dagar på Levanger.  Grethe Fatima Syéd, Snorre Johansen og Hallvard Kjelen.

Program

  • 20. september:

    0900-1100: Registrering, kaffi. Nord universitet, Levanger.
    1100: Velkommen v. dekan Rosemary Martin og Grethe Fatima Syéd
    1115: Hovudtalar: Einar Vannebo: Natur, menneske, kultur og religion i Juvikfolke
    1215: Lunsj
    1315: Renate Nordnes: Menneske og maktene og Flommen
    1345: Audhild Norendal: Olav Duuns noveller i skolen
    1415: Hallvard Kjelen: Olav Duun som barnebokforfattar
    1445: Anne Cathrine Haugdal og Haakon Halberg: I eventyre og førsteårsstudentene
    1515: pause
    1530: Morten Olsen Haugen: Duun-formidling via FB, Wikipedia og Duun-nettsida
    1600: Erling Sørli og Kjersti Wold: Duun-formidling til tiendeklassinger. Tilbud og mottakelse. Erfaringer og ettertanker.
    1630: Kathrine Fosshei: Menneskenaturen i lys av karakteren Ragnhild
    1700: Oppsummering og diskusjon
    1800: Elisabeth Matheson les frå Juvikfolke
    1900: Middag

    21. september

    0900: Hovudtalar: Aasta Marie Bjorvand Bjørkøy: Framstillingen av alderdom i Juvikfolke
    1000: Heming Gujord: Kva kan vi lære av Odin?
    1030: Pause m. kaffi
    1045: Ronny Spaans: Ei eskatologisk-moralsk lesing av Menneske og maktene
    1115: Sveinung Nordstoga: «…du liknar deg sjølv for lite» Duuns Ettermæle som eksistensiell tekst
    1145-1215: Pause m. kaffi
    1215: Oppsummerande panelsamtale. Grethe Fatima Syéd, Einar Vannebo, Aasta Marie Bjorvand Bjørkøy.
    1330: Lunsj og avreise

Om føredragshaldarane:

  • Naturen står sentralt i Duuns dikting. Einar Vannebo vil i sitt foredrag sjå nærmare på korleis tilhøvet mellom natur og menneske, kultur og religion blir framstilt med særleg blikk på romansyklusen Juvikfolke. Er det innsikter å hente hos Duun når det gjeld dei utfordringane vi i dag står overfor i vårt samspel eller mangel på samspel med naturen.

    Vannebo har tatt doktorgraden på ei avhandling om religion og menneskesyn i Duuns dikting. Han har arbeidd mykje med Duun-formidling i ulike samanhengar. No er han pensjonist, men har etter mange år i stillingar ved Universitetet i Oslo avslutta yrkeslivet som sokneprest i Den norske kyrkja.

  • Hva blir betonet i fremstillingen av Olav Duuns aldrende karakterer, og hva slags alderdommer får de? Det vil Aasta Marie Bjorvand Bjørkøy utforske når hun skal forelese om hvordan alderdom er fremstilt i Duuns romaner om Juvikfolke.

    Bjørkøy er professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Oslo, og hun har blant annet skrevet om Duuns revisjon av egne verk i ph.d.-avhandlingen Verkets hviskelek (2015) og om alderdom i boka Samtidslitterære alderdommer (2020).​

Nord Cup 2024
Konferanse/seminar
19.20. apr. 2024

Nord Cup 2024

Mørkved idrettspark
16:00
23:00
Er du klar for studieårets største begivenhet? 450 studenter fra hele Nord universitet møtes for å konkurrere i idrett og bygge felles kultur i Bodø.
Øvelse Nord: Leverandørutstilling
Øvelse Nord
Konferanse/seminar
22.23. apr. 2024

Øvelse Nord: Leverandørutstilling

Nord universitet, Bodø
08:30
16:00
Innovatører i beredskap og samvirke
Øvelse Nord: Innsatsforum Nord
Øvelse Nord
Konferanse/seminar
22. april 2024

Øvelse Nord: Innsatsforum Nord

Petter Dass (A14)
08:30
15:30
Et åpent fagforum for alt personell fra nødetater og samarbeidende aktører tilknyttet Øvelse Nord.
Øvelse Nord: Fagdager
Øvelse Nord
Konferanse/seminar
22.23. apr. 2024

Øvelse Nord: Fagdager

Knut Hamsun (A1)
09:00
15:30
Fagdagene er hovedarrangementet i øvelse nord. Årets overordnede tema er "redning".