Norske historiedagar 2025

Nidarosdomen
Norske historiedagar 2025
Velkommen til Norske historiedagar i Trondheim, 12.–14. september 2025.

Norske historiedagar er den største norskspråklege møteplassen for historikarar i Noreg. Her møtest historikarar på tvers av fagfelt og interesser, frå arkiv, bibliotek, museum, freds- og menneskerettssenter, skulen og universiteta til årlege diskusjonar om dagsaktuelle tema knytt til historisk utvikling.
I 2025 vert arrangementet organisert i samarbeid mellom Nasjonaljubileet 2030 – Nettverk for Forskning og Kunnskapsformidling (N2030), ledet av Nord universitet, NTNU, Falstadsenteret, Museene Arven, og HIFO. Trøndelag Fylkeskommune og Nord universitet har bidrege med finansiering til konferansen.

  • Hovudtema med manuslokking og sesjonsforslag:
    Stiklestad 1030 – historie og verknadshistorie


    Fem år før Nasjonaljubiléet 2030 gjer vi Olav den Heilage, slaget på Stiklestad og dei nasjonale jubiléa som tema for dei norske Historiedagane. Som Noregs evige konge og i mellomalderen kjent som sentral lovgjevar, kom Olav til å spela rolla som ein raud tråd i kultur, ånds- og trusliv, i rettsdanning og statsdanning og ikkje minst historieskriving i Noreg, ved sida av å vera ein sentral helgen i Nord-Europa. Ved sidan av 1537, 1814 og 1940-45, er 1030 eit av dei få ålmenne merkeåra i Noregssoga som kan seiast å vera ein del av det ålmenne historiemedvitet, feira og nytolka i generasjonar. Kven Olav var i fortida og er i vår tid er spørsmål som opnar for ny innsikt både om realhistorie og historiebruk. Jubileet om fem år er ei sjanse til ein djup historisk, reflekterande samtale om det norske folks historie i fortida og samtida.

    Samstundes er jubileum i løpet av ein generasjon gått frå å være ein sjeldan hending til å vere ein kontinuerleg feiring, med årlege, årelange jubileum. Jubilea har vore karakterisert som ein minneindustri og eit uttrykk for ein presentistisk historieforståing der samtidas behov styrer formidlinga og forståinga av fortida. Nokre jubileum har dirfor vore kritisert som samtidsfikserte, perspektivlause eller reint fram ahistoriske folkefestar, som konstituerast i media, i marknaden, i skulen, i musea og på teaterscenen – og ikkje i historikaranes kjeldefunderte bøker. Samstundes kan det innvendast at historikarar er for varsame med å gå inn i og fylla jubileum med eit fagleg innhald, og dermed overlet til andre aktørar å formidla historia. I 2030 markerer dei tyngste aktørane i samfunnet sitt eige opphav. Korleis sikrar vi opplyst og fagleg forsvarleg historie i offentlegheita? Kva er historikaranes rolle når fortellingane om fortida formest av sterke krefter utanfor historikarlauget?

    Fram mot Nasjonaljubileet 2030 ynskjer vi derfor å utfordre det norske historiemiljøet til å kasta eit nytt blikk på Olav – i fortida og i vår tid – som ei start på historikarsamtalen fram mot 2030. Vi vil også nytte høvet til å drøfte og problematisere den utstrekte bruken av jubilea og soga i det offentlege ordskiftet. Det gjeld ikkje berre dei som arbeider med samtidstema eller norsk mellomalder, men også historikarar med forsking på antikken, tidleg-moderne og moderne periodar.

    Historiedagane i 2025 vil famne alle historikarar i Noreg, og oppmodar til innlegg frå alle faglege spesialområde og alle tema. Vi oppmodar særleg forskarar, arkivarar, lærarar, PhD-studentar og historieinteresserte om å spele inn framlegg til sesjonar, manus og frie foredrag. Kom gjerne med tema på foredrag og sesjonar på aktuelle problemstillingar som:

    • Kristning og europeisering under Olav 2. si regjeringstid
    • Kyrkjebygging og kommunikasjon med Europa
    • Olav sine riksambisjonar og arva etter Karl den store
    • Olav som politikar og lovgjevar
    • Olav og framveksten av eit statssamfunn
    • Olav og politisk retorikk i mellomalderen
    • Olav og legal argumentasjon i politisk retorikk i mellomalderen
    • Olavsarven i stat, rett, religion, kunst, kultur, ånds- og trusliv
    • Jubileer og minnekultur
    • Voner og realitetar
    • Samanlikning
    • Utviklinga av stat og andre institusjonar
    • Nasjon og symbol
    • Noreg og verda
    • Noreg og Skandinavia
    • Religion og menneske
    • Religion og stat
    • Olavsarven i historieskrivingen

    Individuelle framlegg skal vere på maksimum 300 ord og ha ei kort biografisk skisse på maksimum 100 ord. Sesjonsframlegg skal ha 3-4 paper kvar, og elles liknande presentasjon som skissert for individuelle framlegg. Framlegg sendes: historiedagene2025@nord.no Frist for fremlegg er 22. april 2025.

    Olav den Hellige illustrasjon
  • Fredag 12. september

    09:00 – 10:00 Registrering og mingling

    10:00 – 10:45 Åpning/hilsningstaler
    Fylkesordfører i Trøndelag
    Rektor Nord universitet

    10.45 – 11.15 Presentasjon ved styringsgruppen om arbeidet med «Nasjonaljubileet 2030 – Nettverk for forskning og kunnskapsformidling» (N2030)

    11:15 – 11:45 Hovedinnleder 1 (30 min)
    «Middelalderens olavsarv: sakral praksis og frelseshistorisk erindring», ved Kristin B. Aavitsland (UiO)

    11:45 – 12:30 Lunsj

    12:30 – 14:00 Parallellsesjon 1 (90 min)

    Pause 10 min

    14:10 – 15:40 Parallellsesjon 2 (90 min)

    Pause 10 min

    15:50 – 16:20 Hovedinnleder 2 (30 min)
    «Hvor blev historien af? fra dannelsesprojekt til identitetsmarked», ved Mads Mordhorst (Copenhagen Business School)

    16:20 Middag eget ansvar

    18:00 – 21:00 Kveldsprogram
    Kveldsprogrammet annonseres senere.

    Lørdag 13. september

    09:00 – 10:30 Parallellsesjon 3 (90 min)

    Pause 10 min

    10:40 – 12:10 Parallellsesjon 4 (90 min)

    12:10 – 12:45 Lunsj

    12:45 – 13:50 Hovedinnleder 3 og Hovedinnleder 4 (65 min)
    «Stat og religion - majoriteter og minoriteter», ved Torkel Brekke (MF vitenskapelig høyskole)

    «Kongemakta, Høyesterett og retten til jorda i Finnmark», ved Øyvind Ravna (UiT).

    Pause 10 min

    14:00 – 15:20 Parallellsesjon 5 (80 min)

    Pause 10 min

    15:30 – 16:45 Parallellsesjon 6 (75 min)

    17:00 – 18:00 HIFOs årsmøte 2025 (60 min)

    19:00 Konferansemiddag

    Søndag 14. september (Ekskursjoner)

    Det vil bli arrangert flere organiserte ekskursjoner som deltakere kan melde seg på. Det legges opp til at ekskursjoner starter fra kl. 0930 og er ferdig til ca. kl 14. Ankomst flyplassen med buss/tog fra Trondheim senest kl 16.

    En av ekskursjonene blir en heldagstur med buss til Stiklestad mens de andre blir i Trondheim.

    Detaljene annonseres senere.

Påmelding

Deltakeravgift 

Ordinær (siste påmeldingsfrist 1. september): kr. 2.625,- inkl. MVA

Overnattingsmuligheter

Du kan booke overnatting hos Scandic Nidelven via påmeldingsskjemaet, men dersom du ønsker andre overnattingsmuligheter kan dette gjøres her:


Studiestart Bodø 2025
Studentarrangement
Studiestart
11.17. aug. 2025

Studiestart Bodø 2025

Campus Bodø
10:00
14:00
Vi ønsker alle våre nye og nåværende studenter i Bodø velkommen til studiestart.
Studiestart Levanger 2025
Studentarrangement
Studiestart
11. august 2025

Studiestart Levanger 2025

Campus Levanger
10:00
16:30
Vi ønsker alle våre nye og nåværende studenter i Levanger velkommen til studiestart.
Studiestart Stjørdal 2025
Studentarrangement
Studiestart
12. august 2025

Studiestart Stjørdal 2025

Campus Stjørdal
10:30
14:00
Vi ønsker alle våre nye og nåværende studenter i Stjørdal velkommen til studiestart.
Studiestart Steinkjer 2025
Studentarrangement
Studiestart
12. august 2025

Studiestart Steinkjer 2025

Campus Steinkjer
11:00
15:00
Vi ønsker alle våre nye og nåværende studenter i Steinkjer velkommen til studiestart.