This page is not available in English

Nord-forskar Julia Olsen er nytt medlem i Akademiet for yngre forskarar

Portrettbilde av kvinne som smiler og ser i kamera
Nord-forskar Julia Olsen er nytt medlem i Akademiet for yngre forskarar
Førsteamanuensis Julia Olsen er teken opp som eitt av ti nye medlemmar i Akademiet for yngre forskarar.

This article is more than one year old.

Nålauget for å bli tatt opp som medlem i Akademiet for yngre forskarar (AFY) er trongt. I år fekk akademiet inn 65 søkjarar til sine ti nye plassar. Og ei av dei som altså nådde fram, er førsteamanuensis Julia Olsen ved Nord universitet.

– Eg kan framleis ikkje tru at det har skjedd. Eg blei så glad da eg fekk beskjeden, seier ho og ler.

Julia Olsen (35) er tilsett ved Fakultet for samfunnsvitenskap. Ho har miljøsosiologi som fagområde og leiar forskingsgruppa Arktisk forsking: kontekst, teoriar og metodar.

Ho fortel at ho sendte inn søknaden sin til AYF i juni, og at det har vore ein lang prosess frå søknad til intervju og no - endeleg - opptak.

Stor prestisje

Medlemmane er valde etter ein open søknadsprosess der akademiet søkjer å rekruttere yngre forskarar frå ulike fagfelt, stillingskategoriar, regionar, institusjonar og bakgrunnar.

– Det er knytt stor prestisje til å vere medlem av dette akademiet. At eg er blant dei ti sterke kandidatane som no blir tatt opp, gjer meg difor stolt, seier ho.

Olsen forskar på relasjonar mellom menneske og natur med særleg fokus på klimatilpassing og berekraftig utvikling i Nordområda. Nordområda er eit viktig område for næringsutvikling, kunnskapsutvikling, miljøvern og beredskap. Regionen er òg prega av fleire utfordringar, inkludert klimaendringar, forureining, avgrensa infrastruktur og folkefråflytting.

– Nyleg vart det fastslått at regionen varmar opp tre til fire gonger raskare enn resten av verda. Dersom denne trenden held fram, blir det mogleg å segle over Nordpolen om nokre år. Difor er det viktig for oss som bur i regionen å få meir kunnskap om kva endringane betyr for oss og for ein berekraftig utvikling, seier ho i eit ferskt intervju med AFY. Og vidare:

– Som deltidstilsett på Nordlandsforskning adresse­rer eg desse utfordringane gjennom deltaking i fleire internasjonale forskingsprosjekt. Desse prosjekta har fokus på turisme, sjøtrafikk, marinforsøpling og miljøforvaltning. Vi set søkjelys på korleis klima- og miljøendringar i Nordområda påverkar lokalsamfunn, korleis samfunnet tilpassar seg og korleis miljøproblem blir anerkjende i kvardagen og miljøpolitikken.

Marin forsøpling og kunnskap om klima og miljø

Ho fortel vidare at det særleg er to problemstillingar innanfor fagfeltet sitt ho synest er ekstra spennande.

– Den første er produksjon av kunnskap om klima og miljø, som er prega av fleire dilemma. Kvifor får nokre miljøproblem mykje merksemd, medan andre blir oversette? Kven har kunnskap om miljøproblem: Forskarar eller lokalbefolkning som opplever desse problema på nært hald?

– Den andre tematikken eg er ekstra opptatt av er tiltak mot marin forsøpling og vegen mot sirkulærøkonomi. Her jobbar vi tett med næringslivet og forvaltninga. Vi forskar på tiltak som kan bidra til reduksjon av marinforsøpling i sjømatnæringa, og til resirkulering av utstyr. Eitt av dei kulaste eksempla er badeklede, tepper og møblar som er laga av resirkulerte material frå garn og tau.

Brenn for forskingsformidling

Som medlem i Akademiet for yngre forskarar fortel Olsen at ho ønsker å jobbe med forskingsformidling.

– Eg vil vidareføre dei eksisterande, men òg skape nye aktivitetar retta mot skuleelevar. Eg er særleg opptatt av å formidle om klimatilpassing, miljøforureining og berekraftig utvikling til den yngre generasjonen.

– Eg ønsker òg å jobbe for eit meir mangfaldig akademi der yngre forskarar har føreseielege rammer for ei god karriereutvikling. Eg vil bidra til å styrke attraktivitet av forsking i Nord-Norge, seier ho.

Medlemskapet, som har ei varigheit på fire år, vil bli offisielt markert under akademiets haustsamling i Trondheim 19. oktober.

Fakta om Akademiet for yngre forskarar (AYF)

Akademiet for yngre forskarar (AYF) vart stifta i 2015 og er eit uavhengig, tverrfagleg og mangfaldig nettverk for samarbeid og erfaringsutveksling blant yngre forskarar.

AYF fremjar verdiane av kunnskap og fri forsking i samfunnet og er ein pådrivar for nyskapande forskingsformidling. AYF består av om lag 40 yngre forskarar som arbeider i Noreg. Medlemskap blir oppnådd gjennom søknad etterfulgt av intervju og varar i fire år.

Akademiet er ope for forskarar frå alle fagområde i heile Noreg.

Kjelde: Om oss - Akademiet for yngre forskere

Contact person