This page is not available in English

Studiebarometeret: Sei kva du meiner

Studenter i forelesning, med smilende kvinne nærmest kamera
Studiebarometeret: Sei kva du meiner
Årets viktigaste undersøking blir gjennomført frå 22. oktober til 12. november. Bli med og gjer ditt studieprogram betre.

Studiebarometeret er årets viktigaste studentundersøking. Årets undersøking blir gjennomført i perioden 22. oktober til 12. november 2024 blant om lag 1 800 studieprogram og nesten 74 000 studentar. Det er NOKUT som gjennomfører undersøkinga.

Dette er ei spørjeundersøking som går direkte til 2. års bachelorstudentar og 2. og 5. års masterstudentar.

– Undersøkinga handlar om kvaliteten i studieprogramma, og det er viktig med høg svarprosent, seier seniorrådgivar Anne-Lovise Reiche i utdanningsavdelinga ved Nord universitet.

– I fjor hadde Nord universitet ein svarprosent på 56 prosent. Det er det beste vi nokon gong har hatt, og vi satsar på endå betre resultat i år. Då treng vi hjelp frå dykk studentane, og vi premierer høg svarprosent, seier ho.

Premiar til studentar og klassar

  • Den klassa som får høgast svarprosent på den enkelte studiested får påspandert pizza.
  • Vi trekker sponsorpremiar til enkeltstudentar på studieprogram med høg svarprosent. I år har vi blant anna gavekort frå Rema 1000, Kiwi, bowling, Pizzabakeren, 7. himmel, OX Steak House, Pust, Oscars, Egon og mange fleire.

– I tillegg trekk NOKUT gåvekort på kr 5000,- blant alle studentar i landet som deltek i undersøkinga, fortel Reiche.

Thomas Hanstad, som er bachelorstudent i idrett i Bodø, var ein av vinnarane i 2023. Da fekk han eit Parkenpass til ein verdi av 2500,-

– Eg synest det var utruleg triveleg å kunne få vere med på Parkenfestivalen, og eg koste meg veldig. Det var verkeleg ei oppleving å få sjå alle artistane opptre live, seier han.

Det var ikkje mye som måtte til. Det tok meg bare nokre minutt å gjennomføre undersøkinga, og det var absolutt verdt det med tanke på premien, og at de fekk den dataen dykk trong.

Thomas Hanstad, Nord-student
Mann i blå t-skjorte og caps som sitter foran pc
Vann festivalpass: Thomas Hanstad studerer idrett ved Nord universitet. I 2022 vann han hovudpremien etter å ha delteke i Studiebarometeret. Foto: privat.

Difor er det viktig med mange svar

Ein høg svarprosent er ifølgje Reiche viktig, fordi det er først da vi veit kva du som student meiner om studieprogrammet ditt, både kva du er nøgd med og ikkje.

Universitetet brukar informasjonen frå Studiebarometeret til å sjå på studieprogram som får gode tilbakemeldingar, og prøver å lære av det. Dei studieprogramma som skårar dårleg blir følgde opp og forbetra.

Difor er Studiebarometeret viktig å gjennomføre for deg som student, og for universitetet for kvalitetsutvikling.

Så bli med og gjer ditt studieprogram betre.

Om Studiebarometeret

Studiebarometeret er ei nasjonal spørjeundersøking som blir sendt ut til over 70 000 studentar kvar haust. Undersøkinga spør om studentane sine oppfatningar om kvaliteten i studieprogram ved norske høgskular og universitet. Formålet med Studiebarometeret er å styrkje arbeidet med kvalitetsutvikling i høgare utdanning og gi nyttig informasjon om studiekvalitet. På Studiebarometeret.no kan du enkelt

  • finne studentane sine vurderingar av ulike studieprogram
  • samanlikne resultat mellom ulike studieprogram
  • sjå utviklinga over tid for eit studieprogram

Portalen er nyttig for studiesøkjarar, studentar, tilsette ved høgskule eller universitet, og andre med interesse for høgare utdanning. Oppdaterte resultat blir publiserte i portalen i februar kvart år. Studiebarometeret er initiert av Kunnskapsdepartementet og utført av NOKUT.